Lovens lange arm bæsjar bak ein tuja-hekk

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Katastrofen er eit faktum. Munkebotn og Mon Plaisir sameige har brunne ned til grunnen, saman med mesteparten av husa i den vesle sidegata eit steinkast frå busstoppet ved Munkebotstunnelen i Sandviken. Det særbergenske regnet var makteslaust då eldlogene fortærte den 180 år gamle bygningsmassen.

No er klokka halv åtte om morgonen, og styreleiar Jarle eig ingenting anna enn kleda han står og går i – resten er fortapt for alltid i flammehavet. Han står i vegkanten og hutrar og prøver å varme seg i ei stygg, gul boblejakke med øydelagt glidelås – han må halde den lukka med handemakt. Brannvesenet driv med det dei sjølve kallar «ettersløkking», der dei står og sprutar med brannslange på dei søkkvåte ruinane. Politi og ambulanse er på staden, og fleire bebuarar blir undersøkt av ambulansepersonellet. Det er heldigvis ingen dødsfall, men det skuldast nok rein og skjer råflaks sidan dei aller, aller fleste var dauddrukne då brannen byrja.

Operasjonsleiar Fjolsine Flatbanck kjem ut av ein politibil med sin kollega Halldorsen. Dei strenar bort til Jarle, som er einaste edru person i følgjet av brannforviste. Den blonde hestehalen dinglar lett og leikent ut av opninga i politilua. Ho har ein termoskopp i neven.

«Jaha,» byrjar ho. «Her har det vore brann, ser eg.»

«Openbert, ja,» svarer Jarle der han står og frys, våt til skinnet av det endelause regnet.

«So fort brannvesenet har avslutta ‘ettersløkkinga’—» Ho gjer hermeteikn i lufta med den ledige handa. «–skal vi sende vårt team av brannekspertar hit. Berre for å utelukke at noko straffbart har funne stad.»

«Hmm, mistenkjer de at brannen vart påsett?» spør Jarle medan tennene hakkar.

«Ja,» svarer Fjolsine bestemt. «Dette er den mest tvilsame gata i heile Bergen og omland. Og dessutan budde jo eks-mannen til Morfin-Mona her. Ho har mange, mange, mange—» Ho trekkjer pusten so hennar prominente byste eser. «–mange, mange svin på skogen. Mange hemngjerrige hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar har blitt usakleg oppsagte på grunn av hennar nedrige løgner. Vårt team av etterforskarar er allereie i ferd med å spore dei opp, og alle vil bli kalla inn til avhøyr på stasjonen i næraste framtid.»

«Vel, de ser ut til å ha ressursane på plass.» Jarle ristar og skjelv av kulde. «Faktisk er dottera til Morfin-Mona på veg hit. Ho trur ho berre skal skifte ut ei rute, men so er heile gata brunnen ned til grunnen.»

«Dottera hennar… Ho som bur i Norheimsund?» Fjolsine tek ein slurk frå termoskoppen.

«Nei, ho som nettopp har flytta til Osøyro. Men ho budde i Førde

«Førde…» Fjolsine himlar med auga og ristar på hovudet. «Stakkars kvinne. Vel, med ei slik mor er ikkje dette ei overrasking.» Ho snur seg mot kollegaen, som held seg til magen. «Går det bra med deg, betjent Halldorsen? Du ser litt bleik ut.»

«Eg må bæsje,» svarer ungdommen.

«Bæsje no? Vi er på oppdrag!» Stemma til Fjolsine går i fistel. «Du bæsja jo på stasjonen for under eit kvarter sidan!»

«Eg må bæsje igjen! Og det fort!»

«Og kor har du tenkt å gjere det? Her er ingen toalett. Dei er gått opp i flammer!»

«Kan eg ikkje berre…» Magen rumlar og ein fis snik seg ut baken på han. «…kan eg ikkje berre finne ei grøft?»

«Åh, for faen…» Fjolsine stønnar der ho står og vrir på seg. «Vel, det er betre at du bæsjar i ei grøft enn om du bæsjar i uniformsbuksa, for den er Statens eigedom. Finn ei grøft, då! Men ver rask! Vi er jo på oppdrag!»

Halldorsen hinkar og skumplar seg i veg bortetter vegen medan han stønnar, klynkar og fis. Han forsvinn bak ein høg tuja-hekk. Snart høyrest særs høge dritelydar. Ein katt står i vegkanten og ser i hans retning med hovudet lett på skakke.

«Eg trudde det var ulovleg å bæsje på offentleg stad,» seier Jarle. Han skjelv slik at han knapt greier å halde den stygge, gule boblejakka igjen.

«Halldorsen ser ut til å bæsje på privat eigedom.» Fjolsine ser ut som ho har lyst å grave seg ned, raud som ein tomat i trynet. «Vel, so fort Halldorsen er… ferdig, so må vi vidare.» Ho vender seg mot brannvesenet, som har stengt av brannslangen. «Det ser ut som dei er ferdige med ‘ettersløkkinga’. Då reiser vi tilbake til stasjonen og—»

Eit fæla rabalder lyd frå bak tuja-hekken. Halldorsen kjem springande med buksa halvvegs nede på beina, og ein ilter liten hund spring etter han. Ei meir eller mindre rabiat kjerring i vinraud badekåpe står og glefser i vegkanten og veivar med armane.

«Den jævelen dreit i hagen min!!» skrik ho. «Er det slik åtferd lovens lange arm driv med no?!»

«Betjent Halldorsen, trekk opp buksa og kom deg inn i bilen!» bjeffar Fjolsine i fistel, sint som ei fele. «Faen, vi kjem til å bli saksøkt!»

Ungdommen pistrar i det han bykser inn i bilen. Den vesle hunden står på det regnglinsande fortauet og hoppar opp og ned og gneldrar – på eit tidspunkt slår den til og med salto i lufta. Fjolsine hiv seg inn bak rattet og køyrer av garde. Termoskoppen hennar ligg igjen i vegkanten.

Brannvesenet, resten av politibilane og ambulansen glir ned gata og forsvinn. Tilbake står Jarle og eit kobbel sterkt forkomne alkisar.

«Vel…» seier han stille. «Det ser ut som vi må greie oss sjølve. Vi er ikkje frå ‘Nordfjord’, veit de… Lat oss stikke ned på Robin Hood-huset og få varmen i oss. So tek vi det derifrå.»

Den hutrande, skjelvande gjengen av ubrukelege drikkarar gjev seg i veg ned den bratte bakken til næraste busstopp. For dei aller fleste ser stoda like mørk ut som fjeset til bussjåføren som like etterpå opnar dørene for dei.

Kommenter innlegget