Sjå òg «Lekne NASA-dokument: Menneskeheita skal utryddast og erstattast med robotar og KI», publisert 16.januar 2025.
Den globale eliten antydar at ei minkande befolkning på Jorda kan få fortgang i KI og robot-tilpassing, og at dei sjølve kan dra økonomiske fordelar av å erstatte menneskeleg arbeidskraft med maskiner. Dette er spesielt tilfellet for i-land. Den største fordelen med maskiner er at dei aldri klagar, blir sjuke eller ønskjer høgare lønn. Dette er berre éi av årsakene til at eliten vil fjerne mennesket frå arbeidsplassen – vi er for menneskelege til å vere der, kan det sjå ut som.
Denne automatiseringa kan føre til stor global ulikskap. I ein sokalla automatisert økonomi kan land med sterk infrastruktur og utdanningssystem trivast, medan andre land – for å ta ei kraftig underdriving – ikkje kjem til å trivast fullt so mykje.
Ei slik automatisering vil bli ein katastrofe for arbeidslivet og endre det til det ugjenkjennelege. Ingen jobbar er i prinsippet trygge, og dette kan på sikt føre til utbreidd arbeidsløyse og sosial uro. Automatisering kjem til å for alltid forvandle arbeidsstyrken, der det er om å gjere å gjere seg sjølv både relevant og uunnverleg for arbeidsgjevar. Det garantert store fleirtalet som ikkje får dette til, vil oppleve seg sjølv marginaliserte i ei avfolka framtid.
Dette får oss til å stille eit prinsipielt spørsmål: Burde det å ta vare på menneskeleg arbeidskraft trumfe teknologiske framsteg? Skal desse framstega tvingast gjennom sjølv om det fører til ei framtid med ulikskap og arbeidsløyse?
Mike Adams tok opp denne problemstillinga i ein nyleg episode av Brighteon Broadcast News. Finn Heartley i Natural News, nettstaden som Adams er grunnleggjar og redaktør av, tek opp nettopp problemstillinga i ein eigen artikkel. Heartley skriv (mi omsetjing):
«I ei sjokkerande avsløring som har skapt utbreidd debatt, driv globale elitar openlyst og diskuterer dei potensielle fordelane ved avfolking som ein utløysar for den raske innføringa av kunstig intelligens (KI) og robotteknologi. Dette kontroversielle perspektivet […] antydar at land med fallande befolkningstal kan ha ein strategisk fordel av å gå over til ein automatisert arbeidsstyrke. Derimot får dei etiske og sosiale implikasjonane til denne overgangen alarmbjøllene til å ringje blant kritikarar, som åtvarar om eit aukande globalt skilje mellom nasjonar som er utstyrte til å omfamne automatisering og dei som ikkje er det.
Samtalen vart oppeldna av kommentarar frå ein BlackRock-leiar, som argumenterte at minkande befolkningar i i-land kan få fortgang i erstattinga av menneskeleg arbeidskraft med maskiner. ‘Land som har minkande demografi vil raskt utvikle robot- og KI-teknologi,’ sa leiaren. ‘Dersom lovnaden til desse teknologiane endrar produktiviteten, som mesteparten av oss trur det kjem til å gjere, kan det heve levestandarden sjølv i minkande befolkningar.’ Dette perspektivet utfordrar det tradisjonelle synet om at befolkningsnedgang er ibuande negativt, og framstiller det i staden som eit høve for økonomisk transformasjon.»
Det var vel strengt teke det «pandemien» gav høve for òg, ifølgje Klaus Schwab si mistenkjeleg raskt skrive og publiserte bok «The Great Reset». Då brukte dei eit påstått allmennfarleg og dødeleg lungevirus – no bruker dei det minkande befolkningstalet som har oppstått på grunn av ein viss «vaksine», og dette er den same gjengen som i årevis har gremja seg over at verda er overbefolka. No slår dei to fluger i éin smekk: Dei løyser overbefolkningsproblemet og får erstatta dei brysame menneskelege arbeidarane med maskiner som er langt billegare i drift.
Heartley skriv vidare:
«Leiaren forklarte vidare at nasjonar med restriktiv innvandringspolitikk og minkande fødselsratar vil finne det lettare å erstatte menneske-arbeidarar med maskiner, og unngår med dette dei sosiale kompleksitetane ved å integrere ein veksande arbeidsstyrke. ‘Paradigmet med negativ befolkningsvekst kjem til å endre seg,’ forsikra han. ‘Dei sosiale problema ved å erstatte menneske med maskiner vil bli langt lettare i land med minkande befolkning’.»
Automatisering er fyrst og fremst gjennomførbart i land med robuste utdanningssystem, god infrastruktur og veletablerte lover og reglar. I land som manglar dette vil framtida sjå langt dystrare ut. Dei har ikkje det utdanningsnivået eller infrastrukturen som krevst. Sett litt på spissen er borgarar i u-land ikkje så gjennom-doktrinerte av ein allestadsverande stat til å blindt adlyde ordrar. Der er folk vande med å klare seg sjølv og tenkje sjølv. Slike menneske vil eliten fjerne – helst i går.
Ein kan berre tenkje seg konsekvensane av å automatisere dei fleste jobbar. Som ein logisk konsekvens vil dei fleste då bli utan arbeid fordi dei enkelt kan erstattast med maskiner eller KI. Kva skal so hordane av arbeidslause drive på med?
Eliten har naturlegvis kome med ei «løysing» på dette problemet, eit problem som dei sjølve iherdig prøver å skape: Mesteparten av menneskeheita må rett og slett døy, for å frigjere ressursar som eliten ønskjer å grafse til seg sjølve. Og dei som er so heldige (?) at dei overlever, vil mest sannsynleg tilbringe livet i mikroleilegheiter i totalovervaka 15-minuttsbyar, der dei fortaper seg i datasimulerte verder, dopa ned på ymse legemiddel som nokon meiner dei treng. Neddopa, underhaldne borgarar gjer ikkje opprør. Dei som tek til motmæle mot dette totalitære styret, vil raskt bli utestengt frå både bankkontoar og mikroleilegheiter, og møte den sikre død.
Ei slik framtid er det galskap å ønskje seg, og alle forsøk frå eliten på å innføre automatisering av arbeidsplassen må møtast med sterk motstand.
