Banan-Paulina involvert i sekretæraffære og nakenbilete på avvege

Sjå òg «Bananfobi kan vere ei form for penisfrykt», publisert 16.november 2024.

Svenske Paulina Brandberg frå partiet Liberalerna (L) stod i november i fjor fram som bananfobikar. Ho sa i full offentlegheit – og i fullt alvor – at ho hadde ei intens frykt for bananar, og at staben hennar måtte fjerne spor av bananar i alle rom ho skulle opphalde seg i. Statssekretæren hennar sende i forkant av ein VIP-lunsj med Domstolsverket ut ein e-post der det stod at ho hadde allergi mot bananar, men dette viste seg seinare å vere ein fobi, som Paulina sjølv bekrefta.

Banan-Paulina har igjen vekt kontrovers, denne gongen om langt meir alvorlegare ting enn bananfobi. Uten Filter skriv:

«En politisk skandale har rystet Sverige etter at påstander om en ministers private liv har kommet frem i lyset. Ifølge den svenske nyhetssiden Fria Tider skal Paulina Brandberg, en minister fra Liberalerna (L) som har kjempet for å forby sugardating og plattformer som OnlyFans, ha vært involvert i en affære med sin egen sekretær.

Ryktene hevder at de to utvekslet nakenbilder som senere havnet på avveie, noe som har ført til hennes påståtte avgang fra stillingen. Saken har skapt storm i svenske medier og på sosiale plattformer, der debatten nå handler like mye om hykleri som om de faktiske hendelsene.»

Det er uvisst om det er same sekretær som prøvde å reinvaske ho for bananfobi. Like fullt er skandalen eit faktum. Og kva er so «sugardating»? Det er når «yngre personer ofte mottar økonomisk støtte fra eldre, velstående individer i bytte mot selskap eller intime relasjoner». Ei jente som finn seg ein rik kar som kunne ha vore faren hennar, har altso fått seg ein «sugar daddy».

Og kvifor meiner Banan-Paulina at slikt er so kontroversielt?

«Brandberg har argumentert for at slike forhold undergraver likestilling og utsetter sårbare personer for press og utnyttelse. Hennes forslag om å regulere eller forby plattformer som OnlyFans, der brukere kan selge eget innhold, inkludert voksenmateriale, har også vakt oppsikt.»

Hennar iver etter å detaljregulere aspekt i livet til folk som ho har ingen verdas ting med, har no slått tilbake på ho sjølv:

«Ifølge Fria Tider skal Brandberg ha hatt en hemmelig affære med sin sekretær, en yngre medarbeider i hennes stab. Påstandene hevder at de to utvekslet intime bilder via private meldinger, men at disse bildene senere ble lekket eller distribuert utilsiktet. Det er uklart hvordan materialet kom på avveie, men spekulasjonene har gått varme i svenske kommentarfelt og på sosiale medier som X.»

Publikum har delte reaksjonar. Enkelte peiker på ironien og hykleriet i at nokon som ønskjer å regulere andre folk sitt privatliv, sjølv hamnar i ein skandale nettopp knytt til høgst private bilete. Andre meiner dette kan vere eit forsøk på å sverte Banan-Paulina i ein politisk maktkamp. Som vi veit, er ikkje akkurat maktkampar og skitne triks eit ukjent fenomen i politikken – og tydelegvis heller ikkje i Sverige.

Sjå òg «Maktkamp og hemn i Ap: ‘Alvorleg lovbrot’ i 2010 vart fyrst varsla i 2025», publisert 4.april 2025, og «2021 og 2022: ‘Verdens beste Tore’. 2025: ‘Tore utførde alvorleg lovbrot mot meg i 2010’», publisert 6.april 2025.

Som ein konsekvens har Banan-Paulina no trekt seg frå stillinga si som minister, dette ifølgje fleire kjelder. «Intern usemje» i partiet skal ha vore ein grunn, ifølgje ei kjelde nær regjeringa som uttala seg anonymt til Aftonbladet.

Det store spørsmålet alle stiller seg er om dei påståtte nakenbileta i det heile teke eksisterer. Saksyndig lurer i tillegg på om nokon av bileta inneheld bananar. Begge desse viktige spørsmåla vil vi truleg få svar på i næraste framtid.

Kommenter innlegget