Zelensky AVSKYR russarar

Kokainklovn og penispianist Volodymyr Zelensky, som sit på ulovleg overtid som president i Ukraina, har i sitt siste utspel ikkje uventa kome med krass kritikk av fienden, Russland. Han har hevda at russarar er «dauve» og at dei berre «snakkar våpena sitt språk». Dette rapporterer RT.

I eit nyleg podcast-intervju med den russisk-amerikanske podcasteren Lex Fridman, som vart publisert sundag 5.januar 2025, erklærte komikaren og hovudpersonen i «Folkets tjener» at han «avskyr» russarar – og han nekta å halde intervjuet på russisk, trass at både han og Fridman snakkar språket flytande.

Som Zelensky sjølv sa:

«Eg snakkar [russisk] perfekt […]. Men eg kjem ikkje til å gjere det fordi dette er slik det er. Folka som går til åtak på oss snakkar russisk… Det er difor eg ærleg tala avskyr desse folka, sidan dei er dauve.»

Vidare skriv RT (mi omsetjing):

«Zelensky argumenterte at han hadde adressert russarar på sitt eige språk under dei tidlege dagane av konflikten i 2022, men hevda at dei ‘høyrde ikkje etter’ og ‘snakkar våpena sitt språk’. Han la til at delar av Russlands rettferdiggjering for sine militære handlingar – forsvaret av russisk-talande menneske – var ein annan grunn til at han nektar å bruke språket.

‘Okkupasjonen byrja visstnok for å forsvare det russiske språket, og det er grunnen til at eg, med all respekt, gjerne vil gje eit intervju på ukrainsk,’ sa Zelensky.

Trass at han hadde bestemt nekta, gjekk Zelensky gjentekne gonger over til russisk under intervjuet for å klargjere tankane sine eller levere banneord. Fridman innrømte seinare at ‘den mest dynamiske og kraftige samtalen mellom oss’ fann stad på russisk.

Språkvalet til den ukrainske presidenten var eit nøkkelpunkt i podcasten, der Fridman fyrst føreslo at intervjuet ville vere ‘mest effektivt og påverknadskraftig’ dersom det vart halde på russisk, det einaste språket begge menn snakkar flytande. Derimot avviste Zelensky ideen, og knytte avgjerda si til Russlands militære handlingar og hans personlege misnøye med leiarskapen og folket der.»

Elles i podcasten kom Zelensky med knivskarp kritikk av russarar, og slo fast at han hadde ingen respekt for president Putin eller folket som støttar han. Med hans eigne ord:

«Eg respekterer verken leiaren eller regissøren i dagens Russland, ei heller folket.»

RT skriv vidare:

«Fleirtalet av ukrainske borgarar kan snakke eller i det minste forstå russisk. Derimot, sidan det USA-støtta 2015-kuppet i Kiev, har dei nye styresmaktene avskaffa russisk som eit offisielt regionalt språk og innført politikk som har som mål å undertrykkje det. I 2019 vedtok det ukrainske parlamentet ei ny lov som krev at berre ukrainsk skal bli brukt i nesten alle aspekt av det offentlege livet, inkludert utdanning, underhaldning, politikk, forretningar og service-industrien.

Moskva har gjentekne gonger fordømt Kiev sitt åtak på russisk kultur og språk, og kalla det diskriminering; dei insisterer at ‘påtvinga ukrainisering’ er i strid med internasjonal lov og bryt rettane til innfødde russisktalande, som utgjer rundt ein fjerdedel av befolkninga.»

Det høyrer med til historia at ukrainske lovgjevarar sidan invasjonen i februar 2022 har innført det som i praksis er eit forbod mot bruk av det russiske språket i alle sfærar av samfunnet, inkludert innan musikk, kultur og litteratur. Til og med å studere russisk på skular og universitet har òg blitt forbode. Haldninga til ukrainske styresmakter er ikkje berre grovt diskriminerande overfor russisktalande, men òg ei total fornekting av den språklege situasjonen i landet slik den er i dag og har vore historisk.

Sjå òg «Ukrainsk parlamentsmedlem vil STRAFFE barn for å snakke russisk», publisert 5.oktober 2024.  

Kommenter innlegget