Blending og rekruttering

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Ute på Håkonsvern med Å sit kontorslaven Elin på sin mjuke, behagelege stol og vrir på seg medan dei små dokkenevane kjærteiknar det svarte tastaturet til den toppmoderne PC-en. Gjenferdet til nakne, arm- og beinlause Midazolam-Merete svevar oppe i hjørnet og stirar på ho med auge som aldri blinkar. Sølvsmykket med det hjarteforma diamantanhenget glitrar mot den kvite, nakne huda, og perleøyredobbane skin udødelege på begge sider av ansiktet. Dei identiske øyredobbane glitrar mot den raude huda til Elin, og det same sølvsmykket skin mot den mørkebrune, høghalsa genserkjolen ho har på seg. Dei kvite, jomfruelege knestrømpene held dei frodige låra i fangenskap. Føtene heng ned som to slappe vedheng, heilt urørlege. Ho har ikkje sko på seg.

Merete har vore fanga i dette kontorlandskapet sidan ho på mystisk vis vart materialisert her. Ho og Elin.

Monotonien blir brått broten. Mektige Erika trippar lett og leikent rundt hjørnet. Ho er staseleg kledd i ei mørkeblå jakke og eit skjørt i same farge. Gulløyreringane og dei tre gullsmykka glitrar mot den bleike huda. Eit triumferande, ekstatisk smil gjer eit mislykka forsøk på å pynte det feite, skamsminka trynet.

«Vårt fyrste kull har no blitt avballongifisert…!» mekrar den psykopatiske gratispa. «Dei har blitt overflytta til vår offisielle avdeling oppe på bakkenivå, der dei skal gjennomgå omfattande terapi for å igjen kunne fungere i samfunnet…!»

«Det er gode nyheiter, mektige Erika…!!» klynkar desperate, sprengjeferdige Elin medan ho sakte strekkjer på seg. Dei store puppane står rett ut, brystvortene er godt synlege på det tynne, men varmande stoffet.

«Dei kjem ikkje til å leve i fattigdom heller…!» kurrar den blonde megga medan ho trippar lett og leikent bort til kontorslaven. «Dei har alle fått 83 000 skattefrie kroner inn på kontoen ein gong i månaden sidan april 2024, og dei pengane vil kome godt med, for å seie det slik…! Eg tviler på at nokon av dei nokosinne vil fungere i lønt arbeid igjen…! Ikkje etter ein slik periode…! Faktisk burde dei alle gå jamleg til psykolog for å avdekkje kva slags mentale og psykologiske skadar dei kan ha blitt påført…!»

«Det høyrest rimeleg ut, mektige Erika…!!» klynkar Elin der ho sit sprengjeferdig og vrir på seg. Auga lyser komisk desperate bak brilleglasa. «Når skal dei sleppast fri…??»

«Sleppast fri?» Erika fniser som ei lita førskulejente. «Det bestemmer våre overordna…! Kanskje når dei klarer seg sjølv…! Men dei må underteikne ei avtale om streng teieplikt…! Bryt dei den på noko vis, til dømes ved å gå til media, ber det rett tilbake til ei permanent tilvære som ballongtryne…!» Auga vandrar tankefullt til sida. «Men kanskje det er det enkelte av dei vil…! Det er jo i grunnen ganske deilig å berre liggje der og sveve…! Sjølv om du er konstant pissetrengt og sprengkåt…!» Ho ser rett inn i restane av sjela til Elin. «Og når ein snakkar om sola…! Når vart du sist tømt? Du ser ut som ein ballong som held på å sprekke…!»

Elin blir tomatraud i det tjukke trynet og bit seg ømt i leppene.

«I går morgon…!!» nærast kviskrar ho med ei skjelven stemme.

«Har du lyst at ei av dei søte pleiarjentene skal kome og kateterisere deg?» Elin nikkar kort, men ivrig. Erika trippar bak ho og legg hendene på dei lett skjelvande skuldrene. «Hmm, kanskje i ettermiddag…! Det er litt travelt der nede no…! Det er venta eit nytt kull i løpet av dagvakta, etter at våre blendarar har vore ute og rekruttert…! Men eg skal vidareformidle behovet ditt, søte slave…!»

Erika gjev Elin eit lett kyss i nakken som får heile det pissetrengte damefjellet til å bivre. So trippar ho lett og leikent ut.

Monotonien er igjen der som ein skugge dei ikkje kan sleppe unna. Elin og Merete vrir på seg der dei sit fanga. Eit svakt stønn lyd frå begge to.

*

Nabobygda til det vesle avholet som Susanne er fødd og oppvaksen i, er marginalt større. Her er ein bensinstasjon, ein kafé/kiosk, ein Bunnpris og ei lita småbåthamn. Eit ferjeleie knyter denne regionen til omverda. Karl sin trufaste bil står parkert utanfor kafeen/kiosken, og han sjølv sit ved eit av fem bord i det vesle, varme lokalet. Sjøen går i kvitt utpå, og ein måse greier med naud å neppe å navigere seg inn mot land. Ferja er å skimte på andre sida av fjorden. Lukta av kaffi, vaflar og sosekjøt ligg tung i lokalet, og bak disken står ei dame i 40-åra og tørkar eit stort metallbrett med profesjonell iver. Ho er blond, rimeleg lekker og har eit vakkert gullsmykke med eit kors som dinglar lett og leikent over den djupe kløfta.

