Dr. Leonard Coldwell er spesialist på kreftreversering og holistisk (heilskapleg) helse. I eit nyleg intervju i Brighteon-programmet Decentralize TV med programvertane Mike Adams og Todd Pitner, kom dr. Coldwell med dystre prognosar om framtida til menneskeheita: berre 0,8% kjem til å overleve den komande globale kollapsen. Altso kjem 99,2% til å døy i ei ikkje so altfor fjern framtid.
Den globale kollapsen er ifølgje han driven av ein bevisst, satanisk agenda som er orkestrert av ein skuggelagt elite. Destabiliseringa av regjeringar, forsyningskjeder, valuta og folkehelsesystem skjer ikkje ved eit uhell, men som del av ein kalkulert plan for å svekkje menneskeheita og konsolidere makt.
Eit skuleeksempel på desse «styrte krisene» er covid-19-«pandemien», der eit allmektig propagandaapparat og skjulte aktørar i djupstaten fekk dei fleste land rundt om i verda til å stengje ned og innføre restriksjonar som var like absurde som dei var menneskefiendtlege og antivitskaplege. Slike hendingar kan òg kome i framtida, og det ville overraske oss alle om det ikkje skjedde. Aktuelle kandidatar her er apekoppar («m-koppar» som propagandaapparatet kallar det) og fugleinfluensa (som truleg vil bli omdøypt til «f-influensa» for å ikkje støyte fuglar!).
Og når ein snakkar om «pandemien», er Coldwell av den oppfatninga at vaksinar (inkludert covid-mRNA-injeksjonar) blir brukt for å redusere den globale befolkninga. Han viser til spådommar om at meir enn 80% av vaksinerte individ kan vere døde innan utgangen av 2025. Å stole blindt på systemet verkar å vere synonymt med sjølvmord – då er rett og slett løysinga å gjere seg uavhengig av systemet.
Det er eit årsaksforhold mellom sjukdom og samfunnsrelatert forfall. Dr. Coldwell meiner at menneskeheita står overfor ei eksistensiell krise som krev snarleg handling og ein overgang til desentralisering. For å sitere Kevin Hughes i artikkelen basert på intervjuet (mi omsetjing):
«Coldwells sentrale tese er at kollapsen av sentraliserte system – regjeringar, forsyningskjeder, valutaer og til og med folkehelsa – ikkje skjer ved eit uhell, men med intensjon.
‘Folk treng å forstå at alt dette skjer bevisst,’ sa den lækjaren som er mest blokkert på sosiale media. Frå Wuhan-koronavirus (covid-19)-pandemien til destabiliseringa av globale økonomiar, argumenterte Coldwell at desse hendingane er sirleg styrte til å svekkje menneskeheita og konsolidere makt i hendene på ein løynd elite.
Han nemnde at ein pandemi ikkje byrjar overalt i verda på same tid, fordi den byrjar på éin stad og spreier seg i løpet av månader eller år. Han heldt fram at covid-19 ikkje skjedde ved eit uhell eller tilfeldigvis fordi den var orkestrert. […]
Coldwell peikte på rolla til vaksinar i denne storslegne planen, og skildra dei som verktøy for å redusere befolkninga. Han viste til spådommen til det geopolitiske selskapet Deagle som sa at meir enn 80% av vaksinerte individ kjem til å døy innan utgangen av 2025.
‘Dei kjem med absurde ting slik som apekoppar, fugleinfluensa og kanskje ‘drageinfluensa’ deretter,’ sa han, og åtvara om eit nådelaust og endelaust press for å injisere menneskeheita med skadelege substansar under påskot av folkehelse. Men i hjartet av denne kollapsen ligg ein satanisk, antimenneskeleg agenda som infiltrerer kvart eit aspekt av samfunnet – regjeringar, konsern, media og til og med vitskapen.
‘Luciferianarane står bak alt dette. De høyrer aldri namna deira. De veit ikkje eingong at dei eksisterer. Det er difor vi ikkje skjøner dei,’ sa Coldwell til duoen [Adams/Pitner].»
Tilhengjarane av Lucifer likar som kjent å snu alt på hovudet i sin bevisst forvirrande nytale. Godt blir vondt, sanning blir til løgn, fridom blir til slaveri. Alt blir invertert, korrumpert og til slutt øydelagt.
Coldwell tilbyr løysinga. I staden for å kjempe mot systemet, bør ein trekkje seg heilt ut av det. Om eit hus står i full fyr, kastar ein ikkje vekk tid på å prøve klønete brannsløkking. Flammene er nådelause og fortærer alt i sin veg, og ein blir til slutt fortært sjølv om ein prøver å kjempe mot dei.
Som Coldwell sa:
«Om de kjempar mot systemet, er de framleis i systemet. De må kome dykk ut av det. […] Vi må dyrke våre eigne liv, våre eigne vennskap og vår eigen mat. Ingenting er viktigare enn teamarbeid.»
Dei 0,8% som overlever kollapsen vil vere dei som avviser systemet, omfamnar desentralisering og dyrkar motstandsdyktigheit. Dette er ei åtvaring til heile menneskeheita, og samstundes ei oppfordring til å handle medan det framleis er tid og høve. Det er for seint å klage si naud når portane til smartbyen stengjer og rasjoneringsappen ligg inne på mobiltelefonen.
