Frå elva til havet (fleire protestar i Bergen sentrum)

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Topplause protestar i Bergen sentrum», publisert 25.februar 2025.

Ein svart minibuss med ukrainske skilt stoppar utanfor politistasjonen i Bergen sentrum. Ut av den stygge, intimiderande bygningen kjem tjue topplause jenter, tett følgt av to barske politibetjentar som ser ut som dei skal drite på seg. Alle jentene klyv elegant inn i bilen, dørene lukkar seg, og køyretøyet glir opp gata og forsvinn.

Fjolsine Flatbanck står i døropninga saman med ein kollega.

«Får håpe dei held seg unna Bergen no,» seier ho.

«Garantert,» svarer kollegaen. «Alle tjue fekk jo bot for forstyrring av ro og orden, og måtte tilbringe ei natt på glattcelle.»

«Dei ser nok på dette som ein siger over ‘patriarkatet’,» seier Fjolsine og himlar med dei lyseblå, nordiske auga. «Korleis går det med dei 13 unge mennene i kjellaren?»

«Dei har vore rolege i natt.» Eit kaldt smil dukkar opp i ansiktet på kollegaen. «Det er for seint å bjeffe når døra er stengt og matskåla tom. Oppfører dei seg som dyr, må vi jo berre behandle dei som dyr.»

«Har nokon av dei bede om advokat?» Fjolsine støttar seg i døropninga.

«Kanskje.» Han trekkjer på skuldrene. «Eg kan ikkje eit ord av det obskure stammespråket dei brøler i veg på. Vi burde kanskje få tak i ein tolk.»

«Kanskje. Men det er ikkje ei hastesak. Vi kan halde dei på glattcelle i 72 timar før vi må tiltale dei.»

«72 timar? Er det ikkje 48 timar?»

«48, 72. Kven bryr seg? Politiet blir jo aldri straffa for å bryte lova.» Ho flirer.

Brått lyd det rop i det fjerne, og lyden av føter som marsjerer i takt. Fjolsine og kollegaen får bekymra rynker i pannene sine.

«Hmm, kva no?» spør Fjolsine.

«Høyrest ut som ein ny demonstrasjon,» svarer kollegaen. «Kanskje det er motdemonstrantar frå SIAN eller desse Palestina-aktivistane?»

«Det er nok SIAN, sidan desse fangane våre har ingenting med Palestina å gjere. Dei er ikkje frå området eingong.»

«Vi får vente og sjå kva som dukkar opp. Og stå klare til å arrestere dei om dei forstyrrar ro og orden.»

«Hehe, eg likar innstillinga di.»

Rundt gatehjørnet dukkar det opp ein gjeng på vel ti individ, som alle er kledde i Palestina-skjerf. Dei ber plakatar der det står «From the river to the sea – Palestine will be free», slagord som får lesarar livstidsutestengt frå kommentarfelta til mellom andre Document og iNyheter. Dei roper protestord på eit slags rogalandsk, og dei mest aggressive i flokken er dei seks kvinnemenneska. Dei fire mannfolka har ei meir tilbaketrekt rolle, og held for det meste dei store, tunge plakatane.

«Slepp laus dei politiske fangane!!» skrik rogalandsdamene med snerrande skarre-r-ar i den fuktige februarlufta. «From the river to the sea!!»

«Hmm, her har nokon blitt feilinformert,» seier Fjolsine, før ho vekslar eit blikk med kollegaene. «Har vi god plass i kjellaren?»

«Ganske god plass,» svarer kollegaen.

Dei to – berre for å vere høflege – går ned til demonstrantane (naturlegvis vel vetande om at ein heil bygning med væpna politi står klare til å rykkje ut!). Dei går bort til det dei oppfattar som alfakvinna, som har det mørkaste håret, den mest intense utstrålinga og det mest omfangsrike Palestina-skjerfet.

«Jaha, og kva driv so de med?» spør Fjolsine med si myndige damestemme.

«Kva vi driv med?» spør alfakvinna. «Vi demonstrerer mot at politiet held uskuldige menn fanga!»

«Dei er ikkje so uskuldige,» svarer Fjolsine. «Dei er mistenkt for 37 overfallsvaldtekter. Det er alvorlege brotsverk, og 37 jenter har fått øydelagt liva sine.»

«Jaha, so de meiner at alle palestinarar er valdtektsmenn?» spør rogalandsdama aggressivt.

«Vi meiner at dei 13 unge mennene er valdtektsmenn, og dei er på ingen måte palestinarar. Dei er ikkje frå området eingong.»

Alfakvinna får eit rart uttrykk i ansiktet. Ho vekslar nokre ord med sine med-demonstrantar.

«Kor kjem dei frå, då?» spør ho til slutt.

Fjolsine smiler kaldt, før ho svarer:

«‘Nordfjord’!»

«Berre for å presisere…» byrjar kollegaen til Fjolsine. «… om dei hadde vore frå Palestina, hadde det ikkje spelt noka rolle. Valdtekt er valdtekt. Vi behandlar alle likt under lova, om dei er palestinarar, jødar, muslimar eller medlemmar i Noregsdemokratane. Valdtek du nokon, må du i fengsel.»

Dei ti Palestina-aktivistane vekslar fleire ord seg i mellom. So seier til slutt alfakvinna:

«Vel, det ser ut som vi har blitt feilinformerte. Sit det ikkje palestinarar innesperra, er det ikkje vår sak.» Ho trekkjer på skuldrene. «Orsak at vi forstyrra dykk.»

«Heilt i orden,» seier Fjolsine med eit høfleg smil.

«Vi får setje oss på bussen til Stavanger,» seier alfakvinna. «Hmm, kor er Bystasjonen? Vi er ikkje so godt kjende her i Bergen.»

«Gå nedover den gågata der borte, so kjem de dit,» seier kollegaen.

Snart tuslar dei flaue, skjemde Palestina-aktivistane bortetter fortauet. Dei ventar høfleg på grøn mann ved næraste fortau, sjølv om det er ingen bilistar på vegen. So forsvinn dei ned nemnde gågate.

«Har du nokosinne vurdert å skifte jobb?» spør kollegaen Fjolsine.

«Mange gonger,» svarer ho og sukkar tungt. «Men jobbar veks ikkje på tre. Iallfall ikkje for politifolk. Og NAV?» Ho blæs i forakt. «Ikkje hald pusten medan du ventar på hjelp frå dei. Dei lèt gladeleg kvite nordmenn svelte i hel og misse hus og heim, medan dei rundhanda deler ut pengar til Mohammed-ar og Abdulla-ar i Armanidress som køyrer feit Mercedes. Ein kan trygt slå fast at NAV står for ‘naiv arbeids- og velferdsforvalting’!»

Brått høyrest fleire slagord ropte på brølenivå, saman med lyden av føter som marsjerer mot asfalten. Frå rundt gatehjørnet dukkar ein gjeng på 18 individ opp, der alle er maskerte. Dei roper i veg på eit slags rogalandsk, og på plakatane står det å lese ‘Stopp islamiseringen av Norge!!’.

«Hmm, er dette ‘motdemonstrantane’?» spør kollegaen.

«Eg veit ikkje, og eg bryr meg ikkje,» svarer Fjolsine. «Arrester heile gjengen. Dei forstyrrar ro og orden, mest av alt mi ro og min orden

«Med største glede!» svarer kollegaen med eit storøygt smil.

Snart får dei 13 unge mennene i kjellaren selskap av 18 maskerte aktivistar som nokon har sendt hit.

Kommenter innlegget