20.januar 2025 overtok offisielt Trump rolla som USAs president. Hans forgjengar var den verste presidenten i amerikansk historie. Kva var det han gjorde som var so gale? Vel… Kor skal vi byrje. Eg har ei kjensle av at historia ikkje kjem til å døme Biden nådig. Det er eksepsjonelt mykje å ta tak i. S.D. Wells i Natural News har i det minste gjort eit ærleg forsøk. I ein artikkel publisert 19.januar, siste dagen Biden var «president», kjem vedkomande med ti punkt som forklarer kvifor presidentperioden til Biden er den verste i amerikansk historie.
Wells skriv innleiingsvis (mi omsetjing):
«Der har aldri vore ei verre tid i historia for amerikanarar å prøve å leve liva sine i fred, ro, tryggleik og god helse som under dei siste fire åra under Biden-tyranniet. Leia av Obama og hans kommunist-kohortar, tok den amerikanske regjeringa del i meir korrupsjon, underslag, pyramidespel, narkotikakriminalitet, menneskehandel, krigar, iscenesette massetragediar og sensur enn nokon gong før i historia. Det har vore ei fireårig skrekkhistorie, og alle som har overlevd skal gratulerast. […]
Er du full-uvaksinert? Gratulerer for å ha overlevd terror-æraen til det vaksine-industrielle komplekset og hundreårets bløffdemi. Lever du livet ditt utanfor ei fengselscelle? Gratulerer for å ha overlevd den mest absurde forfølginga av fridom og fordreiing av rettssystemet som verda nokosinne har sett.
Eig du framleis ein heim? Gratulerer for å ha overlevd vêrvåpena til Biden-regimet, som øydela millionar av menneske sine levebrød, heimar, land og føretak i Nord-Carolina og Los Angeles.
Eig du ditt eige små- eller mellomstore føretak, og er det framleis oppe og går? Gratulerer for å ha overlevd covid-plandemien med alle dei sinnssjuke mandata der alle vart truga med tvangsvaksinering av dei dødelege blodpropp-sprøytene, føretak som vart øydelagde under nedstengingane, avgrensing på talet kundar, sosial avstand, defunding av konservative non-profittar, masseinflasjon, og øydelegging av forsyningskjeda.»
Sant å seie var amerikanarane i fire år prisgjevne ein flokk psykopatar i den amerikanske djupstaten, der Biden høgst sannsynleg berre var ein frontfigur som på grunn av sin openberre demenssjukdom hadde lita eller inga aning om kva som gjekk føre seg. Og dette er snillast moglege dom frå mi side. Dersom han ikkje visste kva som skjedde bak teppet, bekreftar det hans demens – og dersom han visste kva som skjedde, men ikkje gjorde noko, plasserer dette han i kategorien landssvikar.
Her kjem dei ti punkta som forklarer kvifor Biden-regimet er det verste i amerikansk historie:
- «Det kommunistiske Biden-regimet fekk oss nærare Tredje verdskrig enn USA nokosinne har vore, ved å gå til åtak på Russland gjennom stadfortredaren Ukraina, og finansiering av terroristane og deira jihad-regime rundt om på kloden.
- Ved å hjelpe til å lansere, spreie og halde gåande heile plandemien covid-19, som myrda millionar av amerikanarar med kontaminerte mRNA-vaksinar, organ-øydeleggjande farmasi-legemiddel, og dødelege sjukehus-«protokollar».
- Ved å opne opp den sørlege grensa for menneskehandel, import av narkotika (kokain, heroin og fentanyl), og den ulovlege masseinnvandringa av kriminelle og psykisk sjuke pasientar.
- Ved å rasere det amerikanske utdanningssystemet med ein pervertert læreplan, DEI [diversity, equality, inclusion / «mangfald, likskap, inkludering»], CRT (omvendt diskriminerande kritisk rase-teori), galskapen flytande kjønnsidentitet, Drag Queen Story Hour, og kjønnspronomengalskapen.
- Ved å øydeleggje infrastrukturen, forsyningskjeda, landbruket, miljøet og kraftnettet med bløffdemien, vêrvåpen, falske klimaendringsnarrativ, «green deal»-mandat, fabrikkbrannar og -eksplosjonar, og iscenesette hendingar med mange omkomne.
- Ved å forsøke å øydeleggje amerikanarar si religiøse tru, deira etikk, moral, menneskerettar og sjølve Grunnlova.
- Ved å byggje og nyttiggjere seg det største VALFUSK-systemet nasjonen nokosinne har sett, inkludert forfalska røystesetlar, røystemaskiner, ulovleg røysting frå innvandrarar, falske spørjeundersøkingar, falske kandidatar som aldri vart stemt på, og falske nyheiter om alt dette.
- Ved å sensurere konservative stemmer som aldri før i historia, og bruke media og banksystemet som eit våpen, å bruke politi mot og straffeforfølgje kvar ein person eller organisasjon som gjekk imot dei falske narrativa og den kommunistiske overtakinga av nasjonen.
- Å ved hjelp av George Soros og Barrack Obama installere dei mest korrupte dommarane på alle nivå; distriktsadvokatar, påtalestyresmakter, og tenestepersonar i trebokstavsbyråa, inkludert FDA, CDC, CIA, FBI, DHS, EPA, USDA og HHS.
- Å bruke Justisdepartementet som våpen for å uriktig anklage, arrestere, straffeforfølgje og fengsle tusenvis av patriotar, fredelege demonstrantar og varslarar som prøvde å avsløre det absolutte bedrageriet og korrupsjonen til Biden-regimet.»
Dette er berre ei kjapp oppsummering av alt det gale som Biden-regimet påførde amerikanarar og resten av verda. Og her er ikkje eingong korrupsjonen som gjekk føre seg i Ukraina nemnt, eller den berykta berbare PC-en til Hunter Biden. Dei som no klagar si naud over at Donald Trump atter ein gong er president i USA, bør ta seg litt tid til å setje seg inn i kva som skjedde under Biden-regimet. For det skjedde mykje, og ein stor del av det har sannsynlegvis ikkje sett dagens lys enno.
