Utfører globalist-eliten «smartbrannar» for å gjere storbyar om til smartbyar?

Dei fleste som jamleg leser alternative media veit no kva ein smartby er. Det er eit totalovervaka dystopisk mareritt der herskarklassen når som helst, og av kva som helst slags grunn, kan stengje innbyggjarane (eller fangane, rettare sagt) ute frå alle tenester. Dette blir gjerne kopla saman med eit sosialkreditt-system, der regimetru åtferd blir lønt, medan det Ingvild Kjerkol – verdas nest vondaste trønder – kallar «feil oppførsel», blir straffa. Eit perfekt døme på dette er å finne i Black Mirror-episoden «Nosedive» («svalestup»), der «likes» på Facebook avgjer kva status innbyggjarane har, og kva slags tilgang dei skal ha til tenester i samfunnet. Eit slikt samfunn ønskjer tydelegvis eliten, og dei er viljuge til å brenne storbyar ned til grunnen og drepe tusenvis for å oppnå ønsket sitt.

Har de høyrt om smartbrannar? Det hadde ikkje eg heller, før eg kom over denne artikkelen av S.D. Wells på Natural News. Ifølgje Wells ser det ut til at eliten ikkje berre har som mål å brenne Los Angeles ned og gjere den til ein smartby, men mange andre storbyar ser òg ut til å liggje på offeralteret. For å ta ei rask oppsummering av artikkelen:

Kvar storby som skal bli gjenstand for forvandling til ein smartby har nyleg opplevd øydeleggjande brannar. Dette antydar eit mønster i staden for berre ei rekkje uheldige hendingar. Desse brannane har til felles at dei ofte startar og spreier seg raskt, noko som gjer at ein ikkje får tid til effektiv sløkking.

Brannane er sannsynlegvis planlagde. Timinga og naturen til desse brannane vekkjer mistanke om bevisste handlingar, som kanskje involverer vêr- eller energivåpen, mordbrann eller ein bevisst mangel på ressursar til brannvesenet. Er dette ein del av eit framveksande mønster for å kontrollere befolkninga gjennom danninga av politistat-smartbyar? Det kan nesten verke slik, meiner enkelte.

Fenomenet er ikkje avgrensa til ein spesifikk region. Byar rundt om i verda som har blitt offer for desse brannane inkluderer Singapore, Santiago (Chile), Cortana (Italia) og andre. Det er dermed høgst sannsynleg at liknande brannar i næraste framtid kjem til å finne stad i metropolar slik som New York, London, Paris og Berlin. London, New York og Paris blir sett på som ideelle for avansert teknologisk integrering, og London er i praksis totalovervaka allereie i dag.

Wells skriv (mi omsetjing):

«Burde vi kalle dei ‘smartbrannar’? Kvar større by som globalistane har planlagt å gjere om til ein ‘smartby’ har blitt brent til grunnen nyleg. Dette er langt meir enn berre samantreff, sidan evidens peiker på vêrvåpen, energivåpen, brannstiftarar, mangel på ressursar og midlar til brannvesen, og politikarar som fullstendig utan anger feirar etter øydelegginga.

Brannane verkar planlagde, som om dei er ‘smartbrannar’, som byrjar, spreier seg og øydelegg område der desse massive byane kan få nye bygningar, leilegheiter og jarnbarnesystem. Det heile er del av det som ser ut som ein plan for 100% kontroll av befolkninga i politistat-smartbyar som er akkurat som scener henta ut av ei George Orwell-bok eller film.»

Santiago og Cortana har blitt peikt ut som smartbyar i nær framtid, og begge har «tilfeldigvis» blitt råka av øydeleggjande brannar som «ingen» hadde ressursar til å sløkkje. Spørsmålet Wells stiller seg er om London er neste by i køa:

«Burde vi forvente å sjå eit ‘klimaendrings’-inferno bryte ut i London i løpet av dei neste vekene, slik at regjeringa og globalistane kan beslagleggje alt landet gratis, eller som konkursbu, for den nye ‘smartbyen’?»

I ein smartby – eller 15-minuttsby sidan alle fasilitetar ligg nærare innbyggjaren enn 15 minutt til fots – kan herskarane stengje all straum, elektriske køyretøy, matforsyning, pengetilgang og internett med eit tastetrykk. Dette kan dei gjere ved det minste teikn på motstand frå innbyggjarane, til dømes om dei trekkjer i tvil eit narrativ knytt til ei ny plandemisk nedstenging eller ei klimaendrings-nedstenging.

Aktuelle byar kan ifølgje Wells vere Singapore, Zürich, Oslo (!), Taipei, Lausanne, New York, London, Paris, Tokyo, Seoul, Toronto, Hong Kong, Amsterdam, København, Helsinki, Genève, Stockholm, Hamburg og Abu Dhabi. I tillegg listar artikkelforfattaren opp 14 byar i USA som kan bli neste offer for «smartbrannar». Desse byane inkluderer Dalls, Chicago, San Francisco, Boston, Miami og New York.

Det burde vere høgst bekymringsverdig for nordmenn at Oslo står på lista over byar som skal «forvandlast». Burde Oslo-folk førebu seg på ein bybrann i næraste framtid? Om eg sjølv hadde budd i Oslo, hadde eg nok byrja å sjå etter måtar å kome meg vekk frå den byen.

Kommenter innlegget