I min førre artikkel skreiv eg om fenomenet som på engelsk blir kalla synchronicity – på «godt» norsk synkronisitet – at det skjer ei rekkje lykketreff som vanskeleg kan skuldast reine tilfeldigheiter, og der desse lykketreffa ser ut til vere ein del av ei større, positiv endring i livet. Alt «klikkar på plass», kan ein òg seie. Nokon høgt der oppe vil at nokon skal lykkast fordi dei har det rette tankesettet. Dersom ein vil noko hardt nok, sørgjer det sokalla universet for at det skjer. Ettersom dette er stikk i strid med kjende fysiske lover, kan dette vere ein indikasjon på at vi lever i ei datasimulering, og at vi difor med rein tankekraft kan påverke utfallet av hendingar vi i utgangspunktet ikkje kan kontrollere.
I psykiatrien blir slikt kalla «magisk tenking» og personar som viser slike tankesett blir klassifisert som psykisk sjuke. Eg vil med dette raskt påpeike at eg ser på sjølve feltet psykiatri/psykologi som ein pseudovitskap. Sokalla psykiatriske diagnosar som står i diagnosemanualane (ICD og DSM) blir avgjort ved handsopprekning rundt på å ymse treff – og det skulle ikkje forundre meg om det òg skjer ofringar til ymse Babylon-avgudar òg.
Eg skreiv i førre artikkel om to «synkronisitetar» som fekk meg inn på det eg no trur er riktig bane i livet. Eg kom meg akkurat opp til Sunnfjord før dårleg vintervêr stengde alle moglege tilkomstvegar til regionen – og dette er viktig for meg sidan eg då fekk sjeldan sinnsro til å reflektere over livet mitt, som i slutten av 2023 mildt sagt var mørkt. Det at eg var i Sunnfjord, gjorde at eg tilfeldigvis møtte ein gammal klassekamerat på apoteket, som regelrett åtvara meg mot å søkje uføretrygd. Hadde eg ikkje reist på akkurat det tidspunktet eg gjorde, hadde eg ikkje kome meg opp der og møtt han. Denne «kjenningen av politiet» redda meg truleg frå ein lagnad verre enn døden.
Den tredje synkronisiteten danna grunnlaget for min noverande karriere – som eg har valt å halde hemmeleg. Alt eg vil seie er at eg får bruke alle mine evner innan helse, administrasjon, språk, musikk og mellommenneskelege ferdigheiter.
Ei rekkje lykketreff måtte til for at eg skulle ende opp akkurat der eg jobbar no, med 100% fast stilling og med ei viktig nøkkelrolle i personalgruppa. Eg skal ta føre meg dei i tur og orden.
Nummer 1. Rett rådgjevar til rett tid.
Eg erfarte gjennom ei rekkje jobbintervju og jobbsøknader hausten 2023 at eg var uønskt i helsesektoren. Den moglege grunnen til dette har eg skrive om tidlegare. Ettersom eg ikkje sjølv kunne skaffe meg arbeid og inntekt, måtte eg be om hjelp frå NAV. Det fekk eg etter langt om lenge, og byrja i januar 2024 i arbeidsretta tiltak. Der møtte eg ein rådgjevar med lang erfaring innan konflikthandtering, og som tilfeldigvis hadde jobba med fleire helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som i likskap med meg hadde «hatt uflaks» hjå ymse arbeidsgjevarar. Det at ingen av mine referansar eigentleg kunne brukast, var for han og hans kollegaer ei hard nøtt å knekkje. Han såg på meg som ein «vanskeleg case», men ikkje umogleg. Han hadde jo fått valdsdømte tidlegare innsette i arbeid, sa han sjølv.
Det var heilt tilfeldig at eg fekk akkurat han som rådgjevar. Den 70-årige mannen hadde eigentleg gått av med pensjon, men blitt overtala til å jobbe eit halvår til før han gav seg for godt. So fekk han tilfeldigvis ein telefon frå NAV om «ein utbrent, 40-årig helsefagarbeidar som ønskte å omskolere seg». Han hadde akkurat den ekspertisen og dei kontaktane som kunne skaffe nettopp meg arbeid. Ein annan rådgjevar ville truleg berre ha avskrive meg, slik dei gjorde med klassekameraten min. Eg gjekk på jobbsøkjarkurs ein gong i veka, til samtale hjå han ein gong i veka, og tok fleire kurs, både med fysisk oppmøte og via Internett.
