Norske bygder skal avfolkast

Medan våre landssvikar-politikarar rundhanda deler ut pengar til alle slags fantasiprosjekt i utlandet, slik som til dømes ein for lengst tapt Ukraina-krig, blir utgifter innanriks kutta inn til beinet. Spesielt hardt råka blir distrikta, der stadig fleire tenester ser ut til å forsvinne. Dermed har ikkje folk noko anna val enn å flytte til næraste tettstad eller by, om dei har råd. Norske bygder skal avfolkast, for eliten vil at alle skal bu i meir sentrale strok, der folk er lettare å overvake og kontrollere.

VOX fekk 9.mars 2025 publisert ein artikkel i nettavisa UtenFilter der vedkomande tek opp nettopp desse problema. Essensen i artikkelen er at bygdefolk blir forsøkt skvisa ut av bygdene. Eliten har fleire verktøy i kassa si, og eg tek her ei oppramsing av dei.

Posten sluttar å levere post til folk. VOX skriv:

«Sist ute nå er at statseide Posten Bring ber Post-utvalget gå inn for at brev kun skal leveres folks postkasser rundt om i de tusen hjem en eneste ukedag. Post-utvalget har tidligere foreslått at man skal slutte helt å levere i folks kasser. Og da vet vi av erfaring at det er den veien det til slutt går.»

Tidlegare kom posten kvar dag, det var nærast å rekne som ei naturlov. Mottoet til Posten var at posten skulle fram, om det so kosta postmannen livet. Den trondhjemske postveien danna grunnlaget for dagens hovudveg mellom Bergen og Trondheim. Å late vere å levere eit brev vart rekna som eit alvorleg brotsverk i store delar av verda, og ifølgje Guinness rekordbok vart ein gong eit postbod på Mallorca dømt til rundt 20 000 års fengsel for å ha late vere å levere fleire tusen brev. Straffa laud på noko sånt som ni års fengsel per brev. I internettets tidsalder og innføringa av Digipost ser Posten ut til å ha gjeve seg sjølv ei meir tilbakelena rolle. No kjem posten langt frå kvar dag, og dei siste 25 åra har postkontor etter postkontor blitt lagt ned rundt om i distrikta. Og Den trondhjemske postveien er i ferd med å gro igjen.

Lokalbutikkar blir lagt ned. VOX skriv:

«I vår bygd ser vi at arbeidet med dette intensiveres. Lokale kjøpmenn har forsvunnet som dugg for solen med butikkene sine. Ikke en eneste er tilbake. Hvilket gjør at alle må reise titalls mil tur retur for selv melk og brød. I nabo-dalføret forsvinner nå snart den siste Joker’n.»

I Noreg finst det no eigentleg berre fire butikkar: Rema 1000, Coop, Kiwi og «uavhengige». Sistnemnde er på god veg til å forsvinne, og dette vil på sikt føre til eit handelsmonopol der ei handfull menneske kontrollerer alt av daglegvarehandel i Noreg. Nyleg fekk mellom andre Coop ei gigantbot for ulovleg prissamarbeid.

Skular og barnehagar blir lagt ned, og lokalbussar sluttar å gå:

«Ikke mange årene etter at bygdas skole sto ferdig i all sin prakt med gym-hall og idrettsplass så ble det bestemt at noe slikt skulle vi slett ikke ha glede av, eller lokale arbeidsplasser. Så var det med ett ikke lenger nødvendig med barnehage heller. Og der står hele sulamitten tom for vær og vind. Og derfor sluttet bussene stort sett å gå. Kun en som kjører elevene utenbygds om morgenen. Og en siste med elevene hjem om ettermiddagen.»

