Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Dei to avisene i kalde, våte Bergen fløymer over av indignerte avisinnlegg og kommentarar. BA og BT, dei to talerøyra til djupstaten sin filial i Vestlandshovudstaden, spyr ut propaganda i bøtter og spann om kor frykteleg det er at 13 gutar sit innesperra i kjellaren på politistasjonen utan lov og dom. Denne falske saka vekkjer folket frå sin tornerosesøvn, og Facebook blir bombardert av illsinte innlegg som krev frigjering av dei «politiske fangane» i denne «rasemotiverte, vilkårlege arrestasjonen». Ikkje minst krev dei fengsling og bøtelegging av høgreekstreme konspirasjonsteoretikarar, Pål Steigan, Charter-Svein og Noregsdemokratane. Hovud må rulle, helst dei kvitaste hovuda vi finn!
Situasjonen eskalerer til ei slik grad at 350 muslimar arrangerer eit fakkeltog i Nygårdsparken, i selskap av fleire medlemmer av Byrådsavdelinga og fleire politikarar frå Høgre, Arbeidarpartiet og andre fraksjonar av det WEF-kontrollerte Stortingspartiet. Det blir halde kjensleladde, tårefylte talar – med kompetent tolk til stade, naturlegvis – om kor fæle og rasistiske nordmenn er, og kor dårleg behandla utlendingar frå visse land og kulturar blir. Toleranse og respekt for mangfald har vel aldri stått dårlegare til her i landet, og no må noko gjerast! §185 om hatefulle ytringar blir ikkje på langt nær handheva so aggressivt som «alle» ønskjer.
Den øvste leiinga i politiet føler seg pressa opp i eit hjørne, og føler at dei ikkje har noko val. Nokon snakkar saman, og det blir bestemt kva som skal skje. På minuttet 48 timar etter at dei 13 valdtektsforbrytarane vart arresterte, må ei slukøyra, audmjuka og kraftig utskjelt Fjolsine Flatbanck sleppe dei ut av glattcellene. Ungdommane smiler ganske so ufordrageleg og snakkar saman på sitt håplaust framande tungemål i det dei spaserer ut av politistasjonen. Følgjet spankulerer bort til næraste busstopp, og for å setje prikken over i-en, betaler ingen av dei bussbillett. Sjåføren med sjokoladebrun hud og mikrofon-frisyre kunne vel knapt ha brydd seg mindre.
Ein time og 37 minutt etter at dei 13 vart sleppte fri etter kraftig press frå eit samla media og politisk leiing, kryp ei grinande, blødande, skolaus jente på alle fire ut av den store gravlunden og bort til næraste busstopp, der to soldatar frå Frelsesarmeen forbarmar seg over ho og skaffar ho ein ambulanse. Etter å ha venta i seks og ein halv time på ærverdige Bergen legevakt, blir ho sendt til hasteoperasjon på urologisk avdeling for å reparere alle dei fæle skadane som den krenkjande og smertefulle gjengvaldtekta påførde «høneheimen» hennar. Dagen etter køyrer hennar dritforbanna far ho til den lokale politistasjonen i Laksevåg bydel, der den slitne politiblondina tek imot nok ei anmelding. Tjuveriet av lommeboka, smarttelefonen og skoa blir henlagt på staden, medan valdtektssaka hamnar i den grådig høge bunken som politidama har lovt å «sjå litt på».
Svara frå DNA-prøvene kjem ut på ettermiddagen tilbake frå eit laboratorium som Vest politidistrikt stoler sånn nokolunde på. Fjolsine les – ikkje utan overrasking – at DNA-et i all mangfaldssæden som vart funne på dei 37 valdtekne jentene matchar DNA-et til dei 13 ungdommane med 99,99137% sannsyn. Då ho ringjer til sjefen sin og fortel dette, får ho derimot følgjande svar:
«Vi har fått instruksar frå høgste hald om å ikkje prioritere denne saka.»
«Øh, meiner du dette heilt alvorleg?» spør ho medan ho blir fleire år eldre i ansiktet. «DNA er jo sett på som ubestrideleg bevis.»
«Kanskje, men vi har fått beskjed om å ikkje gjere noko. Du må henleggje alle desse sakene.»
«Kven har gjeve oss den beskjeden?»
«Nokon du ikkje har lyst til å kødde med om du vil behalde jobb og lønn.» Ein kort pause. «Vil du behalde jobb og lønn, eller lyt vi ta oss ein prat fyrstkomande måndag?»
«Eg… eg vil behalde jobb og lønn.» Ei tåre trillar nedover kinnet hennar.
«Flink jente.»
Sambandet blir brote. Fjolsine kan ingenting anna gjere enn å førebu masseutsending på Digipost av brev til dei 37 valdtekne jentene om at valdtektssakene deira er henlagt. Ho gidd ikkje eingong å dikte opp ei orsaking – for der finst inga.
Det er heldigvis fredag. Fjolsine sluttar på jobb på slaget 15:00 og piler av garde til næraste vinmonopol. Dei stakkars jentene kjem nok til å få ei ganske so kjip helg. Sjølv har ho ikkje tenkt å vere edru eit sekund!
I 18-tida same ettermiddag kjem ein gjeng barske, kvite menn gåande opp Loddefjordvegen. Dei høge, dystre trygdeblokkene står der og strekkjer og vrir på seg i eldgammal skam, og himmelen er beksvart av alle dei svarte, ugjennomtrengjelege skyene. Regnet fell endelaust og nådelaust, og sender klare signal til alle om at det kanskje er best å kome seg innandørs.
Mannfolka tek fram eit heimelaga skilt som dei spikrar på ein av gjerdestolpane ved inngangen til gravlunden. Dei bruker spikarpistol og ekspansjonsboltar, slik at det krevst spesialverktøy for å fjerne skiltet. Ingen amatør med ein billeg Jula-hammar kan fjerne skiltet.
Dei tek nokre steg tilbake og nikkar fornøgde.
På skiltet står det «VALDTEKTSFARE!», og ei teikning av ein mørkhuda mann med blotta, erigert penis og mikrofon-frisyre. Sjølv dei mest blåøygde og hjernevaska jenter vil ta hintet.
Mannfolka gjev kvarandre «high five» og går derifrå.
Berre ein liten halvtime seinare kjem ei ung brunette i treningskle gåande med raske dådyrsteg opp vegen. Utanfor ei viss blokk står 13 ungdommar og heng. Rovdyrauga fell på byttedyret, som tydelegvis har tenkt å ta snarvegen gjennom gravlunden opp til Olsvik-krysset eller Frieda Fasmers Minne. Dei vekslar blikk seg imellom medan smil dukkar opp i dei ikkje akkurat fotogene ansikta.
Noko for dei høgst uventa skjer derimot. Jenta stoppar opp eit steinkast frå inngangen til gravlunden og ser på skiltet. Auga blir store og munnen lukkar seg i ein grimase av frykt. So snur ho seg sakte mot ungdommane, som ser på ho med sine kalde rovdyrblikk.
Til deira store ergring snur ho på hælen og spurtar tilbake dit ho kom frå, skjelven og med hamrande hjarte. Ho ventar heller ein time og 37 minutt på neste buss på Loddefjord terminal enn å risikere gjengvaldtekt og henlagt politisak!
