Lekne NASA-dokument: Menneskeheita skal utryddast og erstattast med robotar og KI

Ifølgje Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice, har eliten i fleire tiår førebudd seg på ei masseutryddingshending som skal finne stad i 2025. Dei har ikkje berre tenkt å utrydde menneskeheita, som dei foraktar og ser på som ein pest og ein plage for jorda, men dei har òg tenkt å erstatte mesteparten av oss med cyborgar, bot-ar og kunstig intelligens (KI).

Målet er å kople menneskeheita til ein matrise, laste opp medvitet til ei digital sky og rett og slett lage ei datasimulering som eliten kontrollerer og manipulerer.

Høyrest dette kjent ut? Det er det som er plottet i filmen The Matrix («Matrisen») frå 1999. Filmen var ifølgje Dmitry ikkje berre ein film – det var føreseiande programmering. Og ifølgje NASA-dokument er dette i ferd med å bli vår nye røyndom.

Dmitry skriv (mi omsetjing):

«Eliten bestemte seg for fleire år sidan å lyge til oss om sluttresultatet til genredigerande nanoteknologi og samanveksten av den digitale verda med menneskekroppen.

Bioteknologi er bokstavleg tala vitskapen om å gjere teknologi om til nye livsformer og gjere naturlege livsformer om til ny teknologi.

Medan transhumanisme ofte blir skildra som samanveksten av menneske med maskin, er det i realiteten utryddinga av menneskearten og alle biologiske livsformer.

I ein leken presentasjon frå NASA med tittelen «Future Strategic Issues/Future Warfare (Circa 2025», presenterer NASA ein plan for utryddinga av menneskeheita som inkluderer framkomsten av cyborgar og ‘virtuelle menneske’.»

Planen ser ut til å vere at menneske skal bli i mindretal på jorda og leve i ei datasimulering, medan bot-ar og cyborgar gjer mesteparten av arbeidet for den eliteklassen av menneske som får lov til å overleve masseutryddingshendinga. Filmen The Matrix, som var uhyre populær i si tid, kan ha vore eit forsøk frå eliten til å få menneskeheita til å akseptere lagnaden sin.

Dmitry kallar prosjektet ein krig mot menneskeheita, og dette biletet viser kva slags organisasjonar og organ som er involvert i prosjektet. Ein finn dei «vanlege mistenkte» CIA og FBI, i tillegg til det amerikanske luftforsvaret og andre militærdepartement. Interessant nok er det australske forsvarsdepartementet med der òg. Dette er ikkje overraskande, sidan Australia saman med Storbritannia og Canada er med i «Five Eyes», etterretningsbyrå frå engelskspråklege, tidlegare kolonimakter til den britiske krona, som i praksis opererer som eitt internasjonalt etterretningsbyrå.

Eliten ser på menneskeheita som ein slags «pestilens» som berre er i vegen, og som bruker ressursar som eliten helst vil ha for seg sjølv. Spesielt land og eigedom er noko dei ønskjer å grafse til seg mest mogleg av. Michael Delavante skriv at 26 menneske eig ein femtedel av jordas landareal, og at 85% av menneskeheita ikkje eig noko jord i det heile. Slik har det vore iallfall dei siste 8000 åra. Grunnen til dette er at eliten stort sett er dei same mektige familiane då som no. Og dei har absolutt inga interesse av at verdsordenen skal endre seg til nytte for folket. Når dei snakkar på innpust og utpust om ein «ny verdsorden», er det ein verdsorden der dei sjølve får endå meir makt enn dei allereie har.

Om eliten får viljen sin, blir vi alle – om vi er so heldige at vi ikkje blir tekne livet av som om vi var skadedyr – fanga i ei datasimulering som er so ekte og eggande at få av oss ønskjer å forlate den. Det blir ein slags digital Edens hage, der den forbodne frukta blir sanninga om kor vi er og kvifor vi er der.

2025 skal visstnok bli året der dette skjer. Dei av oss som ikkje ønskjer ei slik framtid, må gjere det einaste rette og opponere. Når dei seier «hopp», må vi be dei dra til helvete, som dei tydelegvis kjem frå og høyrer heime i.

Kommenter innlegget