Med dette profesjonelle hjelpeapparatet i ryggen byrja eg å søkje jobbar på meir uortodokse måtar. Eg oppsøkte ymse føretak og spurde etter jobb, slik folk gjorde i gamle dagar før Finn.no eksisterte. Sjølv om eg var til intervju hjå enkelte av dei, avviste dei meg då dei såg at eg hadde eit hòl i CV-en på nokre månader. Eg fekk avslag på jobbar då eg sa eg hadde blitt oppsagt, men fekk òg avslag då eg ikkje ville fortelje kvifor det var eit hòl i CV-en. Eg vart avvist då eg fortalde kvifor eg hadde blitt oppsagt, men fekk òg avslag då eg sa at eg ikkje ville snakke om det.
Det skal her seiast at der finst mange rare arbeidsgjevarar der ute. Hjå ein potensiell arbeidsgjevar (eit stort vikarbyrå) verka alt lovande, og dei inviterte meg på eit HLR-kurs og påfølgjande jobbintervju. Recruiting Manager (RM) lovde meg ei 80%-stilling som vikar hjå dei. Kurset og intervjuet fann stad ein fredag. Måndag ettermiddag fekk eg eit uventa avslag. Eg ringde og kravde ei forklaring, slik rådgjevaren min hadde sagt at eg burde gjere. RM svarte surt at dei ikkje hadde forklaringsplikt. Til slutt antyda han at HLR-kurset hadde vist han at eg ikkje var typen dei ville ha i selskapet, fordi dei erfaringsmessig ville få problem med «sånne som meg». Då svarte eg at eg skulle fortelje dette til rådgjevaren min, og so ville han ringje dei og snakke med dei. Vikarbyrået valde å politianmelde meg for trugslar. Saka vart naturlegvis henlagt. Eg fekk fyrst vete at det var ei politisak på meg då eg fekk brev frå Vest politidistrikt om at saka var henlagt. Rådgjevaren min hadde i sine 30 år i «gamet» aldri høyrt på maken. RM var truleg i psykisk ubalanse fordi faren hans låg for døden – dette hadde den 45 år gamle mannen brått sagt under jobbintervjuet fredagen, og då eg spurde han måndag korleis det gjekk med faren, hadde han svart surt at dette ikkje var relevant. Eg og rådgjevaren min vart einige om å leggje saka daud. På grunn av den uvanlege naturen til denne saka, kjem eg til å fortelje om den i ein eigen artikkel.
Eg var aktiv jobbsøkjar og søkte etter jobbar frå 8:00 til 15:30 kvar dag frå måndag til fredag. Ein slik iver ville eg aldri ha hatt om eg hadde måtte gjere alt sjølv.
Nummer 2. Beredskap.
«Pandemien» hadde lært meg at ein ikkje kunne ta noko for gjeve, heller ikkje ein jobb ein hadde hatt i 15 år. Eg hadde tidleg lært meg nytta å spare pengar og ikkje sløse, og hadde difor rikeleg med oppsparte midlar. Dette kom til god nytte i den perioden eg måtte tære på sparekontoen, og var medverkande årsak til at eg aldri var i reell fare for å misse leilegheita på grunn av misleghald av bustadlånet. Eg kunne leve slik som eg gjorde då eg var i full jobb. Skrekkhistorier om folk som måtte leve på sosialhjelp var kanskje den største motivatoren min i denne mørke, usikre tida. Det var akkurat som om noko fekk meg til å byrje å spare pengar fleire år før desse katastrofane råka meg, kanskje for å førebu meg på jobbrelaterte utfordringar i ei framtid som den gongen for meg framstod som ganske fjern.
Nummer 3. Draumar.
