Sit du av og til med kjensla av at menneska rundt deg ikkje kan snakkast fornuft med, og at «alle» ser ut til å ha dei same meiningane om saker og ting? Når du i løpet av ei veke snakkar med 50-60 menneske om dagsaktuelle tema, og alle svarer nærast ordrett det same, då er det noko som ikkje heilt stemmer. Har verkeleg ingen eigne meiningar? Apar alle etter det dei høyrer i etablerte media som om dei var papegøyar? Denne litt nifse kjensla er ikkje berre din fantasi, men noko som òg blir bekrefta av andre fritenkjande individ.
Fenomenet blir på Internett-slang kalla «NPC», non-playable character. Det er ein figur i eit dataspel som ikkje er kontrollert av brukaren. Dei har som oppgåve å vere bakgrunnsfigurar utan noka eigentleg tenkje- eller handleevne. Overført til røyndommen er dei tilsynelatande menneske slik som du og eg, men dei har ingen sjølvstendige meiningar og ser ut til å mangle eigentleg refleksjonsevne. Kanskje manglar dei òg indre monolog, slik at dei som dyra berre handlar reaktivt og på instinkt. Om du stiller spørsmål til dei som burde ha skapt grundig tankeverksemd, møter du som regel tomme blikk og/eller innlærte frasar. Dei ser ut til å reagere, men aldri reflektere.
Før Internett og dataspel kom, snakka ein om kroppar utan sjel. Biomasse som berre hadde som oppgåve å fylle verda. Det seiest at der berre finst eit visst tal sjeler i verda, og at dette talet er langt lågare enn dagens sju milliardar menneske. Det mest pessimistiske estimatet er at eit mindretal har ei eigentleg sjel, altso at berre eit mindretal manglar evna til refleksjon og høgare tankeverksemd. NPC-ar er utan høgare kognitive evner og fyller berre opp plass i verda. Ingenting kan redde dei, dei er intellektuelt fortapte.
Ei meir optimistisk tilnærming seier at NPC-ar opphavleg hadde slike høgare kognitive evner, men at dei er undertrykte ved hjelp av intens programmering frå media og styresmakter. Det er ikkje i makta sine interesser at alle vaknar opp, for då vil dei sjølve liggje særs dårleg an. Føresetnaden for deira eksistens (og gode lønningar!) er at folk flest går rundt som kognitive zombiar og aldri stiller spørsmål ved den rådande ordenen. Om ingen stiller spørsmål vil ingen heller kome med kritikk, og slik meiner makta at det skal vere. Dissens og fritankeverksemd straffar seg, for det har dei seg imellom bestemt.
For å vakne opp frå programmeringa må ein sjølv oppdage at ein har blitt programmert. Dette er for mange ei vond pille å svelgje, då vel dei heller å leve i uvit. Dei er skip utan kaptein og mannskap som driv rundt på det tankemessige verdshavet, prisgjevne bølgjer og vind. Dei lèt seg rive med av sensasjonsoverskrifter og skremselspropaganda frå media, og all frykta og uvissa held dei på eit lågare kognitivt nivå. Dei er i overlevingsmodus, konstant vekslande mellom kortvarig eufori, rier av panikk og ei vedvarande kjensle av uvisse og meiningsløyse. Då blir «løysinga» ein tur på polet fredag ettermiddag. Kanskje òg ein tur på Kondomeriet. Det fyrste som skjedde under «pandemien» var at nettbutikken til Kondomeriet gjekk tomme for glidemiddel. Tenk litt på den (om de kan!).
Har ein fyrst teke valet om å frigjere seg frå programmeringa, ventar ein lang og einsam veg. «Ingen» skjøner kva du snakkar om når du snakkar om programmering. Det er ikkje det at dei ikkje forstår orda dine – noko i dei sperrar for djupare forståing. Å snakke om fargar til ein som er fødd blind er fåfengt, sameleis det å skulle forklare ei jente korleis det kjennest ut å ha ein penis. Visse ting må ein oppleve sjølv for å kunne forstå det, og her kjem holelikninga til Platon på sin plass å nemne i forbifarten.
Å vere omringa av NPC-ar er ei til tider skremmande og absurd oppleving. Ein er einaste vaksne individ i ein flokk, og før eller seinare vil dei oppdage at noko er «feil» med deg. Det er akkurat som programmeringa inni dei seier dei at akkurat denne personen er annleis enn dei sjølv. Kanskje går dei vidare med dette oppover i systemet. Ein vakker dag finn makta ut at ein viss person veit for mykje. Då kan det fort bli stygt.
Er NPC-ar tilreknelege? Kan dei straffast for udådane dei gjer? Dette blir problematisk, for ifølgje lova gjer dei ingenting gale. Det er ikkje forbode å snikmelde nokon fordi dei er «litt rare». Det er derimot særs uetisk og å rekne som eit spirituelt brotsverk. Skal blinde konspirere mot sjåande? Skal funksjonshemma rotte seg saman og øydeleggje liva til folk med to friske bein? Skal folk utan evne til høgare tankeverksemd gå i fakkeltog og myrde vakne og opplyste individ? Det blir her opp til kvar enkelt kva dei vil gjere for å forsvare seg sjølv. Den beste løysinga er å halde seg langt unna slike «sjellause», programmerte sauer – om mogleg.
Er NPC-ar dumme? Manglar dei intelligens? Vel… Dette er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Dei fungerer jo godt nok til å leve i eit moderne samfunn. Dei kan lese og skrive. Dei har førarkort og er i lønt arbeid. Dei får ungar og greier å ta seg av dei. Dei meistrar det vi helsepersonell kallar ADL – activities of daily living, dagleglivets aktivitetar. Dei er ikkje psykisk utviklingshemma. Men noko manglar hjå dei. Om dei, trass opplysning om problemet, likevel vel å halde fram å leve som kognitive zombiar, tydar det på at dei ikkje har evne til å redde seg sjølve. Det kan her diskuterast om dette er dumskap eller galskap. Kanskje begge delar.
Vondskap er logisk og avgrensa, den kan ein kjempe mot. Dumskap, derimot, er ulogisk og grenselaus, og her kjempar sjølv den beste fånyttes.
