Lèt dei Los Angeles brenne ned med vilje slik at dei kan byggje ein smartby?

Dei fleste har fått med seg at «Englanes by» i California står i lys loge for tida. Det har blitt starta skogbrannar som det lokale brannvesenet ikkje ser ut til å få has på, og anklagande fingrar blir peikt på mellom anna den politiske leiinga i byen. Ifølgje S.D. Wells i Natural News er denne brannen starta med vilje, og i denne artikkelen kjem han med ei urovekkjande grunn:

Djupstaten har tenkt å gjere Los Angeles om til ein smartby.

2028 er visstnok året der ein smartby skal vere oppe og gå i ein av dei største byane i USA. Og kva betre måte er det å bli kvitt den gamle byen enn å lage ein bybrann? Det er ikkje den fyrste byen som har blitt offer for brannar. Det same har skjedd med Roma, London og Bergen, berre for å nemne nokon. Etter kvar bybrann har det blitt oppretta ein ny arkitektur nøyaktig slik herskarane ønskte. Ein brenn det ein ønskjer å utslette, og nokon ønskjer tydelegvis å utslette Los Angeles slik at dei kan «build back better».

Oppskrifta ifølgje Wells er denne (mi omsetjing og parafrasering):

Gjer alle brannforsikringar ugyldige, fjern tilgang til alt vatn, og set so fyr på byen.

Han skriv vidare:

«Planen er å gjere heile Englanes by om til ein digitalisert smartby der Big Brother har full kontroll på alle sine liv og kan stengje ned alt med eitt tastetrykk, inkludert el-nettet, matforsyninga, tilgang til pengar, internett, elektriske køyretøy, alt.»

Trudeau gjorde noko liknande då han gav ordre om å stengje bankkontoane til lastebilsjåførane som arrangerte «pandemi»-protestar over heile Canada. Dette var eit historisk unntak som truleg er årsaka til at han no, to-tre år seinare, skal gå av. I ein smartby vil slik stenging av kontoar på grunn av «feil oppførsel» vere hovudregelen.

Det er vel inga tilfeldigheit at frasen build back better har like mange stavingar som New World Order. For å byggje tilbake betre, må det gamle vike.

Med Wells sine ord:

«Alt ein trong for å byrje bygginga av den nye ‘smartbyen’, var den største brannen i historia til Los Angeles. Det er gjort. Korleis kunne ein elles få alt gjort på tre korte år? Kven bryr seg om tusenvis av menneske døyr, fordi avfolking er jo del av den store planen likevel.»

Det høyrer her med til historia at ordføraren i L.A. tilfeldigvis var i Afrika då byen hennar stod i brann.

Wells skriv vidare:

«Det ser òg ut til at tusenvis av bilar, som har brunne ned til grunnen, kan ha blitt tent på og eksplodert ved å bruke litiumbatteria deira som detonator, sidan energivåpen visstnok skal ha blitt brukt, sidan tre og gjenvinningsdunkar i området er i perfekt tilstand. Kan nokon forklare dette? Folk kallar dette allereie Maui 2.0, sidan heile greia har definitive teikn på ei liknande planlagt nedbrenning.»

Sjå òg «Kva skjer eigentleg på Hawaii for tida? Kilometervis med svarte gjerde rundt nedbrende Lahaina, og 2400 sakna barn», publisert 1.september 2023.

Kva gjer so brannvesenet når dei rykkjer ut for å sløkkje ein brann? Dei koplar brannslangane på det lokale vassnettet, i byar som regel via brannhydrantar. Det var berre eitt problem i Los Angeles: vassreservoaret Pacific Palisades var tomt. Det var difor ikkje ein drope vatn å oppdrive. Reservoaret har vore «fråkopla» i over eit år. Vass- og kraftdepartementet i byen påstår at reservoaret har ein liten «sprekk» i seg, og at det var grunnen til at ikkje reservoaret vart brukt til å sløkkje den største brannen i byhistoria.

Wells kjem med ei rekkje andre teoriar som er ein tanke meir søkte. Til dømes at smartmålarar skal ha starta brannar i private heimar, tilfeldigvis på same tid som Antifa-medlemmer gjekk rundt og starta brannar i nabolaget. I tillegg blir det nemnt frøsåingsprogram som byen bruker for å gje Los Angeles regn. Dette prosjektet vart avslutta i fjor sommar – ingen veit kvifor.

Det kan sjå ut som bybrannen oppstod på verst tenkjeleg tidspunkt. Det var ikkje berre det at alle brannhydrantane var steintørre (brannvesenet måtte til slutt låne hageslangar frå privatpersonar). I tillegg stengde køyretøy alle utfartsvegar, som om nokon hadde gjeve ordre om å halde folk innesperra i flammehavet.

For å leggje endå ein stein til børa, hadde brannvesenet donert mesteparten av det essensielle utstyret sitt til stadfortredarkrigen i Ukraina.

Og, prikken over i-en: Fleire hundre brannforsikringspolisar i nabolaget Palisades vart ikkje fornya berre tre månader før brannen byrja. Wells samanliknar det med å ta ut ei forsikring på ein milliard dollar på World Trade Center eit par månader før begge bygningane vart øydelagde i ei hending som har blitt skulda på eit par fly fulle i drivstoff. Det at brannforsikringane ikkje vart fornya i eit område med høgrisiko for skogbrannar, luktar lang veg. Det verka som om Palisades hadde blitt valt ut for ein naturkatastrofe det ikkje er noko som helst naturleg med.

Djupstaten hadde valt seg ut Los Angeles for å kunne byggje frå grunnen av ein by som passar deira eigne forskrudde, totalitære visjonar.

Kommenter innlegget