Sidan 2010-talet har menneskelege kognitive evner gått ned, noko som fell saman med framveksten av sosiale media og sokalla passivt forbruk av visuelt innhald. Data frå PISA støttar desse observasjonane; unge menneske viser redusert evne til å løyse problem og tenkje seg fram til korleis eit problem skal løysast – i tillegg har dei mindre evne til å rette merksemda mot noko. Dette fell i tillegg saman med reduserte leseferdigheiter, matteferdigheiter og evne til kritisk tenking.
Skulda legg dei lærde på sosialmedie-algoritmar og KI (kunstig intelligens)-verktøy, som begge oppfordrar til passivt forbruk. Dette har potensiale til å «forsteine» dei kognitive evnene hjå folk. På sikt kan det å lite for mykje på KI risikere at framtidige generasjonar misser evna til å tenkje uavhengig. Dette kan få alvorlege ringverknader for utdanning og arbeid.
Før 2010 hadde den menneskelege intelligensen vore aukande i fleire tiår. Ein kan nesten trekkje konklusjonen at dess smartare KI blir, dess dummare blir menneske.
Cassie B. i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ifølgje Financial Times, har menneskelege intellektuelle evner slik som resonnering, problemløysing og informasjonsprosessering vore i nedgang sidan tidleg 2010-tal. Denne trenden blir støtta av data frå Programme for International Student Assessment (PISA) [«Program for internasjonal elevvurdering»], som måler læreferdigheitene til 15-åringar over heile verda, og vurderingar av vaksne sine kognitive evner. Nedgangen er spesielt merkbar blant unge menneske, der studiar viser redusert merksemdsspenn og svekt evne til kritisk tenking.
Overgangen frå å lese til å forbruke videoinnhald er ein nøkkelfaktor. I 2022 fann National Endowment for the Arts ut at berre 37,6% av amerikanarar har lese ein roman eller ei novelle i løpet av det siste året, ein nedgang frå 45,2% i 2012. Nedgangen i lesing fell saman med ein større erosjon av matteferdigheiter og problemløysingsferdigheiter. Til dømes scorar 34% av vaksne no på lågaste nivå av matteferdigheiter, ein oppgang frå 29% frå berre eit år tidlegare.»
Dette er observasjonar eg sjølv har gjort i mange år. Eg merka det sjølv rundt 2015-2016. «Ingen» las bøker, kunne det sjå ut som, iallfall ikkje folk flest. Folk sat og spelte Candy Crush Saga på smarttelefonane sine, eller sat på Facebook. Det var stadig tilbod på bøker på bokhandlane, som om dei liksom sleit litt med å selje bøker. Eg trekte konklusjonen at enkelte framleis las bøker, men at det stort sett var krim det gjekk i. Skriveferdigheitene til kollegaene mine på jobben viste at dei ikkje beherska elementær rettskriving – og det skal her seiast at enkelte av mine framandspråklege kollegaer faktisk skreiv mykje betre enn mine norske kollegaer.
Cassie B. skriv vidare:
«Medan teknologi har ført med seg udiskutable fordelar, er påverknaden den har på kognisjon grunn til aukande bekymring. Sosialmedie-plattformer, laga for å maksimere deltaking, har gått frå aktiv deltaking til passivt forbruk. Algoritmar leverer no ein endelaus straum av lettfordøyeleg innhald, som krev lita til inga kritisk tankeverksemd. Som Financial Times-journalist John Burn-Murdoch merkte seg, er eit problem «Overgangen frå artiklar (lengre materiale som krev at lesaren lagar samandrag, konkluderer og reflekterer) til kortare innlegg (alt er ferdigpakka i få setningar, inga kritisk tenking er naudsynleg).»
Eg skreiv sjølv for ymse tidsskrift på 2010-talet. Etter kvart, då vi bikka rundt 2017, fekk eg tilbakemelding frå redaktørane at artiklane mine var for lange. Dei måtte kortast ned. Same kor kortfatta og lettforståeleg eg (i mine auge) skreiv, var tilbakemeldinga den same. Artikkelen var for lang. I 2019 slutta eg å levere artiklar til tidsskrift, sidan dei måtte vere so korte at sjølve skrivekunsten gjekk tapt.
Vidare:
«Implikasjonane til denne nedgangen er omfattande. Etter kvart som KI blir meir og meir integrert i utdanning og på arbeidsplassen, er der ein risiko for at framtidige generasjonar vil mangle evna til å tenkje sjølvstendig. Studiar viser at studentar som lit på KI for å skrive oppgåver, gjer det verre på prøver, medan tilsette som er avhengige av KI-verktøy kan oppleve ‘forfall av ferdigheiter’, noko som får dei til å gå glipp av høve til å øve seg og refinere sine kognitive evner.»
Menneskesinnet kjem sanneleg til å bli forsteina og fordumma om vi sluttar å tenkje, snakke og ikkje minst skrive sjølv. Skrivekunst er for velutvikla og har ein for lang tradisjon til at vi berre kan gje slepp på den frå ein generasjon til den neste.
