I våre tider med særnorsk, skyhøgt sjukefråvær på grunn av ei altfor raus sjukelønnsordning, og samstundes nedlegging av helsetilbod i distrikta, illustrerer denne artikkelen frå RT ei meir humoristisk side ved stoda rundt helsetenestetilbodet i utlandet. Ein ordførar i ein småby i Italia har kome med eit dekret der han symbolsk forbyr lokalbefolkninga å bli sjuke. Dette skal vere gjort for å trekkje merksemd til den alvorlege mangelen på helsetenester i småbyen.
Ordførar Torchia i småbyen Belcastro kom med den uvanlege beskjeden på lokal-TV, og kalla det ein «ironisk provokasjon» ifølgje avisa Il Fatto Quotidiano. Dekretet er ikkje meint å takast på alvor, heller for å illustrere den dystre situasjonen som dei 1300 innbyggjarane står overfor.
Nyheitsbyrået ANSA skriv at initiativet kjem frå det faktum at naudtenestene i småbyen er mellombelse og basert på tilgjengelegheita til helsepersonell. Den næraste faste naudtenesta er lokalisert i regionhovudstaden i Calabria, Catanzaro, 45 kilometer unna.
Med tanke på korleis stoda er i distrikta i Noreg, er 45 kilometer nærast for nabolaget å rekne. Ein 88 år gammal mann frå Fauske venta i tre døgn med å ringje 113 då han fekk hjarteinfarkt. Han ønskte ikkje å bli sendt til behandling i Tromsø – det sokalla PCI-senteret i Bodø er berre ope på dagtid medan berre Tromsø har døgntilbod. Det er 480 kilometer frå Fauske til Tromsø, og 53 kilometer frå Fauske til Bodø.
Medan sokalla forgubbing er vanleg på landsbygda i Noreg, er stoda den same òg i Belcastro: eldre utgjer halvparten av befolkninga, ifølgje ANSA. RT skriv:
«Av denne grunn har ordføraren ‘beordra’ innbyggjarane om ‘å unngå å få nokon som helst sjukdom som krev medisinsk intervensjon, spesielt naudtenester, og kvile so mykje som mogleg’.
‘Det vil vere umogleg å garantere adekvat helseomsorg,’ sa Torchia under erklæringa.
Ordføraren påstod at han retta merksemd mot problemet med helsestyresmaktene i provinsen i fjor, men har ikkje fått svar. ‘Dersom det ikkje kjem nokon nyheiter snart’, sa han at han kom til å gå til det offentlege påtalekontoret og levere ein klage.
Dette symbolske dekretet kjem midt oppi ei vidare helsekrise i Calabria, der 18 sjukehus har stengt sidan 2009.
Regionen Calabria, som ligg på tuppen av Italias støvel, er eit av dei tynnast folkesette og fattigaste områda i landet. Mediereportasjar har hevda at helsesystemet der har blitt underminert av politisk feilhandtering og mafiainvolvering. Regionen vart plassert under spesialadministrasjon av sentralregjeringa for nesten 15 år sidan.»
I Distrikts-Noreg har ordførarane enno til gode å utstade eit «forbod» mot sjukdom. Det er derimot ikkje sikkert at folk vil få adekvate og forsvarlege helsetenester ved akutt eller kronisk sjukdom – både på grunn av store avstandar, uvørden nedlegging av helsetenestetilbod, og ikkje minst ein enorm, politisk skapt mangel på helsepersonell.
