Ei ny bok av Laurence Gonzales stiller spørsmål ved om intelligens er det same som å aldri gjere feil, og set søkjelyset på korleis sjølv dei mest briljante personar stundom kan gjere katastrofale vurderingsfeil. Dette kan ha å gjere med vår evolusjonære historie, og det at overlevingsinstinkt frå vår fjerne fortid stundom kan villeie oss i den moderne, særs komplekse og samanknytte verda.
Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ei verd der intelligens ofte blir sidestilt med ufeilbarlegheit, utfordrar ei banebrytande bok av Laurence Gonzales, Everyday Survival: Why Smart People Do Stupid Things [«Kvardagsoverleving: Kvifor smarte menneske gjer dumme ting»] denne oppfatninga og dukkar ned i det perplekse fenomenet om kvifor sjølv dei skarpaste sinna kan gjere katastrofale vurderingsfeil. Denne gripande utforskinga av menneskeåtferd og overlevingsinstinkt får lesarar til å stille spørsmål ved deira oppfatningar om intelligens og tryggleik, og oppmodar dei til å ta til seg ei meir vaken og nysgjerrig tilnærming til livet.»
Gonzales sin sentrale tese er at det moderne samfunnet, som er praktisk innreia og teknologisk avansert, har gjeve oss ei falsk kjensle av tryggleik. Dette gjer oss sårbare overfor trugslar som vi knapt legg merke til. Han slår fast at nysgjerrigheit, merksemd og det å vere klar over ting er dei essensielle verktøya for å navigere det komplekse dagleglivet.
Carter skriv vidare:
«Eit av dei mest slåande døma i boka er den tragiske historia om ein respektert vitskapsmann som ved eit uhell forlèt sin babygut i ein glovarm bil, noko som resulterer i eit hjarteskjerande dødsfall. Denne hendinga, saman med andre, understrekar konseptet ‘mentale manus’, den automatiske åferda som vi stoler på for å navigere gjennom våre daglege rutinar. Medan desse manusa er særs viktige for å utføre rutineoppgåver effektivt, kan dei òg føre til det Gonzales kallar ‘intelligente feil’ når dei mislykkast i å matche realiteten til ein situasjon.
Gonzales illustrerer dette konseptet med den gruvoppvekkjande erfaringa til fjellklatrar Lynn Hill som, trass hennar omfattande ekspertise, nesten omkom fordi hjernen hennar sausa saman manuset for å knyte skoa med det å sikre klatretauet [Sannsynlegvis hadde ho knytt skoa og trudd at ho i staden hadde sikra tauet; oms.komm.]. Dette dømet tener som ein kraftig påminnar om korleis hjernane våre, i si jakt på effektivitet, stundom kan føre oss på villspor.»
Gonzales tilbrakte òg tid saman med ein skogvaktar som kunne fortelje forbløffande historier om personar som gjekk seg vill i ein park som knapt var 1,6 kilometer lang og vel kilometeren brei. Desse historiene set søkjelyset på korleis våre mentale modellar kan påføre oss eit ‘feriemodus-sinn’ som får oss til å gå vekk frå vår sedvanlege vørdnad og merksemd. Gonzales sjølv plukka ein gong nesten opp noko han trudde var oskebegeret til bestemora – i røynda var det ein giftig slange.
Det kan nesten sjå ut som folk – uavhengig av intelligens – rett og slett ikkje tenkjer i visse situasjonar eller på visse tidspunkt. Hjå enkelte er slikt sjeldan, hjå enkelte er dette ein permanent tilstand, diverre.
Sjå òg «Er vi omringa av NPC-ar?», publisert 14.mars 2025.
Av og til har feil bruk av slike mentale modellar ført til katastrofar:
«I eit spesielt nifst kapittel tek Gonzales ein gjennomgang av American Airlines Flight 587, der ein pilot sin overreaksjon på turbulens, som var driven av eit djupt internalisert åtferdsmanus, fekk eit katastrofalt utfall. Denne hendinga tener som ein sterk påminnar om korleis vår automatiske respons kan få dystre konsekvensar.»
Nemnde flyulykke, som fann stad på John F. Kennedy-flyplassen i New York, førde til at i alt 265 personar miste livet; alle som var om bord på flyet, og fem på bakken.
Døma i denne artikkelen burde vere til skrekk og åtvaring til folk om å ikkje leggje igjen hjernane når dei er ute i den store, farlege verda. Merksemd og vørdnad er eit absolutt must, og sjølv ikkje høgt intelligente personar er friteken frå denne naturlova. Spesielt i trafikken er det viktig å vere merksam, og eg kan tenkje meg at i bilulykker er det involvert like mange sokalla «dumme» menneske som «smarte». Ein erfaren professor eller kirurg vil nok før eller seinare òg bulke bilen, like sikkert som at det same vil skje med ein med lågare utdanning, intelligens og plassering i det sosiale hierarkiet. Som eit døme kan eg trekkje fram at kona til Carl I. Hagen ein gong køyrde ned trappene utanfor Stortinget. Eg vil òg leggje til at eg ikkje aner noko om kor «intelligent» ho er.
Dårleg dømekraft ser ut til å ha lite med intelligens å gjere. Det såg ein her i artikkelen, med vitskapsmannen som gjekk frå ein baby i ein varm bil, forskaren som forveksla eit oskebeger med ein giftig slange, og piloten som overreagerte på turbulens. Det ser ein òg blant dei påstått intelligente medlemmene av politikareliten, der ein ser skattesvindel (pendlarbustad-saka), inhabilitet/misbruk av maktposisjon (Trettebergstuen, Finnsnes med fleire), direkte plagiat på mastergradsoppgåver (Kjerkol med fleire), og utuktig omgang med mindreårige (namn ikkje nemnt, men alle veit kven eg meiner). Samla viser desse døma – alt etter kva syn ein har på intelligensen vil visse personar – at intelligens og dømekraft har lite med kvarandre å gjere.
Moralen i denne artikkelen må vel vere denne: Hald auga opne, same kor smart du er.
