Denne artikkelen er fyrst og fremst meint for dei som enno ikkje har vakna, og som må ha det inn med teskei.
Covid-19-«pandemien», kjent som mellom anna plandemien og Sirkus Korona, handla mindre om eit påstått allmennfarleg virus og meir om eit forsøk frå verdseliten på å få meir kontroll over folket. Prosjektet hadde som mål å frårøve folk fridommen og sine grunnleggjande rettar, omforme økonomien og innføre ein «ny verdsorden» under påskot av folkehelse. Denne nifst listige planen kan førast tilbake til mellom anna den fyrste generaldirektøren i WHO på midten av 1900-talet. Moderne institusjonar (FN og WEF (World Economic Forum)) bruker kriser i eit forsøk på å oppnå sentralisert kontroll.
Det er den tilårskomne legen Vernon Coleman som kjem med desse påstandane i boka si Old Man in a Chair: The Startling Truth Behind the Planned World Takeover («Gammal mann i ein stol: Den oppsiktsvekkjande sanninga om den planlagde overtakinga av verda»). Dr. Coleman har heilt sidan byrjinga på «pandemien» i 2020 vore ein av dei mest prominente kritikarane av den sokalla handteringa, der han spesielt har sagt at «pandemien» hadde som mål å ta livet av flest mogleg eldre.
Belle Carter i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ei verd som er halden i eit jarngrep av frykt og uvisse, har éin mann våga å utfordre det offisielle narrativet – ved å hevde at Wuhan-koronavirus (covid-19)-pandemien ikkje berre var ei folkehelsekrise, men ein nøye iscenesett plan for global kontroll. Vernon Coleman, ein britisk forfattar og tidlegare lege, legg fram dette provokative argumentet i boka si Old Man in a Chair: The Startling Truth Behind the Planned World Takeover.
Coleman hevdar at mektige elitar – milliardærar, globalistorganisasjonar og ikkje-valde byråkratar – har utnytta pandemipanikken til å avvikle personleg fridom, omforme økonomiar og tvinge inn ein dystopisk «ny verdsorden». Påstandane hans, som av mange blir avvist som konspirasjonsteoriar, har likevel skapt hissig debatt blant dei som er skeptiske til hovudstraums-pandemipolitikk.
Coleman si reise inn i kontroversen byrja då han fyrst prøvde å få publisert ei bok som var kritisk til koronavirus-responsen. Han vart fortalt at han ikkje kunne bruke ordet ‘koronavirus’ verken i tittelen eller teksten – ein restriksjon han omgjekk ved å nemne det meir enn 250 gonger utan å direkte kalle opp verket etter det. ‘Å skrive om den største svindelen i historia medan ein blir tvinga til å unngå å nemne namnet på den, var absurd,’ kommenterte Coleman seinare. […]
Boka argumenterer at termar slik som ‘vaksine’ og ‘munnbind’ vart lingvistiske landminer, der dissidentar stod overfor sensur eller motbør. Coleman held fast på at denne undertrykkinga var gjort med vilje – del av ein vidare strategi for å kvele opposisjon medan ein sette fram ein skjult agenda.
Coleman sporar opphavet til denne påståtte konspirasjonen tilbake til midten av 1900-talet, og viser til den fyrste generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon [WHO], George Brock Chisholm, som openlyst var forkjempar for å avvikle nasjonal suverenitet og religiøse truer for å oppnå globalt styre. Han viser òg til den berykta erklæringa til James Paul Warburg i det amerikanske senatet i 1950: ‘Vi skal få verdsregjering anten vi vil eller ikkje.’»
Aktørar slik som WEF har brukt kriser som påskot på innføring av sentralisert kontroll, alt frå myten om global oppvarming til covid-19. Sistnemnde fekk, som vi alle hugsar, dramatisk fortgang i denne prosessen.
I artikkelen står det vidare:
«Blant dei mest eksplosive påstandane i Old Man in a Chair er den at pandemipolitikken bevisst retta seg mot eldre. Coleman påstår at nedstengingar isolerte sårbare grupper i befolkninga, noko som førde til massedødsfall på sjukeheimar, medan sjukehus fekk incentiv til å klassifisere dødsfall som covid-relaterte. ‘Dei lét ikkje berre eldre døy – dei styrte det,’ skriv han.»
Den verst tenkjelege framtida, ifølgje Coleman, er ei der kontantar er avskaffa, landbruk blir gjort av digre konsern, og innbyggjarar blir stuva saman i «smartbyar» der dei blir konstant overvaka.
«So fort de misser økonomisk autonomi, misser de fridommen,» seier Coleman åtvarande.
Det Coleman meiner la grunnlaget for dei verdsomspennande nedstengingane, var dei totalt uvitskaplege og vilt overdrivne estimata til epidemiolog Neil Ferguson ved Imperial College London. Dei tidlegare modellane til Ferguson (slik som modellar for kugalskap og svineinfluensa) viste seg å vere heilt på jordet. Særs mangelfull vitskap skremde folket til lydigheit.
Vi veit i dag at dei økonomiske og psykologiske kostnadene til nedstengingane var langt verre enn påverknaden til sjølve viruset. «Kuren var dødelegare enn sjukdommen,» argumenterer Coleman. Vi har i dag ei mentalhelsekrise, stor arbeidsløyse og ei uforsonleg splitting i samfunnet.
Coleman si avslutningsoppfordring er følgjande:
Ikkje stol på statlege narrativ, avvis massemediepropaganda og stå imot tyranni. Det handla aldri om eit virus, det handla om makt.
