Eit tilbod Susanne ikkje kan takke nei til

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Vår nervøse og engstelege rektor Susanne (godt opp i 50-åra), har fått skriftelege instruksar frå rådmannen i den vesle vestlandskommunen å køyre til næraste asylmottak for å finne ut korleis flyktningane lærer seg norsk – om dette då lèt seg gjere. Ho skal innfinne seg i mottaket seinast klokka elleve, elles… Dette er med andre ord eit tilbod ho ikkje kan takke nei til, om ho vil behalde lønn, karriere og sitt gode namn og rykte.

Klokka fire om morgonen trippar den bleike blondina ut i sin trufaste, 15 år gamle dieselbil, berande på ein liten koffert med klede, hygieneprodukt og berbar datamaskin. Bilen startar med eit søtt, lite brøl. Dei vanlege varsellampane på dashbordet dukkar opp, feilmeldingar som bilmekanikaren Lars-Håvard i bygda hevdar trygt kan ignorerast. Ho køyrer ut av sin beskjedne eigedom og rullar nedover dei mørke, folketomme sentrumsgatene. Dei er mørke fordi kommunen ikkje lenger har råd til å ha på gatelys om natta.

Ho trekkjer lett i det vesle, dirrande anhenget til det stramme sølvsmykket. Dama er so nervøs at ho held på å kvelast, magen held på å sprekke av sommarfuglar. Bilen glir ut av bygda og durar langsetter den smale, rasutsette bygdevegen som et seg trassig innover fjorden. Motoren ristar og hostar, dette må til for å varme opp motoren (og Lars-Håvard har sagt at dette er berre noko ein må rekne med når ein har «valt» å ha ein so gammal drivstoffbil).

På vegen er det 80-sone, men det er ikkje forsvarleg å køyre fortare enn maks 60. Somme stader er det synonymt med den sikre død å liggje i 60, so då ligg ho gjerne ned på 40-talet medan ho smyg seg gjennom dei skarpe svingane. Vegen har stort sett same standard som då den vart bygt på slutten av 1940-talet, so å seie med handemakt og omtrent på dugnad. På denne vegen køyrer alt frå lastebilar til bussar til personbilar og syklar. Stundom joggar ein overivrig pensjonist her òg, gjerne i mørket utan hovudlykt eller refleksvest. Ho gassar på når ho kjem til ei lang flate med god sikt. Dette er siste stykket før ho kjem inn på den eigentlege hovudvegen gjennom regionen. Denne er marginalt breiare og ein tanke betre vedlikehalden.

Speedometeret sluttar brått å fungere med det same ho kjem inn på hovudvegen. Ho pikkar lett i glaset på dashbordet, og nåla sprett tilbake på plass. Ho køyrer sannsynlegvis i 70 no. Det er ikkje forsvarleg å køyre fortare. Asylmottaket ligg vel fem timar unna – om dei tre ferjene ho skal ta er i rute, og ho rekk alle tre, vel å merke. Susanne sukkar tungt og vrir seg i setet. Blæra er full, for ho drakk ein liter kaffi då ho stod opp i tretida etter ei søvnlaus natt. Ho må berre halde seg til fyrste ferje, som er 70 kilometer unna. Ho gassar litt på, for blæra er omtrent som eit symjebasseng. Når ho kjem fram, set ho seg med glede ned og pissar på sjølv den skitnaste ferjedass. Ei pissetrengt dame kan ikkje vere kresen når det gjeld toalett.

Ho kjem inn i ein lang tunnel på over seks kilometer. Her er det gul midtstripe, so då kan ho liggje på fartsgrensa og vel so det. Politiet har aldri fartskontroll her, og iallfall ikkje inni tunnelar, sidan det er i strid med Arbeidsmiljølova (for mykje eksos-eksponering). Ei heller er det ein fotoboks her. Fotoboksar på bondelandet fungerer liksom ikkje, for då kjem bygdefolket og skrur den ned med éin gong. Lovens lange arm må pent dukke opp sjølv og stå i vegkanten og fartsmåle – om dei torer. Tilbake i 2005 kom ein overivrig politibetjent – fersk frå politihøgskulen – og tok seg til rette i vegkanten med laser. Han prøvde å skrive ut eit forenkla førelegg til tre grimme brør frå den berykta Blodskamdalen ved kommunegrensa. Politibetjenten forsvann sporlaust, og ingen har sett han sidan.

Susanne gassar på. Ho ligg i 120. Blæra held på å sprekke.

Bilen skyt ut av tunnelen og møter den smale vestlandsvegen. Ho er i ein ny kommune. Eit kraftig lys møter ho, og ho skrik til. So kjem det eit overjordisk smell og eit blendande lys.

*

Susanne vaknar opp. Ho finn seg sjølv liggjande i ei kvit, steril seng i eit kvitt, sterilt rom. Auga går i kryss, ho greier ikkje å fokusere. Ho kjenner ei intens eufori-kjensle, som om ho er godt, godt brisen. Hovudet ligg på den mjuke puta, og kroppen er skjult under den kvite, jomfruelege dyna. Berre auga lystrar ho. Resten av kroppen frå topp til tå er fullstendig utanfor hennar kontroll. Til og med tunga og munnen greier ho ikkje å bevege.

Hadde ho ikkje vore so sanselaust høg, hadde ho fått fullstendig panikk.

