Ein av ti innvandrarar i England kan ikkje snakke engelsk

I likskap med Noreg, Frankrike, Tyskland og dei fleste andre vestlege land, fører politisk styrt masseinnvandring til at nasjonalspråket blir stadig sjeldnare å høyre. Stoda i Storbritannia er no den at nesten ein million menneske snakkar lite eller ingen engelsk i landet som engelsk bokstavleg tala oppstod i. Dei britiske statistikk-styresmaktene avslører at ein av ti innvandrarar i England ikkje kan snakke engelsk.

Ikkje overraskande har desse sjokkerande tala utløyst krav om strengare integreringskrav. Skal ein bu i landet og (ifølgje enkelte) utnytte velferdsgodane, må det då vere eit minstekrav at ein kan språket.

Breitbart rapporterer (Saksyndig si omsetjing; her henta frå The People’s Voice): «Statistikken, offentleggjort av det tidlegare konservative partiet [Tory], viste at 8,6% av innvandrarar over 16 år ‘kan ikkje snakke engelsk godt’. Ytterlegare 1,4%, eller 137 876 kan ikkje snakke språket i det heile, rapporterte The Sun. Ifølgje rapporten sa litt over halvparten av innvandrarane over 16 (51,6%) at engelsk var primærspråket deira, medan 38,4% hevda å vere i stand til å snakke det godt.»

Det må presiserast at desse tala om engelskkunnskapar i Storbritannia kjem frå den siste undersøkinga, som fann stad i 2021. I dag, på grunn av eit rekordhøgt tal innvandrarar frå spesielt Ukraina (engelskkunnskapane blant ukrainarar er særs dårlege), er tala sannsynlegvis mykje høgare. Som The People’s Voice skriv vidare:

«Og sanneleg nådde nettoinnvandringa 872 000 i 2022 og 866 000 året etter, trass lovnader frå den tidlegare ‘konservative’ regjeringa om at dei skulle kunne i innvandring i kjølvatnet av Brexit.

I tillegg til den øydeleggjande effekten på sosialt samhald sidan store delar av befolkninga ikkje er i stand til å kommunisere på nasjonalspråket i landet, har masseinnvandring òg lagt ei tung bør på sosialtenestene i Storbritannia.»

Ifølgje den britiske politikk-vitskapsmannen Matt Goodwin har sagt at i enkelte delar av England har utlendingar lagt beslag på nesten alt av kommunale bustader. I til dømes Leicester kjem heile 80% av bebuarane i kommunale leilegheiter i område slik som St Matthews og Highfields frå Midtausten eller Sør-Asia. Dei er i hovudsak muslimar. Meir enn fire av ti hushald i området har ingen vaksne som har engelsk som hovudspråk.

I Noreg kan det allereie vere liknande forhold. Her har det lenge vore ein frase blant politikarar at «vi må stille krav til innvandrarane». So nyleg som 2019 snakka dåverande statsminister Erna Solberg om å ta sosialstønaden frå innvandrarar som ikkje lærer seg norsk. Sylo Taraku frå tankesmia Agenda antyda at det var urealistisk å tvinge innvandrarar til å lære seg norsk, og fortel sjølv at då han var asylsøkjar på 1990-talet, var det «kontroversielt å stille krav til flyktninger og familieinnvandrere. Fokuset var den gang på rettigheter. Man kunne motta trygd uten at man måtte delta i samfunnet.»

Det er i dag visstnok eit krav til asylsøkjarar at dei må delta på introduksjonsprogram, deriblant norskopplæring. Det er derimot, som Taraku skriv, skilnad på deltaking og resultat. Ein innvandrar kan fint skli gjennom heile introduksjonsprogrammet og knapt kunne det mest elementære i språket etterpå.

Sist landssvikar og WEF-lakei Erna Solberg snakka om innvandring, var i januar i år. Då lira ho av seg at Høgre kom til å innføre strengare tiltak på innvandringsfeltet dersom det blir regjeringsskifte. Ifølgje ho sjølv er Noregs kapasitet til å integrere innvandrarar «under stort press», og innvandringa som har funne stad dei siste 20 åra kan ikkje lenger halde fram. Skal tru kven som har skulda for det…?

Kommenter innlegget