«Mangfald» i det britiske politiet: Kvite jobbsøkjarar blir valt vekk

Det byrjar å bli ganske mange tiår sidan farga personar vart diskriminerte i jobbsamanheng og andre arenaer i samfunnet. Dette gjaldt ikkje berre hudfarge. I Storbritannia var til dømes irar uønskte som jobbsøkjarar eller leigebuarar. I Oslo skal nordlendingar ein gong i tida ha vore uønskte som leigebuarar. Måten bergensarar i gamle dagar behandla strilar på kan òg sjåast på som diskriminering. Alle desse situasjonane har til felles at ei folkegruppe vart diskriminert på grunn av hudfarge, språk eller gruppetilhøyrsle.

I våre dagar er dette snudd på hovudet. No er det kvite som møter diskriminering. Makta kallar det naturlegvis ikkje diskriminering, men «mangfald». Ikkje-kvite skal kvoterast inn i alle slags jobbar – medan kvite blir valt vekk.

Dette ser ein eit godt døme på i denne artikkelen frå Remix News, der politiet i West Yorkshire i England i praksis har gjort det vanskeleg eller umogleg for kvite å få jobb i politiet. Thomas Brooke skriv for Remix News (Saksyndig si omsetjing):

«Kvite jobbsøkjarar med britisk eller aust-europeisk bakgrunn er i disfavør når dei søkjer på stillingar som politikonstabel i ein av dei største politistyrkane i Storbritannia, ifølgje reportasjar av avisa The Telegraph.

Det har kome fram at West Yorkshire-politiet tillèt svarte, asiatiske og minoritetsetniske (BAME [black, Asian and Minority Ethnic]) kandidatar levere inn jobbsøknader året rundt, medan kvite må vente på spesifikke rekrutteringsperiodar, noko som har utløyst skuldingar om positiv diskriminering.

Politiet hevdar at trekket er laga for å få opp mangfaldstala og gjere det multikulturelle samfunnet i området meir gjenspegla i politiet.

Ein intern varslar sa til den britiske avisa at svarte og asiatiske kandidatar blir merkte som ‘gull’-kategori-kandidatar, og blir oppmuntra til å søkje når som helst. Kvite kandidatar frå Storbritannia, Irland og Aust-Europa er til samanlikning ‘bronse’-kandidatar.

Heller enn å fokusere på kor kvalifisert ein kandidat er, fører merkinga i praksis til at kandidatar heller blir prioritert utifrå hudfargen deira.

Ifølgje dokument som The Telegraph har sett igjennom, uttrykte varslaren bekymring overfor leiinga på grunn av søknadsprosessen, og sa: ‘Prosessen legg avgrensingar på moglegheita for å stige i gradene for kvite, britiske kandidatar, medan personar med andre bakgrunnar raskt blir slusa gjennom rekrutteringsstadia’.

‘Vi tek for tida imot søknader på dei to politikonstabel-introduksjonsprogramma (uniform og detective [etterforskar]) frå folk frå våre underrepresenterte grupper… Om du ikkje høyrer til ei av desse gruppene, vennlegast hald fram med å sjekke denne sida for framtidige rekrutteringshøve,’ står det å lese på rekrutteringssida til nettsida til West Yorkshire-politiet.

Styrken, som er den fjerde største i Storbritannia, insisterte at ‘å late folk med bakgrunn frå ein etnisk minoritet søkje tidleg, gjev dei ikkje ein fordel i søknadsprosessen’, og at alle søknader blir haldne tilbake fram til rekrutteringa blir opna for alle’.

West Yorkshire, eit fylke nord i England, har blitt eit stadig meir mangfaldsrikt område i Storbritannia med ei stor asiatisk befolkning, spesielt frå India og Pakistan.

Ifølgje ei spørjeundersøking frå 2021, identifiserte 23,4% av befolkninga i West Yorkshire seg som å høyre til ikkje-kvite etniske grupper. Dette var meir enn ei dobling frå dei 11,4% som vart registrert to tiår tidlegare i 2001-spørjeundersøkinga.»

Saksyndig-redaktøren var ofte i Storbritannia på ferie i gode, gamle dagar. Eg la merke til at spesielt i London var det i enkelte område meir farga enn kvite, og at eg i hjartet av England stundom hadde problem med å gjere meg forstått på engelsk med lokalbefolkninga. Om stoda var slik for mange år sidan, er den truleg verre no.

Kvotering basert på andre kriterium enn kvalifikasjonar, meritt og kor godt eigna ein er for yrket, har blitt vanleg òg i andre land i Vesten, inkludert i Noreg. West Yorkshire-politiet hevdar at ingen jobbintervju finn stad før rekrutteringsvindauget blir opna for alle kandidatar (inkludert kvite). Avslutningsvis står det i artikkelen:

«Varslaren antyda derimot at medan dette grovt sett er riktig, blir minoritetsetniske kandidatar jamleg ‘luka ut og invitert til eit intervju før kvite kandidatar i det heile teke kan søkje’.»

I Noreg ser stoda i politiet ikkje ut til å vere slik enno. Framleis er det stort sett kvite, innfødde nordmenn blant alle dei barske politimennene som står i vegkanten og bøtelegg vanlege folk. Det er truleg alle etterforskarane som henlegg 95% av alle melde politisaker òg. Vi kan enno trøyste oss med at det elendige arbeidet politiet gjer i Noreg i dag ikkje har noko med hudfargebasert innkvotering å gjere.

Kommenter innlegget