Statsforvaltar Bent Høie legg korta på bordet: «Det var eg som fekk Trond Harald Haaland tvangsinnlagt.»

Dei aller fleste innan alternative media reagerte med sjokk og indignasjon då politi og helsevesen troppa opp på døra heime hjå Trond Harald Haaland i Stavanger og fekk han innesperra på sinnssjukehus. Takka vere kunnig hjelp frå advokat Barbro Paulsen i den norske motstandsrørsla, kunne han etter vel 14 dagar forlate institusjonen som ein fri mann. Alle kjenner den historia, som står som eit skrekkdøme på korleis «systemet» knuser dei som ytrar politisk ukorrekte meiningar. Han kunne fort ha blitt Noregs svar på Reiner Füllmich om ikkje dei rette personane hadde handla riktig til rett tid.

Det har i lengre tid gått eit rykte innan alternative media om at det var maktapparatet i Rogaland som fekk Haaland tvangsinnlagt. I eit nyleg intervju med Stavanger Aftenblad (SA) har sjølvaste statsforvaltaren i fylket lagt korta på bordet. Og den mannen er ingen ringare enn Bent «Meter’n» Høie, den tidlegare helseministeren som spelte ei av hovudrollene i covid-skodespelet frå 2020 til 2022. Då bakken byrja å brenne under føtene hans på tampen av Sirkus Korona og ektemannen fekk nok av Bents tyranni, valde han å søkje «tilflukt» i sitt heimfylke, langt vekke frå maktas korridorar på Løvebakken.

Bent møter SA sin journalist på kontoret sitt sentralt i Stavanger. Med blanke auge sit han og snakkar om den tøffe tida etter «koronaens fall» i 2022. Ekteskapsproblem, trugslar om attentat, hets og uthenging i alternative media. Han legg ikkje skjul på at alle konspirasjonsteoriane som florerer har sett sitt preg.

Og det heile toppa seg sommaren 2023, då ein av desse motstandsmennene posta litt for mange avslørande innlegg på sin Facebook-konto.

«Det var sekretæren min som tipsa meg om mister Haaland,» seier Bent. «Då eg fekk ei utskrift av dei vel 200 innlegga mannen posta på litt under eit døgn, var det som om bakken gav etter under meg. Det var ingenting anna å gjere enn å trykkje på den raude knappen.»

«Var det altso du som fekk Haaland tvangsinnlagt?» spør journalisten.

Bent nikkar kort, men bestemt.

«Det var eg,» svarer han. «Eg tok ein telefon til øvste leiar på SUS [Stavanger universitetssjukehus], og Haaland fekk ein time seinare besøk av politi og helsevesen. Heldigvis viste det seg at han frå før hadde ein psykiatrisk diagnose, so då gjekk ting fort og greitt. Det norske helsevesenet skal seiast å ikkje fungere lenger, men i dette tilfellet gjorde det nettopp det.»

«No viser det seg i ettertid at det var ulovleg å sperre Haaland inne på galehus,» seier journalisten.

«Ulovleg og ulovleg.» Bent smiler svakt i det skjeggete trynet. «Lova kan alltids strekkjast litt når det er behov. Han var slem gut og måtte få eit klaps på rumpa, rett og slett. Det er visse ting ein ikkje kan ytre seg om i det offentlege rommet. Spesielt ikkje om ein er psykisk sjuk. Då må ein vel gjerne beskyttast mot seg sjølv.» Auga blir mørke. «Slike folk har ingenting å gjere i det offentlege rommet.»

«Har du høyrt noko meir frå Barbro eller andre i motstandsrørsla?» spør journalisten.

«Ingenting. Haaland og ho snakka ei stund om å saksøkje oss.» Han flirer. «Berre tanken er absurd. Saksøkje sjølvaste Statsforvaltaren? Det skjer ikkje. Rettssystemet er jo rigga, og dommaren i Stavanger tingrett er ein av mine beste venner. Dei kjem til å tape so det ljomar, og det veit dei nok. Nei, eg ser ikkje på Haaland som ein trugsel. Det har eg aldri gjort. Eg synest meir synd på han enn eg fryktar han. Akkurat som resten av samansuriet.»

«Fryktar du andre aktørar innan alternative media?»

Bent sit ei stund og tenkjer. So bryt han ut i latter. Faktisk ler han so tårene trillar. Etter ei stund greier han å samle seg igjen.

«Ingen. Dei er som tannlause hundar heile gjengen. Bjeffar, bjeffar og bjeffar, men dei kan ikkje bite.»

«Sjølv ikkje Steigan? Han kjenner jo folk i systemet.»

«Ja, men han er jo gammal som grunnfjellet! Faktisk forbausar det meg at han framleis held koken. Sameleis han der pensjonerte psykologen i Bergen. Då er det litt verre med… dei som er yngre.» Auga blir mørke igjen. «Slik som Saksyndig.»

«Kven er Saksyndig?» spør journalisten.

«Ingen. Absolutt ingen.» Bent gjer teikn på at intervjuet byrjar å nærme seg slutten. «Vel, eg må snart runde av. Eg skal møte ordføraren på lunsj nede i hamna.»

«Takk for tida di, Bent.»

«Eg føretrekkjer Statsforvaltar Høie.»

«Orsak.»

Bent viser journalisten vegen ut av det store, solbada kontoret. Og med dette seier vi for denne gong takk til han.

Kommenter innlegget