Solipsisme: Alt du ser kan vere produkt av din eigen fantasi

Den kontroversielle filosofiske ideen solipsisme går ut på at vi berre kan vere sikre på eksistensen av vårt eige medvit. Alt anna kan vere produkt av vårt eige sinn, eller eigne illusjonar eller fantasiar. Einar Eldøy skriv om sine tankar rundt dette konseptet på nettstaden NyttNorge 8.april 2025, og tanken er både skremmande og fascinerande. Saksyndig presenterer her sine eigne tankar rundt denne haldninga.

14.mars 2025 publiserte eg ein artikkel med tittelen «Er vi omringa av NPC-ar?», der eg drøftar moglegheita for at mange menneske – kanskje fleirtalet – har ingen sjølvstendige meiningar, og ser ut til å mangle eigentleg refleksjonsevne. Dei tenkjer ikkje, dei berre handlar, akkurat som dyr.

To månader tidlegare, 13.januar 2025, publiserte eg ein artikkel med tittelen « ‘Synchronicity’: Mogleg evidens for at vi lever i ei datasimulering – mi personlege erfaring». Der snakka eg om ei rekkje tilfeldige hendingar som gjorde at eg kom på det som eg no oppfattar som riktig veg i livet. Etter 17 år i helsesektoren og ei usakleg oppseiing var eg utsliten og møkkalei, og hadde gått arbeidsledig i lengre tid. Eg var uønskt hjå arbeidsgjevarar innan helse og omsorg, og såg ingen annan utveg enn å skifte karriere. Dette fekk eg uventa hjelp til, og i systerartikkelen «Ein serie utrulege lykketreff gav meg min noverande jobb», publisert dagen etterpå, skriv eg meir om det. Eg var fyrst usannsynleg uheldig, for deretter å vere usannsynleg heldig.

Desse to artiklane er, slik eg tolkar det, evidens for at røyndommen slik vi alle kjenner den, kanskje ikkje er so tilfeldig, kaotisk og fysisk som vi trur at den er. Her kjem solipsismen inn som ein slags berebjelke: Kva om alt dette berre er rein innbilling? Kva om sjølve menneskesinnet er ein rein illusjon, og at vi eigentleg er deltakarar i ei særs godt utført datasimulering?

Når vi går tilbake til nemnde NyttNorge-artikkel, kjem Einar Eldøy med ei grunnleggjande inndeling av solipsismen. Han skriv (uthevingar er NyttNorge sine):

«Det er viktig å skille mellom metodisk solipsisme, som er et verktøy for å stille spørsmål ved virkeligheten, og metafysisk solipsisme, som hevder at ingen andre bevisstheter enn din egen eksisterer. Den første brukes ofte i filosofisk analyse, mens den andre er en mer ekstrem og kontroversiell påstand.»

Røyndommen kan gjerne stillast spørsmål ved, og av og til bør vi det. Dei aller fleste har nok opplevd at medmenneska rundt ein gjerne hugsar hendingar annleis enn ein sjølv hugsar dei. Dette kan vere alt frå arbeidskollegaen som hugsar ei hending som gjekk føre seg heilt annleis enn du sjølv gjer det, slik at du frå sjefens perspektiv «ikkje kjenner deg igjen i skildringane». Overført til samfunnsnivå blir denne feilaktige erindringa av ei hending kalla Mandela-effekten, som er knytt opp til det som innan psykologi blir kalla konfabulasjon. Folk hugsar hendingar som ikkje er reelle, men utan at dei har som intensjon å lyge. Dette er vanlegvis eit teikn på sjukdom i hjernen, men når det gjeld nemnde Mandela-effekt blir det vanskelegare å snakke om ein «sjukdom». Folk hugsar ting slik dei vil hugse dei.

Sjølv for dei som avviser solipsismen som for kontroversiell og radikal, er der element i den som ikkje kan ignorerast. Det er eit faktum at røyndommen har ein tendens til å bli slik du trur at den er. Dei som har ein dårleg dag, vil ofte oppleve at alt og alle er imot ein, sjølv om det i mange tilfelle blir vanskeleg å snakke om vond vilje frå omverda. Til dømes regn på ein dag ein hadde planlagt ein piknik blir av enkelte tolka som at «nokon» vil ein vondt. Eller at ein bil som bryt vikeplikta nesten fører til kollisjon fordi den andre sjåføren er ute etter å «ta ein». Motsett, om ein trur at alt kjem til å ordne seg, har dagen ein tendens til å flyte lettare. Då kan ein gjerne stille spørsmålet om sinnet blir forma av omverda, eller om omverda blir forma av sinnet. I ei reint fysisk verd utan slike «overnaturlege» retningslinjer hadde ikkje slikt vore mogleg.

Er alle menneska rundt deg verkelege, eller er dei eit produkt av din fantasi? Her grensar vi frå filosofi over til psykiatri. Om du ser menneske som ingen andre ser, er dette som regel ein indikator på eit langt større problem enn filosofiske dilemma. Det ein derimot kan stille spørsmål ved, er om alle menneska rundt ein har dei same evnene til refleksjon og djup tankeverksemd som du sjølv har. Svaret er beviseleg nei. Det ein tenkjer er det ein gjer, og tankelause handlingar er nettopp det.

Å fullstendig gje seg hen til tanken om at ingenting er verkeleg, er derimot ein tåpeleg idé. Samfunnet treng at vi trur på at det faktisk eksisterer. Alle må før eller seinare samhandle og samarbeide med medmenneske, om dei er «ekte» eller ikkje. Og om dette berre er ei datasimulering, kan ein trøyste seg med tanken om at den ekte verda sannsynlegvis er langt verre. Kvifor skulle ein elles gjennomføre ei slik tankeflukt?

Kommenter innlegget