Har skrive bok om konspirasjonsteoriar utan å snakke med dei som trur på dei

Ifølgje professor Halvor Næss har ekstremistiske haldningar infiltrert både staten og det politiske sentrum. Ein av dei verste ekstremistane, og som kanskje har jobba i kulissane i årevis og påverka folkeopinionen, er forfattaren og journalisten Didrik Søderlind. Han er rådgjevar i det etter kvart so berykta Human-Etisk Forbund, der han og hans likesinna i årevis har bidrege til eit giftig debattklima som fiendegjer meiningsmotstandarar, ofte ved hjelp av særs skitne triks.

Ei meir detaljert utreiing av modus operandi til Human-Etisk Forbund kan lesast i Nyhetsspeilet-artikkelen «Organisert og systematisk nettmobbing fra Human-Etisk Forbund og foreningen Skepsis», skrive av Solveig Kampeseter (publisert 6.april 2013). Der er spesielt Rolf Erik Hanssen trekt fram på grunn av årelang trakassering frå HEF-aktør og fiskeriforskar Øivind Bergh (han som kasta kaffi på Kurt Oddekalv etter å ha blitt kalla eit nettroll av han). Hanssen var i 2006 slem gut og gav ut boka Hva er sannheten om vaksiner?. Den artikkelen er derimot berre toppen av isfjellet.

Kjetil Tveit – som tydelegvis er fiendeerklært og sjukeleggjort av dette nettverket – skriv i sin nyaste artikkel om Søderlind si mest nylege bok. Søderlind har gjort det kunsttykket å skrive ei bok om konspirasjonsteoriar utan å snakke med dei som trur på dei. Slike folk skal ein nemleg berre snakke om, ikkje med.

Problemet med den offentlege debatten i dag, ser ut til å vere at ekstremisme, som før var eit ytterkant-fenomen, no har etablert seg i det politiske sentrum. Dermed blir sjølve konsensus òg ekstrem, medan dei sokalla «utgruppene» blir dei som framleis har fornufta i behald. Tveit skriv:

«Det er når konsensus blir ekstrem at det virkelig er fare på ferde. I dag styres mange av de dominerende narrativene av tankesmier og NGO-er. En slik aktør er Human-Etisk Forbund (HEF) – en livssynsbasert NGO som opererer under et humanistisk flagg, men ofte med tydelig politisk og ideologisk slagside.

Blant HEFs mest synlige rådgivere finner vi Didrik Søderlind, en profilert stemme i den norske skeptikerbevegelsen, som i mange år har vært aktiv i arbeidet med å definere hva som er ‘gyldig’ virkelighetsforståelse i norsk offentlighet.

Gjennom bøker, kronikker og et tilsynelatende klippekort i konsernmediene, deltar Søderlind og likesinnede i formingen av diskursen – og dermed i hvordan folk flest forstår hva som er sant, hva som er ekstremt, og hvem som skal tas på alvor.

Nå har Søderlind, sammen med yogalærer Siw Aduvill, skrevet boken Nettforgiftning: Å miste noen til radikalisering og konspirasjonsteorier. Boken handler – i deres egne ord – om de som blir ‘etterlatt’ når noen de er glade i ‘blir radikalisert og flytter inn i et konspiratorisk univers’.»

Søderlind og Aduvill har intervjua «etterlatne» etter dei som har fortapt seg i konspiratoriske univers, som om dei ikkje lenger lever i denne verda. Omgrepet etterlatne indikerer at personen aldri kan vinnast tilbake, som om han eller ho er døde for verda. Kanskje er det slik Søderlind & co ser dei. Døde kan ein ikkje diskutere med. Tveit skriv vidare:

«Men de har bevisst valgt å ikke snakke med mennesker som tror på konspirasjonsteorier. Begrunnelsen?

‘Dessuten viser forskningen ganske tydelig at når folk forsvinner inn i konspirasjonsteorier, er det debatt lite fruktbart.’