Karl sit der med kaffi og ein porsjon anstendig sosekjøt. Hans kjelde kan dukke opp når som helst. Mobilen ligg klar på bordet til å avleggje rapport so fort han er på ferja, der ingen kan høyre han. Fyren kan knapt vente med å kome seg vekk frå denne avkroken, og han misunner på ingen måte dei som er dømt til å bu her.

Døra går opp. Blondina bak disken ser med merksame dådyrauge på den brunhåra, alvorlege, tynne karen som kjem inn. Dei vakne, sjøgrøne auga hans får auge på Karl, og eit vagt smil dukkar opp i det fotogene ansiktet. Karl nikkar tilbake, reiser seg og handhelsar. Dei to mannfolka set seg ved bordet.

«Et du middag?» spør mannen.

«Eg vart so grådig svolten av å leike gøymsel med politiet,» svarer Karl.

«Sosekjøtet til Ksana er legendarisk,» seier mannen. «Noreg gjorde eit klokt val å hente ho ut av Ukraina.»

«Ho kan iallfall lage mat.» Karl kastar ho eit blikk. Ho står der med ryggen til og tørkar ivrig av det store bordet inne på kjøkkenet. «Og so fort krigen er nokolunde over, reiser ho nok med fyrste fly tilbake til Mariupol.»

«Hmm, sei ikkje det. Dei fleste ukrainarane eg har snakka med, var sjeleglade for å kome seg ut av det korrupte mafia-avholet.»

«Korrupt? I motsetnad til Noreg, meiner du?» Karl glefsar i seg ein gaffel sosekjøt, poteter og ertestuing.

«Misforstå meg rett, Karl, eg meiner at ukrainarane sjølve ikkje vil reise heimatt. Dei likar seg her i landet. Mange av dei er faktisk i lønt arbeid og gjer nytte for seg i samfunnet. Slik som vår kjære Ksana.»

«Hehe, har du tenkt å fri til ho, eller?»

«Ho har ein alvorleg utviklingshemma son. Og sjølv har eg tre søner, ingen av dei er heldigvis utviklingshemma.»

«Vel, nok om Ukraina, korrupsjon og utviklingshemming.» Karl held seg til magen. Tallerkenen er nesten tom, og magen er full. «Lat oss kome til saka. Eg skal med ei ferje om 30 minutt.»

«Eg har eliminert ‘nordfjordingen’ som stod bak blendeprosjektet her i regionen.» Stemma hans er låg. Ingen høyrer dei over all kjøkkenstøyen og den trivelege country-musikken i bakgrunnen. «Han var ikkje vanskeleg å finne heller, slike folk er ganske so sjeldne her omkring. ‘Alle’ visste kor han budde. No kan han aldri meir stå i vegkanten og ‘rekruttere’ prøvekaninar til Håkonsvern med Å.»

«Godt jobba, Karsten.» Karl drikk ein slurk kaffi. «Greidde du å få tak i apparatet òg?»

«Det var ikkje å finne nokon stad på eigedommen.» Karsten trekkjer på skuldrene. «Hans medsamansvorne har sikkert henta det. Ksana sa ho såg ein lastebil fare med 7:30-ferja i dag tidleg. Eg kom nok akkurat for seint.»

«Hmm, då vil nok dei finne nokon andre til dette. ‘Nordfjordingar’ er som brunsniglar. Fjernar du éin, dukkar fire nye opp.»

«Eg skal passe på. Som sagt… Dei stikk seg ut som mensblod på ein brurekjole her i kring. So fort ein ny ‘brunsnigel’ nærmar seg plenen…» Karsten stryk ein finger over halsen sin.

Karl blir lettare bleik i leten der han sit. Denne Karsten køddar du ikkje med.

«Greitt,» byrjar Karl og hiv i seg siste rest av kaffien. «Eg ser bilar byrjar å stille seg i kø. Og ferja er allereie midtfjords. Takk for informasjonen.»

«Sjølv takk.»

Dei to mennene handhelsar. Snart sit ein lettare skjelven Karl i bilen sin i ferjekøa. Ksana sitt bleike ansikt viser seg raskt i vindauget, før ho som eit spøkjelse forsvinn.

Då ferja er midtfjords, ringjer Karl sjefen sin.

«Hallo, Karl,» svarer den milde, dempa damestemma.

«Hallaisen,» svarer Karl, ti kilo lettare. «Oppdraget er vellykka. Kjelda mi har sjølv teke saka i eigne hender og eliminert fienden. Blendeapparatet, derimot, greidde dei å stikke av med.»

«Godt jobba. Har du tenkt å leite opp apparatet?»

«Eg jobbar med saka. Eg har få spor å gå etter. Ein lastebil tok ferja frå regionen i dag tidleg. Det er alt.»

«Hald meg oppdatert.»

«Naturlegvis. Og eg sender som vanleg reiserekning når eg kjem heim.»

Skyene over han er mørke og illevarslande. Det byrjar å bli temmeleg rufsete utpå. Heldigvis er overfarten snart forbi, og han kan køyre det reimar og tøy kan halde vekk herifrå. Tilbake til den sokalla sivilisasjonen. Han flirer i det ferja legg til kai.

Kommenter innlegget