Møtet i Store Skoddeheimen

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta – so å seie.

Det er elleve minusgrader ute, sjølv om sola prøver desperat å varme det frosne landskapet. I hjartet av Sunnfjord ligg mini-metropolen Førde som eit avsolt, arkitektonisk mareritt. Olaug Nilssen kalla staden ein gong i tida for «Store Skoddeheimen» i ei av sine bøker, og namnet kom ikkje akkurat ut av det blå. Frostrøyken dampar frå bakken i det ein svart Volvo V50 glir inn på parkeringsplassen ved Førde Torg i tjukkaste sentrum.

Bak rattet sit vår mann Karl, og han skal møte ei av kjeldene sine på ein kafé som heiter Olufine’s konditori på Handelshuset.

Han ryggar bilen galant inn ved sida av ein kvit Ford Transit. Den digre bilen er på førarsida, ein liten Toyota Aygo er på høgresida. Han kastar eit blikk på landskapet rundt seg og ristar blåsande på hovudet. Førdianarane har ikkje skjønt konseptet bybilete. Staden får Åsane senter til å sjå ut som ein polsk mellomalderby i forhold.

Han kryssar vegen ved det travle krysset mellom Førde Torg og Handelshuset. Handelshuset er eigentleg to bygningar på kvar si side av vegen, som er bundne saman av ein sokalla «skywalk». Det er noko av det styggaste han har sett, og han meiner vagt å erindre at det var ein del kontrovers i lokalavisa Firda då skywalken vart bygt for vel tjue år sidan.

Han vel å ignorere dei dritstygge bygningane i denne iskalde skoddeheimen. Han skal berre vere her ein time og snakke med kjelda si. So reiser han sørover det reimar og tøy kan halde.

Inne på Handelshuset aular det av folk. Karl registrerer ikkje akkurat til si overrasking at klientellet stort sett er det same som på kjøpesentera i Bergen: trygda kjerringar med innbilte sjukdommar, mørkhuda mangfaldstryne som driv med openlys NAV-svindel, skuleskulkande snøflak-ungdommar. Hadde han ikkje visst betre, ville han ha trudd at det var dei same folka.

Olufine’s konditori ligg bada i folk og stemmer. Ei vakker blondine med store puppar står på utstilling bak disken. Perleøyredobbane og det lekre sølvsmykket glitrar like intenst som tennene hennar der ho står og gliser. Karl vender blikket sitt rundt om i lokalet. Han ser kjelda si, som sit ved eit bord i den mørkaste kroken av kafeen. Ein kopp kaffi og eit stykke napoleonskake står på bordet. Karl tingar nøyaktig det same frå ungjenta, og han registrerer at brystvortene hennar blir synlege på det altfor lyse skjortestoffet.

Snart sit det to menn ved bordet, saman med to koppar kaffi og to stykke napoleonskake. Mannen overfor Karl har ein tjukk, sjokoladebrun hårmanke og er mager som ein jakthund. Dei store auga er isblå og lyser av flogvit.

«Takk for at du tok deg tid til å kome hit,» seier mannen på sunnmørsk.

«Vel, eg er interessert i å høyre kva du og dine har drive på med den siste tida,» seier Karl.

«Tenk presidentvalet i USA,» svarer mannen med eit gåtefullt smil.

«Har… har de ein finger med i spelet der?» Han er synleg overraska der han sit. Mannen nikkar sakte. «Eg såg ikkje den kome.»

«Vi hadde òg ein finger med i spelet når det gjaldt Senterpartiet, at dei trekte seg frå regjeringa.»

«Akkurat det såg eg kome. Har de andre ting på merittlista dykkar?»

«Jens Stoltenberg er plutseleg finansminister, han som akkurat hadde blitt Bilderberger-leiar.»

«Korleis greidde de det

«Vi har ein del ting på han. For å seie det mildt.» Han tek ein slurk kaffi og ein gaffelbit av kakestykket. Karl gjer det same. «Men nok om oss. Har du noko å rapportere?»

«Eg og mine jobbar med å få uskadeleggjort Ingeborg Senneset. Ho har lenge vore ein pest og ei plage. Det er på tide å fjerne ho frå mediebiletet.»

«Ho burde aldri ha vore ein del av mediebiletet i fyrste omgang. Ho er jo alvorleg sjuk.»

«Ja, anoreksi er ein temmeleg jævleg ting å ha.»

«Ja, det òg.»

Ute forsvinn sola bak dei særs høge fjella. Dei vel tretti minutta med sol har ikkje varma Sunnfjord-metropolen nemneverdig opp.

«Eg har òg funne ut kva som skjer på Håkonsvern med Å,» seier Karl.

«Interessant,» seier mannen. «Er det eit slags forskingsprosjekt i regi av det amerikanske forsvarsdepartementet?»

«Ja, og i samarbeid med forskarar ved Universitetet i Arkhangelsk i Russland. Dei forskar på regenerering av øydelagt ryggmerg, slik at ryggmergsskadde ein gong i ei ikkje so altfor fjern framtid igjen vil kunne gå. Sjølve målet er ingenting å seie på. Middela, derimot…» Karl grøssar seg.

«Det trur eg på. Amerikanarane har ingen skruplar. Eliten der borte ofrar barn til Satan for å fremje eigen karriere.»

«Ja, og no har eliten gjort det slik at vi har x tal ballongtryne som svevar på ei underjordisk avdeling i Loddefjord.»

Dei to set i djup tankeverksemd. So dukkar det opp noko mørkt i auga til Karl.

«Forresten, medan eg har deg her…» byrjar han. Mannen ser merksamt på han. «Ein av mine samarbeidspartnarar lurer på kva som har skjedd med Coop-Malin. Burde vi gjere noko?»

«Hmm, trur du han vil gjere eigne undersøkingar?»

«Kanskje. Han har evne og tid til det.»

«Vi har skjult spora våre godt. Han vil ikkje kome nokon veg.»

«Bra.» Karl ser på klokka. «Vel… Eg lyt kome meg av garde. Eg vil helst ut av Sunnfjord før det blir mørkt. Det er ganske farleg og utriveleg her i mørket.»

«Det har eg full forståing for. Takk for at du tok deg bryet å fare heilt opp hit for å snakke med meg.»

«Å snakke på telefon eller skrive e-postar kjem ikkje på tale. Ikkje med kjelder på eit slikt nivå.»

Dei to handhelsar på kvarandre, før Karl går raskt ut av lokalet. Ungjenta kastar eit lengselsfullt blikk etter han der ho står med brystvorter som held på å eksplodere.

Karl grøssar seg i det han kryssar vegen. Å bu her må då vere ein lagnad verre enn døden. Heldigvis er han borte herifrå om fem minutt.

Han går bort til bilen sin og stoppar opp med heva augnebryn.

Heile førarsida på bilen er stygt bulka, og lyset framme er knust. Den kvite Ford Transit-bilen er borte. På staden står ein blå Toyota Yaris, som på ingen måte er skadd. Det har skjedd ein klassisk hit and run, noko som diverre er ganske vanleg i våre ansvarsskye dagar.

Det ser ut som vår mann for augneblinken er fanga i Førde. Iallfall fram til han har fått bilen til ein kunnig mekanikar!

Kommenter innlegget