Kunstig intelligens kjem til å skape hittil usett arbeidsløyse – her gjeld det å vere førebudd

Sjå òg «Globalistar omfamnar avfolking og automatisering som eit nytt økonomisk paradigme», publisert 17.januar 2025.

2025 ser ut til å bli året KI endrar arbeidslivet til det ugjenkjennelege, der den forårsakar masseoppseiingar i fleire industriar. I forhold til ekte menneske i kjøt og blod, er KI nærast gratis for kyniske toppsjefar, og den gjengen har i grunnen berre leita etter eit påskot for å fjerne sine undersåttar og på den måten spare enorme pengesummar. Det er fyrst og fremst den menneskelege faktoren som gjer at so grådig mange føretak går i minus i våre dagar.

For lat oss vere ærlege: det er mykje styr med menneske og dei er dyre i drift. Spesielt her i Noreg, der den rause sjukelønnsordninga og den tillitsbaserte eigenmeldingsordninga opnar opp for skamlaus og beint fram uvørden utnytting av systemet. Alt dette slepp arbeidsgjevarar om dei erstattar personalgruppa med KI og robotar. Desse to treng verken sjukelønnsordning eller eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Sjå òg «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.

Ifølgje eit nyleg intervju som Mike Adams hadde med Dan Golka, står følgjande industriar spesielt i faresona: kundeservice, finans, eigedom, hurtigmat og kreative industriar. Desse er høgst sårbare overfor sokalla KI-automatisering, og allereie i dag handterer KI kundebehandling, finansrådgjeving og skaping av innhald. Chatprogrammet til nettbanken din er høgst sannsynleg KI, og det er òg chatprogrammet på NAV – om du er so uheldig at du må bruke NAV. Og alle dei vakre bileta som ein finn overalt er skapt nettopp ved bruk av KI. Teknologien er riktig nok ikkje 100% feilfri enno, for ofte ser ein personar med fleire enn fem fingrar på kvar hand, og teksten i slike bilete har ofte omstokka bokstavar.

Millionar av arbeidarar over heile verda risikerer arbeidsløyse, og avgrensa moglegheiter til å gå over i nye roller. Dette ansvarleggjer individet på ein heilt ny (og skremmande) måte når det gjeld å halde på sin eigen relevans i eit brutalt og nådelaust arbeidsliv. Folk må rett og slett lære seg å tilpasse seg på ein måte tidlegare generasjonar aldri måtte. Dagens arbeidarar må lære seg nye ferdigheiter, eller meistre bruken av KI-verktøy. Berre på denne måten kan dei halde seg relevante og nyttige for arbeidsgjevarar – og framfor alt sleppe arbeidsløyse og bli offer for eit so historisk dysfunksjonelt system som NAV.

KI og automatisering er eit tviegga sverd. På den eine sida tilbyr denne moderne teknologien meir effektive og kostnadssparande måtar å gjere ting på. Ein arbeidsgjevar kan bruke datakraft til å gjere ting som tidlegare kravde ei heil personalgruppe. På den andre sida misser folk jobben og blir kasta ut i ei uviss framtid med armod og mogleg undergang. Ein gylden middelveg vil vere å erkjenne moglegheitene KI tilbyr, og finne ut kva ein sjølv kan bidra med som KI ikkje kan.

Industriar over heile verda førebur seg på ei «seismisk forskyving» i arbeidsstyrken. Kva kan ein sjølv gjere?

Visse jobbar kan KI, robotar og automatisering ikkje erstatte utan at det får alvorlege konsekvensar for kundegruppa. Yrke som krev mellommenneskelege samhandlingar og interaksjonar, har mindre sannsyn for å bli erstatta av KI. Program som Duolingo viser at ein kan lære seg framandspråk utan ein menneske-lærar og utan å snakke særleg med personar som har språket som morsmål – men bør ein? Google Translate er uvurderleg i våre dagar når ein ofte møter folk som snakkar språk ein ikkje kan – men sjølv dette mektige verktøyet klarer ikkje alltid å fange opp nyansar i språket som eit menneske som meistrar språket ville ha gjort.

Enkelte røyster taler for at pleie og omsorg kan automatiserast. Desse røystene såg helst at pasientar og bebuarar rundt om på ymse helseinstitusjonar døydde so fort som mogleg – helst i går – sidan helsesektoren er den største utgiftsposten i landet. Klart, ein kan som eit særs avgrensa prøveprosjekt, prøve å erstatte personalgruppa på ein sjukeheim med robotar og KI. Robotar kan utføre stell av bebuarar, medisinar kan bli utdelt via ei datastyrt maskin, og robotstøvsugarar kan reingjere. Rekneskap og lønn kan KI enkelt utføre (kven no enn som skal få lønn når alle er erstatta av robotar!). Vi kan gjerne prøve ei slik ordning og sjå korleis det går. Mest sannsynleg går det til helvete, og sjukeheimen blir saksøkt av indignerte pårørande. Eg tviler på at demente Olga på 95 som prøver å stikke av frå sjukeheimen tek instruksar frå ei maskin, når ho ikkje tok instruksar frå levande pleiarar.

Arbeidsplassar i framtida vil nok få KI og automatisering i meir eller mindre grad, men menneske vil i visse industriar alltid krevjast. Kanskje vil vi måtte finne nye måtar å gjere oss nyttige og relevante for arbeidsgjevarar. Då er pålitelegheit, lite sjukefråvær og ei grunnleggjande positiv innstilling til jobben, leiing og kollegaer heilt naudsynleg. Ein kynisk arbeidsgjevar som vil spare pengar vil raskt velje seg ut kven i personalgruppa som må gå, og kven som er so heldige (?) at dei får bli verande.

Sjå òg «Alle bør førebu seg på å plutseleg misse jobben», publisert 1.november 2023.

Kommenter innlegget