Den frykta og vansirande sjukdommen koppar vart erklært utrydda av WHO i 1980, 184 år etter at Edward Jenner utvikla vaksine mot koppar i 1796. Utryddinga av sjukdommen vart erklært 13 år etter at WHO sette i gang Pox Eradication Program («koppeutryddingsprogrammet») i 1967. Vaksinetilhengjarar trekkjer gjerne fram koppar som eit bevis for at vaksinar er trygge og effektive, men er det sant at koppevaksinen er det?
Allereie i 1868 publiserte ein lege eit essay som fordømte koppevaksinen som unaudsynleg, ineffektiv og utrygg. Forskinga hans avslørte alarmerande dødelegheitsratar blant vaksinerte personar, og antyda at vaksinen auka tilbøyelegheita til å få andre sjukdommar. I tillegg førde vaksinasjon mot koppar til ein stor auke av spedbarnsdødelegheit og sjukdommar slik som meslingar og skarlaksfeber (bokmål skarlagensfeber).
Det er ikkje vanskeleg å sjå parallellar mot koppevaksine-kontroversen og covid-19-skandalen. Begge får ein til å stille spørsmål ved dei sanne motiva bak massevaksinasjonskampanjar.
Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I annalane til medisinhistoria har få debattar vore so betente som den rundt koppevaksinen. I 1868 publiserte dr. Charles T. Pearce, ein engelsk lege og tidleg motstandar av obligatorisk vaksinasjon, eit 120-siders essay med tittelen Vaccination: its tested effects on health, mortality and population [«Vaksinasjon: dei testa effektane til den på helse, dødelegheit og befolkning»]. Dette essayet, som er tilgjengeleg i Wellcome-samlinga, gjev ein fordømmande kritikk av koppevaksinen, og stiller spørsmål ved effektiviteten til den, kor trygg den er og etiske implikasjonar. Argumenta til Pearce, som har røter i grundige observasjonar og dataanalyse, resonnerer med den noverande skepsisen mot vaksinar, spesielt i lys av covid-19-skandalen.
Skepsisen til Pearce mot koppevaksinen har sitt opphav i hans observasjonar av høge dødelegheitsratar blant vaksinerte personar. Han skreiv at «eit stort tal [vaksinerte personar] som gjekk bort i sin beste alder, medan dei som høyrde til dei same familiane, som hadde hatt koppar, levde til dei var gamle». Denne observasjonen fekk han til å konkludere at vaksinasjon, medan den potensielt motverka koppar, auka risikoen av å døy av andre sjukdommar.
Bekymringane til Pearce kom ikkje ut av det blå. Han sette søkjelys på tilfellet med Jenners eigen son, som døydde av tuberkulose (på den tida kjent som tæring [engelsk consumption]) etter å ha blitt vaksinert. «Det er eit merkverdig faktum at Jenners fyrste barn, hans eldste son, som han eksperimenterte på, i etterkant døydde av tæring,» skreiv Pearce. Han peikte òg på at «ein annan av hans forsøkspersonar, mannen Phipps, som Jenner vaksinerte, òg døydde av tæring».
Undersøkingane til Pearce fekk han til å tru at koppevaksinen ikkje berre var ineffektiv, men òg farleg. Han argumenterte at lymfa som vart brukt i vaksinane, overført frå person til person, ofte var kontaminert. «Dei grinande, sjukelege spedbarna, avkomma til dei forderva, dei sjukdomsherja, dei dårleg ernærte og dårleg kledde i London, som blir frakta i hordar til den offentlege vaksinatøren for å motta ei velsigning,» skreiv han, «er altfor ofte, i staden for ei velsigning, mottakarane av frøa til sjukdom og tidleg død.» […]
Kritikken til Pearce utvida seg til å òg omfatte den dåverande politikken med obligatorisk vaksinasjon. Han argumenterte at denne politikken ikkje berre var etisk tvilsam, men òg øydeleggjande for folkehelsa. «Sidan Compulsory Vaccination Act [«Lov om obligatorisk vaksinasjon»] vart sett i kraft [i 1853] har der vore 254 000 overtalsdødsfall blant spedbarn på sju år,» skreiv han. Denne alarmerande statistikken antyda at obligatorisk vaksinasjon gjorde meir skade enn godt.
Vidare merka Pearce ein betydeleg auke i dødsfall av meslingar og skarlaksfeber etter innføringa av obligatorisk vaksinasjon. Han presenterte data frå Registrar General’s Report 1865, som viste ein auke i årlege dødsfall per million av desse sjukdommane. «I åra 1850-1854 låg årlege dødsfall på 1296,8 per million, for so å stige til 1515,6 i perioden 1855-1859, for so å igjen auke til 1668 i perioden 1860-1864,» skreiv han.
Funna til Pearce får ein til å stille viktige spørsmål om dei utilsikta konsekvensane av massevaksinasjonskampanjar. Arbeidet hans antydar at fokuset på å utrydde éin sjukdom ved eit uhell kan forverre andre, ei bekymring som framleis er relevant den dag i dag.»
Johnson skriv avslutningsvis at parallellane til covid-19-skandalen på 2020-talet er slåande:
«Begge situasjonar involverer utbreidde vaksinasjonskampanjar, statlege påbod, og betydeleg folkeleg motstand. Pearce sin kritikk av koppevaksinen er òg lik bekymringane til mange som stiller spørsmål ved tryggleiken og effektiviteten til covid-19-vaksinane.
Pearce sin observasjon «Vaksinasjon, slik den for tida blir praktisert, er ein hån», resonnerer med dei som argumenterer at covid-19-vaksinar i all hast vart frakta ut på marknaden utan tilstrekkjelege langtids-tryggleiksdata. […] I tillegg er Pearce si vektlegging av dei etiske implikasjonane til obligatorisk vaksinasjon relevant til den noverande debatten om vaksinepåbod. […]»
Pearce gjekk so langt som å skildre vaksinasjon som eit brotsverk mot naturen. Sjølve kjernen i teamet vaksinasjon er balansen mellom individuell fridom og kroppsleg autonomi, og dei meir eller mindre forrykte krava til folkehelse-kollektivismen.
Spørsmålet ein sjølv kan stille seg, i Johnson sine ord, er:
«er vaksinar dei frelsarane dei ofte blir påstått å vere, eller er dei del av ei større, meir kompleks historie? I staden for at medisinske profesjonelle set vaksinar på ein pidestall, er det på tide å ta medisinsk ansvar og praktisere ekte informert samtykke rundt kvart eit aspekt av vaksinasjon. Den ekte historia til vaksinasjon treng å forteljast, og ein treng skepsis, ikkje blind dyrking.»
Som vanleg når det gjeld kontroversielle medisinske tema, vil Saksyndig oppfordre lesaren til å gjere eigne undersøkingar.