Ein raud tråd gjennom heile min arbeidslause periode var draumane mine om at eg igjen var i lønt arbeid. Alt var som det skulle vere, og eg var igjen populær og vel omtykt, slik eg hadde vore før «pandemien». Det vanskelegaste av alt var å ikkje fortape seg i denne draumeverda, som danna ein skarp kontrast til mitt verkelege liv med arbeidsløyse og avvisande/fiendtlege arbeidsgjevarar. Noko i meg ville at draumane skulle bli til røyndom, og det verka som om nokon høgt der oppe til slutt valde å føye seg etter viljen min. I skrivande stund har draumane mine kort fortalt blitt til røyndom.
Sjølve prosessen med å finne min noverande jobb starta med at eg heilt tilfeldig kom over ein annonse på Finn.no, der arbeidsadressa låg i gåavstand frå der eg bur. Eg hadde òg budd i gåavstand frå den kommunale sjukeheimen mesteparten av tida eg budde der, so berre adressa åleine gjorde at eg søkte på stillinga. Kort tid etter fekk eg e-post med beskjed om at dei ville ha meg på intervju i administrasjonen, som låg i området rundt Danmarksplass sør for Bergen sentrum. Adressa var tilfeldigvis i den fyrste gata eg budde i som student i byen på tidleg 2000-tal. Berre det åleine tok eg som eit særs godt teikn.
Frå her byrja vi verkeleg å snakke om synkronisitetar. Eg møtte opp på jobbintervjuet nydusja og med ein ny genser. Min potensielle sjef kom frå same bygd i Nord-Noreg som mi avdøde bestemor, som eg hadde eit svært godt forhold til. I tillegg hadde ho same farge på genseren sin som eg hadde. Den tillitsvalde som var til stade på møtet, såg ut til å kjenne meg igjen – men eg hugsa ikkje ho. Kanskje hadde vi møttest på eit kurs då eg jobba i kommunen. Ho sat i bakgrunnen og gjorde non-verbale teikn til meg når eg snakka, og det var som om eg visste kva ho ville eg skulle seie. Alt tyda på at den tillitsvalde var særs ivrig etter å få meg til å vise meg frå mi beste side. Stemninga i rommet var ei heilt anna enn på andre jobbintervju, dei verka stadig meir opprømte alle saman.
Eg visste ingenting om selskapet eg hadde søkt jobb i. Eg hadde aldri hatt den typen jobb før. Eg hadde faktisk aldri høyrt gjete denne typen arbeid før. Eg gjorde vel alle feil som kunne gjerast under eit jobbintervju – og eg kalla til og med leiaren feil namn då eg handhelste på ho etter intervjuet.
Ikkje på noko tidspunkt spurde nokon av dei etter referansar – og dei var den einaste arbeidsgjevaren som ikkje spurde etter referansar. Ei heller såg dei på det vesle hòlet i CV-en og lurte på kvifor eg hadde vore utan jobb i fleire månader. Det var akkurat som om det ikkje var relevant, dei visste på ein eller annan måte at dei hadde funne riktig kandidat.
Ein time etter at eg hadde forlate bygningen, fekk eg telefon frå leiaren. Ho gav meg tilbod om jobb, for ho såg ingen grunn til å nøle. Eg såg heller ingen grunn til å nøle, og takka ja på sekundet.
Etter denne hendinga har det akkurat vore som om noko har styrt meg på riktig veg. Nokon høgt der oppe ville tydelegvis at eg skulle byrje i min noverande jobb, og for alltid forlate ein sektor som frå dag éin behandla meg dårleg. Denne positive retninga i livet mitt byrja like etter at eg skifta tankesett. Eg ville for alt i verda kome ut i arbeidslivet igjen, og viljen min fekk universet – eller datasimuleringa – til å oppfylle ønsket mitt.
Det høyrer med til historia at leiaren som tilsette meg like etter slutta i jobben sin. Ho var på rett stad til rett tid. Ein parallell kan her trekkjast til den mannlege leiaren på den private sjukeheimen, som òg var der akkurat lenge nok til å tilsetje meg. Den fundamentale skilnaden er sjølvsagt at eg enno ikkje har blitt oppsagt på grunn av vondsinna konspirasjonar i personalgruppa.
Dei fleste ville seie at eg hadde griseflaks. Eg trur det var noko meir enn berre flaks som låg bak. Alt klaffa perfekt for meg akkurat då eg trong det mest, og tilfeldigvis då eg sjølv endra tankesett.
