Langs vegane skjer det av og til uhell som gjer at ein strandar i vegkanten med ein bil som ikkje vil meir. Då er bilbergarar ofte einaste løysing, men ikkje alle er so gode menneske som ein skulle tru slike «vegens heltar» var. Dei står på lur i vegen og følgjer nøye med på trafikken, gjerne i skarpe svingar eller vegkryss som er dårleg jamna, slik at ein om vinteren må vere særs vørden for å ikkje hamne i grøfta.
So fort ein bil blir utsett for eit uhell, gjerne med ei stressa dame bak rattet, dukkar dei opp som troll i øskje, der dei smilande tilbyr seg å hjelpe den uheldige bilisten. Ei rask opptauing frå grøfta og tilbake på vegen, og ein rask inspeksjon av bilen. Alt i orden. Ingen synlege skadar. Den særs takksame dama bukkar og skrapar, før ho køyrer vidare, letta over at alt gjekk bra.
Ei veke eller to seinare får ho ein faktura i posten på 15 000 kroner.
Dette er diverre ikkje ein landevegsanekdote. Dette skjer titt og ofte. Desse «snille» bilbergarane fakturerer uvetande kundar med ei grådigheit som stiller seg i same klasse som røyrleggjarar, elektrikarar og advokatar. Dei sjokkerte og skamfulle kundane kan ingenting anna enn å betale, elles går fakturaen rett til inkasso hjå «Rick» i Interregnum pengeinnkrevjing.
I våre dagar køyrer folk som dei har stole bilane. Dei ligg på fartsgrensa og litt meir, til og med på uberekneleg vinterføre. Ein bilkunnig fyr eg kjenner meiner dette kan skuldast at moderne bilar har so mange hjelpemiddel at folk stoler meir på ei datamaskin på dashbordet enn på det dei ser med eigne auge. Når det er to minusgrader og vegen glinsar, so er det høgst sannsynleg ikkje uskuldig regnvatn som ligg i vegbana. Då er det fort gjort å ende i grøfta og bli bondefanga av ein bilbergar med vonde føremål.
Sjølv er eg sopass fornuftig (og ein smule paranoid!) at eg har NAF-medlemskap. Då kan eg få fire bilbergingar i året utan å bli flådd levande av «miskunnsame motor-samaritanar». Heldigvis har eg enno ikkje hatt behov for bilberging, sidan eg jo køyrer med vit. Men sjølv den beste sjåfør kan hamne i ein situasjon med til dømes motorhavari eller punktert dekk. Mange moderne bilar har ikkje lenger reservedekk i bagasjerommet. Då må ein krype til korset og ringje etter hjelp.
Ein annan fyr eg kjenner opplevde den trasige situasjonen å få motorhavari på ein eller annan fjellovergang mellom Bergen og Oslo, på veg til eit viktig, jobbrelatert møte. Han var ikkje NAF-medlem. Han var heldigvis smart nok til å ikkje late seg «hjelpe» av smilande motor-samaritanar som dukka opp frå ingenstad, men ringde til eit bergingsselskap. Han slapp unna med «berre» 7500 kroner. Bilen var berre å hive – so fort Oslo-møtet var over, tok han fyrste tilgjengelege fly heimatt. Eg reknar med han stakk innom ein bilforhandlar etterpå, for no køyrer han rundt i ein heilt ny bil.
Høg fart og uvørden køyring er eit stadig vanlegare fenomen, kan det verke som. UP og uærlege bilbergarar har meir enn nok å hengje fingrane i – UP genererer pengar til Statskassa, medan bilbergar-pakket tek heile summen i eigne lommer. Dei set med bukta, begge endane og tauekroken. Fram til bilistar tenkjer lenger enn enden på bilpanseret vil nok slike situasjonar utgjere nok eit frø til eit mogleg helvete, som Jorge Luis Borges so fint uttrykte det.
Og snakkar ein om helvete, finst det garantert ei avdeling der nede for dei «snille» bilbergarane!
