I ei pressemelding publisert 28.mars 2025 føreslår Regjeringa å heve aldersgrensa i staten frå 70 til 72, og å fjerne sokalla bedriftsinterne aldersgrenser under 72 år frå bedrifter og kommunar. Forslaget blir lagt fram for Stortinget for behandling. Føremålet med den auka aldersgrensa skal visst nok vere at «mange» ønskjer å jobbe etter fylte 70, men blir hindra av dagens reglar. Det eigentlege føremålet kan vere langt meir dystert. Ønskjer dei på sikt å avskaffe pensjonsalderen fullstendig?
Som det står i pressemeldinga:
«Mange vil jobbe etter 70 år, men blir hindra av reglane i dag. Med desse endringane kan ikkje arbeidsgivarar lenger seie opp folk som ønsker å fortsette å jobbe, berre fordi dei har blitt 70 år. Mange seniorar har verdifull erfaring og kompetanse, og meir å bidra med i arbeidslivet etter fylte 70, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.»
Det skal heller ikkje bli mogleg for kommunar og bedrifter å ha eigne aldersgrenser som er lågare enn 72 år:
«Regjeringa foreslår også at kommunar og bedrifter ikkje lenger skal kunne ha eigne aldersgrenser under 72 år, altså bedriftsinterne aldersgrenser. Dei bedriftsinterne aldersgrensene på 70 år som finst i dag må praktiserast konsekvent. Det betyr at bedrifter må seie opp folk som ønskjer å halde fram i arbeid, og som dei ønskjer å behalde og treng. Ved å fjerne moglegheita for bedriftsintern aldersgrense på 70 år, samtidig som aldersgrensa i staten blir heva til 72 år, vil det i hovudsak vere éi aldersgrense i arbeidslivet.»
Om Stortinget vedtek forslaget før sommaren, kan endringane tre i kraft frå 1.januar 2026. «Alle som fyller 70 år etter denne datoen, vil vere omfatta av dei nye reglane. Verksemder med tariffavtalar som regulerer aldersgrenser, får noko tid til å tilpasse seg.»
Medan det kanskje stemmer at enkelte ønskjer å jobbe etter fylte 70, har eg gode grunnar til å tru at dette ikkje gjeld fleirtalet. Dei aller, aller fleste er modne for pensjon lenge før 70. Ikkje alle har godt betalte, stillesitjande tullejobbar. Mange kommunale arbeidsgjevarar lèt tilsette gå av med avtalefesta pensjon (AFP) ved fylte 62. Til dømes er AFP vanleg i helsesektoren. Dei som takkar ja til denne ordninga, melder seg derimot ikkje ut av arbeidslivet. Dei held fram med å ta ekstravakter på sjukeheimen, samstundes som dei får pensjon. Er det stort vikarbehov og dei i praksis jobbar 100%, får dei i pose og sekk: både pensjon og lønn. Altso dobbel lønn.
Då eg jobba over eit år på den vesle sjukeheimen i den aude utkantkommunen frå oktober 2021 til desember 2022, jobba eg mange vakter med ein pensjonert operasjonssjukepleiar. Sjølv om ho var godt oppi 70-åra og faktisk var yngre enn enkelte av bebuarane, hadde ho jarnhelse. Ho hadde riktig nok ikkje gått av med AFP, men pensjonert seg i ein alder av 67. Det enorme vikarbehovet og hennar spesialkompetanse gjorde at dåverande leiar stadig ringde ho når ho trong sjukepleiar på jobb. Kompetansen og erfaringa hennar var udiskutabelt nyttig, og eg og ho redda ved eit høve livet til ein pasient som hadde fått tarmslyng.
Ein langt yngre sjukepleiar var ikkje so heldig med helsa, og slutta på dagen med AFP ved fylte 62. Kroppen greidde ikkje meir, og vel ein månad før ho skulle slutte, kollapsa ho i avdelinga. Eg målte blodtrykk på ho medan ho låg i sofaen i fellesstova (medan tre storøygde bebuarar sat ved matbordet og såg på), og gav ho elles vatn å drikke ved behov. Ho var sjukemeldt den siste månaden av arbeidsforholdet.
Helsa hjå menneske er særs individuell, og det blir etter mitt syn urimeleg å krevje at utslitne sjukepleiarar og anna helsepersonell skal måtte jobbe og slite til dei blir 72. Då vil nok stadig fleire av dei bli uføretrygda i 60-åra (kanskje tidlegare), og sjå på det som ei førtidspensjonering, sjølv om denne pensjoneringa riktig nok krev lang kamp mot NAV sitt dysfunksjonelle byråkrati og sine eigne overarbeidde fastlegar (som gjerne ønskte at dei sjølve kunne gå av med tidleg pensjon!).
Auken frå 70 til 72 som aldersgrensa i arbeidslivet er nok berre fyrste steg. Målet kan vere å avskaffe pensjonsalderen fullstendig, slik at Noreg A/S kan bruke Pensjonsfondet på «nyttigare» ting, slik som bistand til nasjonar i krig, vindkraftprosjekt, batterifabrikkar og bestikkelse av den internasjonale eliten. Det går vel ikkje so altfor mange år før pensjonsalderen blir heva til 130, berre for å vere på den sikre sida.
