Robert F. Kennedy Jr føreslår ny tilnærming til meslingar

Den uhyre smittsame virussjukdommen meslingar, som før MMR-vaksinen kom var ein vanleg barnesjukdom, er kjenneteikna av feber, hovudverk, sterk snue, halsbetennelse, tørrhoste, augekatarr, og stundom òg oppkast og diaré. Etter nokre dagar oppstår utslett som SNL skildrar som høgraude, lett hovne flekkar som kan ha små blødingar i seg. Det finst ingen medikamentell behandling, og behandlinga er fyrst og fremst kvile og sengeleie. Dette stiller meslingar i same klasse som andre virussjukdommar slik som den mindre alvorlege influensa, og «eigenmeldings-kose-sjukdommen» forkjøling.

Meslingar kan, som influensa og forkjøling, ha komplikasjonar. Dette strekkjer seg frå bakterieinfeksjon (som kan gje lungebetennelse eller mellomøyrebetennelse), og til alvorlege komplikasjonar som hjernebetennelse.

Meslingvaksine har vore del av det norske vaksinasjonsprogrammet sidan 1969 – frå og med 1983 blir det brukt ein kombinasjonsvaksine (MMR) mot meslingar, kusma og raude hundar. Meslingar er framleis eit stort helseproblem i den tredje verda. Alle som har fått MMR-vaksine skal seiast å ha livslang immunitet.

Etter denne korte faktaoppsummeringa om meslingar, er det på tide å gå over til nokon med eit alternativt syn på vaksinar, Robert F. Kennedy Jr. I samband med eit større utbrot av meslingar i delstaten Texas, har Kennedy no gått ut og framsnakka MMR-vaksinen. Dette har vekt uro blant foreldre som har sett at barna deira har blitt skadde av den vaksinen. Desse foreldra er i sin tur del av rørsla Make America Healthy Again (MAHA), som spelte ei nøkkelrolle i å få Kennedy til sin noverande nøkkelposisjon i den føderale regjeringa.

Det som ser ut til å ha vekt kontrovers i MAHA-rørsla, er Kennedy sitt nylege utspel om ei alternativ tilnærming til meslingar. Denne tilnærminga prioriterer næring, gjennomsiktigheit og foreldre-autonomi. Den utfordrar rådande status hjå vaksine-sentrisk politikk og retningslinjer, og tilbyr eit friskt (!) perspektiv på nedkjemping av smittsame sjukdommar. Som Lance D Johnson skriv i Natural News (Saksyndig si omsetjing):

«Forslaget til Kennedy, som har røter i vitskapleg evidens og er ei forplikting til individuell valfridom, har utløyst både håp og kontrovers, sidan den direkte konfronterer dei djupt inngrodde interessene til den farmasøytiske industrien og det statlege byråkratiet.

Planen til Kennedy, som han skriv om i ein nyleg artikkel, legg vekt på rolla vitamin A har i å redusere dødelegheita av meslingar, set søkjelys på den historiske nedgangen til meslingar før vaksinar vart introdusert, og bekreftar på nytt kor viktig informert avgjerdstaking er for familiar.»

Sjå òg «Var polio allereie på grensa til utrydda då poliovaksinen kom?», publisert 6.mars 2025.

I tillegg til å framsnakke rolla til vitamin A, legg Kennedy òg til at dødsfall av meslingar hadde gått ned med heile 98% før MMR-vaksinen vart innført, takka vere forbetringar av hygiene, kosthald og tilgang til helsetenester. «Kennedy si anerkjenning av dette faktum utfordrar narrativet om at berre vaksinar er ansvarlege for reduksjonen av dødelegheit.»

Medan mRNA-injeksjonane mot det påstått allmennfarlege lungeviruset covid-19 beviseleg og udiskutabelt er utrygge og ineffektive, er saka meir komplisert når det gjeld ekte vaksinar. Vaksinar fungerer mot stabile virus, og ustabile virus (slik som RNA-virus) muterer so ofte at om ein mot formoding greier å utvikle ein RNA-vaksine, so vil den berre fungere fram til viruset igjen muterer. Difor er influensa-vaksinar berre delvis effektive (det er ikkje alltid dei «treffer» det rådande viruset i sesongen), og vaksinar mot vanleg forkjøling har aldri blitt forsøkt utvikla. Rabies-vaksine fungerer fordi rabies-viruset er stabilt – heldigvis!

Og når det gjeld vitamin A… Det skal her leggjast til at ukritisk bruk av vitamin som einaste helsemessige tilnærming, ikkje er å tilråde. Vitamin A i for store dosar kan vere dødeleg, noko polfararar erfarte då dei åt isbjørnkjøt. Levera til ein isbjørn er so smekkfull i vitamin A at den er giftig for menneske. Lesaren blir her på det sterkaste oppfordra til å gjere eigne undersøkingar. Meslingar er forårsaka av virus, og enkelte tviler på at virus eksisterer. Dersom det ikkje finst virus, kva er det då som gjev folk forkjøling, influensa og meslingar?

I våre dagar må ein fyrst og fremst tenkje sjølv, og nøye velje seg ut kven ein skal lytte til og kven ein skal ignorere. Avslutningsvis kjem eg med ei åtvaring: I Noreg kan foreldre som vel å ikkje følgje vaksineprogrammet for barna sine risikere å få sak på seg i Barnevernet – eller, endå verre, at barna blir sjuke og døyr av sjukdommar dei ikkje ville ha fått om dei var vaksinerte mot dei.

Kommenter innlegget