Døra opnar seg. Inn kjem to unge menneske med lyseblå munnbind, blå uniformsskjorter og kvite bukser. Typiske pleieuniformer som er identiske med uniformene dei tilsette på sjukeheimen i bygda går med når dei tørkar rævene på demente gamlingar.

Dei to snakkar saman på eit framandt tungemål. Det høyrest aust-europeisk ut, utan at Susanne på nokon måte har kjennskap til den slaviske språkfamilien. Det er ei ung jente og ein ung gut, men guten ser langt meir feminin ut enn ein kunne vente. Han har ikkje antyding til skjeggvekst eller kroppshår (anna enn ein tjukk hårmanke med halvlangt hår), og stemma er lys og lett skjelvande. Begge går med glitrande sølvsmykke med vakre, medaljong-aktige anheng.

Jenta går bort til hovudenden til Susanne og ser på ho med eit granskande blikk. Munnbindet skjuler ansiktsuttrykket hennar, men Susanne ser på auga at ho gløder av interesse og noko som liknar på opphissing. Guten blir ståande ved fotenden av senga, lett trippande og lett raudnande.

Døra opnar seg igjen. Denne gongen kjem ein godt vaksen mann i legefrakk inn. I motsetnad til pleiarane går han ikkje med munnbind. Han snakkar til dei to på det same austeuropeiske tungemålet, og dei nikkar lydig til han. Han går bort til Susanne.

«Susanne,» seier han på norsk med utanlandsk aksent. «Velkomen til Håkonsvern med Å! Eg vil informere deg om at du er veldig, veldig heldig. Dette er eit tilbod du ikkje kan takke nei til, og du har allereie takka ja ved å plassere deg i denne situasjonen. Våre menn var i området og såg kva som skjedde. Alternativet til dette er ikkje eit menneskeliv verdt. Kroppen din er kvesta, og eit liv i rullestol som lam pleiepasient er ikkje noko vi unner deg. Framtida di er redda, og du vil bli ein del av historia!»

Det gråskjeggete ansiktet hans lyser av ekstase. Susanne ligg der med kryssa auge, augeloka blir so tunge at ho til slutt må lukke auga.

«Sov godt,» høyrer ho legen seie. «Du treng energien.»

*

Susanne vaknar. Ho finn seg sjølv svevande, omringa av skiljeveggar med nedtrekkbare gardiner i ein ubestemmeleg, grågrønblå farge. Det er framleis umogleg å feste blikket, auga går håplaust i kryss. Euforien ligg der framleis, saman med ei kjensle av å vere oppfylt, nesten som ein ballong. Ho kan skimte kroppen sin, som er heilt naken. Armane heng slapt til sida, medan låra er spreidde. Beina er lett bøygde, og tærne spriker.

Ho prøver å snakke, men tunga lystrar ikkje. Ho greier berre å gape. Tunga kitlar meir og meir dess meir ho prøver å røre på den. Den svevande dama greier verken å snakke eller lage nokon som helst lydar. Ho er stum, lydlaus og visstnok òg vektlaus.

Er dette ein draum?

Det er noko som ikkje heilt stemmer med kroppen. Då ho låg i sjukesenga, hadde ho inga kjensle frå halsen og ned. No er kjensla i kroppen tilbake igjen, men ho greier ikkje å bevege ein muskel. Ikkje so mykje som ein finger eller tå greier ho å lee på. Og ho har ei mystisk herleg kjensle av å ese. Som om ho blir større og større.

Ho ser på brysta sine. Dei struttar noko veldig, langt meir enn dei gjorde då ho var ung. Langt meir enn dei gjorde sjølv under dei verste mjølkespreng-periodane då ho amma sine tre barn (alle vaksne og utflytta for lengst). Brysta er definitivt større. Og brystvortene står nesten på spreng.

Noko anna som òg har vakse, er magen. Ho ser omtrent gravid ut. Og låra er langt breiare enn ho kan hugse at dei var.

Noko manglar rundt halsen. Det stramme sølvsmykket som ho har gått med i 15 år er vekke. Samstundes kjenner ho at ho har noko i øyreflippane. Ho har ikkje gått med øyredobbar på mange år, men dette kjennest nøyaktig ut som øyredobbar. Som perler, rett og slett.

Ei anna kjensle fyller ho med herleg desperasjon og frustrasjon. Blæra er veldig, veldig full. Ho føler nesten for å pisse seg ut. Sameleis har ho so mykje gass i magen at ho omtrent eksploderer. Ho kan like godt prøve å få det ut, sidan ho jo ligg her i lufta og skrevar.

Urinen ligg bokstavleg tala og pressar mot urinrøysopninga. Sameleis ligg all gassen og pressar mot anus. Ingenting skjer. Ingenting kjem ut. Muskulaturen er fullstendig lamma, fullstendig avslappa.

Ei anna kjensle grip ho òg. Ho er vanvitig kåt, verre enn då ho var ei elskovssjuk tenåringsjomfru som låg i senga på jenterommet og fantaserte om 1980-talskjekkasar og gutar ho var avstandsforelska i.

Tilstanden hennar er både pirrande og frustrerande. Ho kan ingenting anna gjere enn å liggje der og sveve og skreve, bresteferdig og sprengkåt. Før eller seinare må det vel kome nokon og hjelpe ho.

Kva i alle dagar har skjedd med Susanne?

Kommenter innlegget