I mi eiga heimbygd går der ikkje lenger buss, for det er ikkje lenger nok ungar igjen i bygda til at det lønner seg. I staden går det no ein taxi og hentar og leverer dei få ungane som framleis er igjen. Slik er stoda mange andre stader i distrikts-Noreg. Dei som er utan førarkort eller ikkje har nokon som kan køyre seg rundt omkring, blir tvinga til å busetje seg i sentrum, gjerne i små leilegheiter av tvilsam standard. Her blir dei dobbelt kontrollerte, både av eliten og av bygdedyret – for det er jo ein stad der alle kjenner alle, og der alle allereie spionerer på alle.

Lokale vegar blir ikkje vedlikehaldne eller utbetra. Når alle tenester forsvinn frå ei bygd, forsvinn òg arbeidsplassane. Vegvesenet trekkjer dermed den konklusjonen at vedlikehald og utbetring av vegnettet rundt bygda ikkje er so viktig lenger. «Ingen» reiser jo dit, dermed er det ikkje økonomisk å blåse av fleire titals millionar på utbetring. Store slaghòler i vegbana gjer det til ein risikosport å ferdast der, og dersom det går eit ras er det ikkje automatikk i at vegen blir rydda innan rimeleg tid. I 2011-2012, då uvêret Dagmar herja, var einaste tilkomstveg til utkantkommunen eg voks opp i stengt i heile seks døgn før nokon omsider fekk ut fingeren og rydda vegen. Sjølv i dag, når kommunen har to tilkomstvegar, er det ein langdryg affære å køyre dit vinterstid, sidan det knapt er noko som liknar på brøyting og salting. Å køyre fire-fem mil på klink is med ein snittfart på 40 kilometer i timen (ofte mindre) er faktisk ganske slitsamt.

Den einaste «fordelen» må vel vere at politiet ikkje gidd å ha fartskontrollar, fordi vegane er so dårlege at det er umogleg å køyre for fort utan å omkome eller øydeleggje bilen. I 80-sona er det ikkje forsvarleg å køyre fortare enn 50-60, fordi vegen er so smal, uoversiktleg og full av slaghòler. Bakdelen er at dersom bygdefolket verkeleg får bruk for politiet, kjem dei seg ikkje dit fordi vegen er so dårleg…

Som vanleg har lesarane mykje på hjartet i kommentarfeltet til artikkelen:

Ani Tefillah skriv:

«Hjertelig takk for en fin artikkel! 👍 😃

Min ektemann og jeg har måttet fløtte på bygda, da vi ikke har råd til å leie hus 🏡 andre steder, og her er lokalbutikken lagt ned, så vi må reise 17km én vei til nærmeste matbutikk osv.

Det er kun skolebussen som går. Og det er én «storbonde» som har danka ut de andre bøndene her. Mesteparten av befolkningen er over 50/60 som oss.»

Anne Knutsdotter svarer Ani:

«Dette kjenner jeg igjen ja…Hørt om Hellesylt? Og ellers…fins flust av nedlagte bygder nordpå. Og for oss som nå tvinges til å bo i byer for å få noe som helst så skal vi oversvømmes med MENA innvandrere uten respekt for vår sekulære vestlige lovgivning roller kristne verdigrunnlag som konkurrerer om boliger og helsetjenester sånn at alle utgifter fyker i været. Tryggheten vår går ned og nye tilfluktsrom a la Finland bygger vi ikke. Kun mugne fjellhaller.»

Naatiden skriv:

«Jeg er på utkikk etter en bygd, ny plass, der det finnes våkne mennesker som forstår.
Jeg tror ikke dette stedet finnes, ta gjerne kontakt med forslag.»

Når det gjeld sistnemnde kommentar, er utkant-Noreg rekna for å vere den tryggaste staden å vere når alt går til helvete. Då står og fell naturlegvis alt på om ein har evna til å leve «off the grid» og byggje opp eit lokalsamfunn heilt frå botnen av.

Sjå òg «Totalovervaka C40-byar eit faktum innan år 2030 – Jan Terje Voilaas: Sel alt de eig og har og røm til avsidesliggjande øyar langs norskekysten!», publisert 22.september 2023.

Kommenter innlegget