Denne artikkelen tek utgangspunkt i ein artikkel skriven av Bjørnar Robberstad, som vart publisert på Nyhetsspeilet 10.april 2024. Artikkelen har passande nok tittelen «15 grunner til hvorfor jeg ikke har TV», og kjem med både kritikk og åtvaring mot dette apparatet som er å finne i dei fleste heimar. Robberstad listar opp 15 punkt, som kvar for seg hadde fortent ein eigen artikkel. Saksyndig skal her kommentere enkelte av punkta. Dei som vil lese alle punkta, kan lese originalartikkelen.
Det etter mitt syn viktigaste punktet er nummer 1: programmering. Dette er so openlyst at folk flest ikkje tenkjer på det. Det som blir sendt på TV blir kalla program, og dette ordet er ikkje tilfeldig valt. Som Robberstad skriv:
«Programmeringen som foregår på TV er blant annet opinionsdannelse av befolkningen, det pusher ofte bare en side av en sak og da vil flerparten av befolkningen ta det partiet som TV formidler.
Dersom vi selv ikke er bevisst og tar kontroll over våre tanker så er det noen andre som gjør det. TV er et av mediene som brukes til dette.»
Programmering er eit anna og meir subtilt ord for indoktrinering, som igjen er eit meir subtilt ord for hjernevask. Folk blir programmerte til å meine det eigarane av TV og media vil at dei skal meine. Og kven er eigarane? Eliten. Dei tener på at folk flest ikkje tenkjer sjølv, men godtek å få tankemønstera sine forma av programma dei blir fôra med på TV.
Punkt 2 og 3 slår eg saman til eitt punkt. Punkt 2 hevdar at TV hindrar oss i å rydde opp i våre eigne liv – det er ein formidabel distraksjon frå utfordringane vi møter i dagleglivet. Punkt 3 seier at TV er passiviserande, noko distraksjonar jo er. Nordmenn i dei tusen heimar lèt seg viljug passivisere og distrahere om kveldane, slik at verkelege problem som treng løysing får lov til å utvikle seg i fred. For å seie det mildt, er dette ein ganske so elendig strategi på lang sikt. Problem og utfordringar er til for å løysast eller lære oss noko, og dei fleste kan løysast. TV hindrar folk i å ordne opp i liva sine, og då kan ting fort eskalere til noko farleg og øydeleggjande.
Punkt 5 argumenterer at TV gjer befolkninga meir usunn og bidreg til overvekt. Sit ein framfor TV-en i time etter time, får ein uunngåeleg lyst på noko godt og usunt. Punktet er eigentleg eit underpunkt til det nyss nemnde samanslegne punktet om passivisering og distraksjon. Kor gode er dei skriftlege og kreative formidlingsevnene til folk flest i våre dagar? Kven skriv til dømes heilt utan bruk av KI eller andre teknologiske verktøy? Fysisk helse heng saman med psykisk helse, og når ein sluttar å bruke kroppen og evnene sine, vil den psykiske helsa raskt gå nedover. Punktet fortener minst éin artikkel, men eg vil nemne i forbifarten at norsk kosthald i fleire tiår har vore bygt på ei løgn. Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar om samanhengen mellom ulike typar kosthald, og sjølv trekkje sine eigne konklusjonar.
Punkt 7 hevdar at vi i hemmelegheit blir overvaka av TV-apparata. Sjølv om denne teknologien er teknisk mogleg, er den ein smule søkt. Kven har interesse av å spionere på kva vanlege folk driv med i stovene sine medan dei ser på TV? Dei fleste ligg berre der og fis og pratar skit, gjerne stappmette etter eit tungt, usunt måltid.
Punkt 6 fortener ein lengre kommentar. Punktet hevdar at TV-ar skaper «tunge frekvenser globalt og skaper krig». Mange seriar og filmar på TV er av ein særs mørk og uhyggjeleg natur, langt verre enn det eg sjølv såg på TV då eg var barn og tenåring på 1990-talet. Seriane frå dei dagane var blåbær i forhold til dagens «underhaldning». Netflix hadde frå rundt 2020-2021 (verste pandemitida, då folk flest gjerne hadde lite anna å gjere på enn å «runde Netflix», som dei sjølve kalla det) ein overgang til filmar og seriar med eit mildt sagt urovekkjande innhald. Eg sjølv sa opp Netflix-abonnementet mitt i 2023 fordi eg var lei av all den negative energien som programma genererte. Kva slik programmering gjer med barn og unge vaksne i dag, kan eg berre gjette meg til. Korleis er den psykiske helsa hjå norske ungdommar i dag? Dei bruker dagane på smarttelefon og mørke, forskrudde TV-program. Som ein visuell kommentar, verkar moderne filmar og seriar å ikkje berre ha uhyggjeleg innhald, men dei har òg dystrare og mørkare fargar. Sjølv ei vakker, solfylt strand blir om til noko trugande og illevarslande. Dette gjev seriane ein generell nifs og underleg atmosfære. Ikkje noko ein bruker tid på før leggjetid. Eg vil gå so langt som å seie at dersom eg sjølv hadde sett den typen seriar då eg var liten, hadde eg nok blitt alvorleg psykisk øydelagt.
Punkt 7 går nesten saumlaust over i punkt 8, som hevdar at TV styrer kjenslene til folk. Det blir spelt intenst på frykt og vald – verre enn nokosinne. Seriar og filmar frå gamle dagar blir nærast harmlause i forhold. Det går allereie føre seg ein kamp mellom det gode og det vonde, slik punkt 9 seier, og all den negative energien som blir pumpa ut til folket dagen lang påverkar utan tvil mange si røyndomsoppfatting. Dei som berre ser på TV utan å vere mykje i den verkelege verda, og slik erfare korleis den eigentleg fungerer, vil etter kvart sjølve bli offer for mørk energi. Dei vil byrje å oppføre seg som om verda er slik filmane og seriane hevdar at den er. Og kven lagar denne skiten? Dei mektige film- og seriestudioa som eliten eig.
Dei eig forresten selskapa som produserer alle produkta som blir reklamert for mellom alle dei mørke programma òg (jf. punkt 10 om reklame). Slikt sett sit dei med bukta og begge endane.
Dagens TV er psykologisk og spirituelt skadeleg. Resten av punkta har meir eller mindre denne vinklinga. Folk burde finne betre ting å gjere på om kveldane enn å late seg kontrollere av den elitestyrte programmeringa. I det minste burde folk velje vekk dei valdelege, moralsk forderva filmane og seriane og i staden bruke TV-en til å sjå på «gode ting». Det finst framleis god TV-underhaldning, sjølv om ein då som regel må sjå dei via YouTube, Rumble eller andre strøymetenester.
Punkt 15, det siste punktet, er verdig ein sluttkommentar. Folk reagerer ikkje om ein verkeleg fare trugar. Dei er so vande med å sjå slikt på TV at dei har blitt meir eller mindre døyvde. Dette ser ein til dømes i fenomenet kjent som tilskodareffekten, der eit offer for til dømes ei alvorleg ulykke blir møtt av ein handlingslamma skare som berre står der og glor. Dei trur at nokon skal gripe inn og redde offeret, utan å tenkje på at dei som må gripe inn er dei sjølve. Og kven tek i våre dagar til motmæle mot våre landssvikarar i Storting og Regjering? Dei som ikkje kastar vekk livet sitt på TV. Og dei er tydelegvis i eit mindretal.