Ja, i 2025 er vi altså kommet dit: Man kan skrive en bok om – og fremstå som ekspert på – en gruppe mennesker man aldri har snakket med. Dette er ikke bare et metodevalg, det er et symptom.

Det er polariseringen som snakker. Der dialog tidligere ble sett på som et verktøy for å forstå og dempe konflikt, har vi nå fått en ny form for ideologisk praksis – en som ikke krever kontakt med virkeligheten den hevder å beskrive.

I det tidligere offentlighetsidealet var det en selvfølge: Skrev du om en gruppe, så måtte du innhente førstehånds kunnskap. Men ikke i den nye wokeismen. Her snakker man om folk. Ikke med dem.»

Det kan samanliknast med bøkene og TV-programma som blir laga om seriemordarar og terroristar. Dei snakkar ein heller ikkje med, berre om. Det å konsekvent late vere å snakke med folk som har andre meiningar, stengjer for moglegheita for å få eit nytt perspektiv på saker og ting. Søderlind har ikkje teke seg bryet med å til dømes spørje Kjetil Tveit kvifor han trur på det han gjer. Som Tveit sjølv skriv:

«En ekstremist er rigid, har allerede bestemt seg for hvem som er «farlig», og søker ikke innsikt, bare avstand.»

Og vidare:

«Det er som om de [«konspirasjonsteoretikarane»] lider av en uhelbredelig tilstand, og det eneste man kan gjøre er å støtte ‘de etterlatte’ rundt dem.»

Ifølgje Tveit passar Søderlind inn i den sokalla ekstremistiske grunnhaldninga. Denne grunnhaldninga blir kjenneteikna av fem element, som Saksyndig her oppsummerer med eigne ord:

  1. Rigid røyndomsforståing. «Vi har rett, dei andre tek feil, og dei er farlege.» Der går eit skilje mellom «konspirasjonsteoretikarar» og «vanlege folk», og fyrstnemnde blir sett på som so patologisk at dei ikkje fortener dialog.
  2. Avvising av dialog og motførestillingar. Meiningsmotstandarar er ikkje verdige samtalepartnarar. Motargument «bare styrker troen» hjå dei som trur på konspirasjonar. Dermed slepp ekstremistane å ha nokon dialog med dei.
  3. Umenneskeleggjering og psykologisering av motstandarar. Dei som trur på konspirasjonar blir skildra som sjuke, radikaliserte og forførte offer, og som «for intense, for hatske, aggressive og monomane». Fienden må demoniserast.
  4. Meiningsmotstandarar må ekskluderast og isolerast. Ekstremistar vil ikkje ha slike i debatten i det heile, ein må gje opp relasjonen ein har med slike folk – altso kansellere dei.
  5. Monopolisering av sanning. Søderlind og gjengen representerer «den objektive virkelighet», medan resten er «radikaliserte» og fanga i motførestillingar. Ingen i «konspirasjonsgruppa» kan ha rett om noko som helst.

Ein diskusjon mellom Tveit og Søderlind kunne ha blitt ganske interessant. Diverre tydar mykje på at dette ikkje kjem til å skje:

«Jeg skulle gjerne tatt en prat med Søderlind — for det kan hende jeg tar feil av ham. Kanskje han har noe å tilføye som jeg ikke har tenkt på.

Det er godt mulig jeg hadde fått noe å tenke på i et møte med ham, som jeg ikke hadde tenkt på før jeg analyserte ham.

Dessverre har han gjort det tydelig at slike som meg – med «feil perspektiver» – ikke er verdige hans oppmerksomhet. Jeg er rett og slett blitt dehumanisert og avskrevet.»

Søderlind er «en del av et formidabelt persongalleri, toneangivende for en ukultur som har dyrket et svart-hvitt verdensbilde der tvil er synd og dialog en trussel.» Dette persongalleriet forpestar dagleg den offentlege debatten og sosiale media i det tidlegare demokratiet Noreg – sannsynlegvis med god støtte frå visse mektige aktørar i maktapparatet. Ein treng sovisst ikkje eit propagandaministerium når ein har den gjengen!

Kommenter innlegget