Trebarnsmor (29) vart FLÅDD av bilbergingsselskap – går ut i BA og åtvarar

Sjå òg «Pass dykk for ‘snille’ bilbergarar!», publisert 8.februar 2025.

Den 29 år gamle sjukepleiaren og trebarnsmora Lucia skulle til barnehagen med sonen sin i Sandviken ved Bergen sentrum ein tysdagsmorgon i januar. Då ho skulle lukeparkere sin Toyota Auris, fekk ho dårleg sikt i mørket og kom i skade for å køyre over ein steinkant langs vegen. Ho kom seg verken fram eller tilbake.

Løysinga vart då å ringje bergingsbil. Og dei tok seg godt betalt, for å seie det mildt.

Dette rapporterer BA (Bergensavisen). Dei skriv:

«Småbarnsmoren, som jobber på Sandviken sykehus, ønsket å løse problemet raskt. Da fant hun frem mobilen og søkte etter bergingsselskaper som kunne hjelpe henne ut av knipen.

Et av de øverste selskapene i oversikten var selskapet Redgo, som tidligere het Falcken.

Selskapet skal ha opplyst Calikova om at prisene varierte ut ifra hvilken forsikringsavtale hun hadde, hevder hun selv. Hun forklarte at det var hennes fars bil, og at hun selv ikke visste hva slags avtale han hadde. Ved kasko eller delkasko ville det kun forekomme en egenandel, men ved ansvarsforsikring måtte hun betale hele beløpet.

Det viste seg at Calikovas far hadde sistnevnte.

– De sa de skulle sende en bil, og jeg ventet i over en time. Da de endelig kom frem tok det vel to minutter, så var jobben gjort, forteller hun.

Etter at arbeidet var utført, dro bergingsbilen, og Calikova hørte ikke fra selskapet på nærmere en måneds tid. Så kom sjokket.

– Jeg ble helt grå i ansiktet da jeg mottok regningen!»

Fakturaen for to minutts arbeid kom på sjokkerande 8388,67 kroner. I rekninga var der inkludert bompengar og – av uforklarlege grunnar – vegsalt. Nettsida til Redgo hadde ingen informasjon om prisane sine – dei var vel for skamlaust høge til at dei ville reklamere for dei. Ho reagerte på at ho ikkje fekk nokon informasjon på førehand om kva dette ville koste. Som ho sjølv seier til BA:

«Hadde jeg blitt informert om dette, kunne jeg selvfølgelig fått hjelp av noen andre […].»

Ho meiner det er dårleg kundeservice og lite respekt for økonomi frå bilberginsselskapet si side.

Då BA konfronterte adm.dir. i Redgo Norge, Peter Rosnes Sinervo, avdekte han fleire feil i fakturaen. Salt og parkering skulle ikkje ha vore med i fakturaen. Elles følgjer prisen på tenesta Redgo si rettleiande prisliste. Kunden hadde ikkje veghjelpsdekning i forsikringa si, og hadde dermed ikkje ein eigen avtalepris. I tillegg hevdar han at vêrforholda endra seg frå snø til regn og is den aktuelle morgonen, noko som førde til ei forseinking på 10 minutt på toppen av den normale utrykkingstida på under 60 minutt.

Som ein konsekvens av at BA tok kontakt med Redgo, har adm.dir. valt å justere fakturabeløpet til 5947 kroner.

Til samanlikning har NAF ei ordning med fire veghjelper per år utan eigendel både i Noreg og i heile Europa, som dei sjølv skriv på sine nettsider. Pressesjef i NAF, Ingunn Handgard, rår bileigarar og bilførarar til å sjå over kva slags forsikringar dei har og kva desse dekkjer.

Dagleg leiar i Bergen Bilberging, Tore Hansen, seier til BA at for slik ein «enkel og rask jobb» ville selskapet hans ha teke frå 2500 til 3000 kroner. Hordaland Redning ville ifølgje rekneskaps- og informasjonsmedarbeidar Lene Hansen ha teke 2850 kroner. Leiar for Viking Redningstjeneste, Mikkel Skullerud skriv til BA:

«For oppdrag som beskrevet, hvor det verken finnes kasko, delkasko eller andre dekninger har vi en prismodell som baserer seg på hvor man befinner seg når man trenger hjelp. I dette tilfellet ville oppdraget beløpt seg til noe over 4000 kroner

Det lønner seg med andre ord ikkje å ringje Redgo dersom uhellet er ute og du treng veghjelp. Saksyndig spår snarleg konkurs for Redgo, for slik reklame ønskjer vel ingen selskap å få i ei byavis!

Kommenter innlegget