I den noverande offentlege debatten kan ein trygt slå fast at den eine sida er mindre reieleg enn den andre. Det blir brukt hersketeknikkar over ein låg sko for å «vinne» debattar, og dersom motparten har uslåelege argument, blir vedkomande stengt ute frå debatten. I det høvet har Kjetil Tveit laga det han kallar «Samtaleplakaten – For dialog, robusthet, fri og kritisk tenkning».
Denne plakaten består av 12 punkt, som Saksyndig her gjengjev i nynorsk språkdrakt. Dei som vil lese bokmål, kan gå til Tveit sin originale versjon.
- Nøytralitet og saklegheit. Skil alltid mellom sak og person. Kritiser idear, ikkje individet eller kva gruppe det høyrer til. Unngå demonisering av meiningsmotstandarar gjennom infantile omgrep som «fornektar», «ekstremist» eller «konspiratør» samstundes med fråvær av gyldige argument.
- Nyansar og kompleksitet. Anerkjenn nyansar i komplekse tema. Unngå forenkla narrativ som set grupper opp mot kvarandre som «undertrykkjarar» og «undertrykte». Ver open for at fleire perspektiv kan bidra til ei breiare forståing av saka.
- Unngå kollektivistisk og tribalistisk gruppering. Ver medviten på farane ved kollektivistisk gruppetenking. Ikkje lat konsensus i gruppa overskyggje den kritiske tenkinga til individet. Lat ikkje identitetspolitikk eller gruppetilhøyrsle definere gyldigheita av argument.
- Sjølvrefleksjon og openheit. Ver viljug til å erkjenne feil, òg fundamentale, både som individ og institusjon. Å innrømme svakheiter styrkjer ikkje berre truverda, men om det blir gjort genuint, opnar det for å endre kurs. Unngå å avvise kritikk som fiendtlegheit. Sjølv meiningsmotstandarar kan ha gyldige poeng.
- Fri flyt av informasjon. Beskytt ytringsfridommen. Dei som sensurerer og kansellerer har som hovudregel logiske brestar i tankerekkja si og beskyttar difor relativistiske sanningar, sitt ego eller korrupsjon. Gje rom for alternative stemmer og plattformer, so lenge desse ikkje fremjar trugslar om vald. At noko er «hat» er ugyldig grunn, fordi «hat» alltid blir definert av meiningsmotstandaren til nokon og er difor ein hersketeknikk som vil sabotere konstruktiv dialog.
- Unngå guilt by association. Avvis ikkje argument basert på kven dei som fremjar dei kan assosierast med, men vurder innhaldet sakleg. Ikkje kople meiningsmotstandarar til ekstreme grupper for å diskreditere dei.
- Tillit og kjeldekritikk. Vis kjeldekritikk, òg overfor «ekspertar», mediehus og styresmakter. Truverd skal byggjast på konsistens og transparens, ikkje blind autoritet. Unngå å formidle informasjon ukritisk, bekreft påstandar før publisering eller bruk i debatt.
- Respekt for debatt og dialog. Inviter til open dialog og sørg for at alle partar får kome til orde utan frykt for å bli tildelt «feil» identitet, latterleggjering eller å bli kansellert. Respekter at usemje er ein naturleg del av sunn diskurs, og søk felles forståing i staden for å vinne debatten på uærleg vis med «finter». Lær av din motdebattant og den nye informasjonen, viss den viste seg å vere riktig, endre kurs, og gå vidare. I prinsippet blir du klokare kvar gong du taper ein diskusjon, viss diskusjonen har skjedd på reieleg vis, for då har du lært noko nytt. Like viktig er det å ikkje fire om det er du sjølv som har dei beste adekvate argumenta.
- Unngå strategisk krenking. Ikkje bruk strategisk krenking, på vegner av deg sjølv eller andre, som ein hersketeknikk. Ofte blir du sjølv langt meir krenkt enn den du lèt deg «sympatisør-krenkjast» for. Å bli «krenkt» for å avspore eller delegitimere ein diskusjon, svekkjer tilliten til diskursen og til deg som vil framstå som vaksen. Forvent robustheit frå begge sider i debatt, og hugs at usemje ikkje er det same som krenking.
- Unngå emosjonell manipulasjon. Unngå emosjonelle narrativ som kan overstyre fakta. Presenter data og argument.
- Bruk av «anti-hat» som hersketeknikk. Ver merksam på at «anti-hat»-retorikk kan brukast som eit verktøy for å kneble legitim kritikk og usemje. Forsøk på å definere argumenta til meiningsmotstandarar som «hat» utan klare kriterium bør avvisast. «Eg likar ikkje retorikken din» er siste utveg for pyser som ikkje vil innrømme at dei har tapt.
- Forankring i objektivitet og sanning. Prioriter objektiv sanning framfor subjektivitet og narrativet til gruppa. Unngå å opphøge moralen i gruppa som feilfri. Ingen ideologi eller ståstad er immune mot kritikk.
