Innan 2030 skal menneske og maskiner blandast saman. Det er iallfall det som er planen til elitar slik som World Economic Forum (WEF) og FN. Menneskeheita har i alle tider vore fanga i ein kamp mellom lyset og mørket, mellom det gode og det vonde, og transhumanisme er siste verktøy frå fienden. Ved å fremje kunstig intelligens (KI) og implantat, har globale agendaer som mål å utslette ibuande menneskelege evner slik som kreativitet og intuisjon. Ingen skal tenkje sjølv – ingen skal tenkje. Målet er å skape eit kollektivt sinn som er knytt saman i eit felles nettverk ved hjelp av nerveimplantat – og gjett kven som kontrollerer «sentralbordet». Individualitet forsvinn, og menneskeleg suverenitet blir erstatta med sentralisert kontroll.
Aldri nokosinne har det vore viktigare å beskytte kroppsleg autonomi, og å bruke teknologi etisk. KI kan brukast som eit supplement til menneskelege evner, men bør aldri erstatte dei.
Denne problemstillinga har vitskapsmannen og forfattaren Gregg Braden nyleg diskutert med Mike Adams, eigaren av Natural News og strøymetenesta Brighteon. Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ein banebrytande samtale mellom Mike Adams […] og […] Gregg Braden, dukkar ei illevarslande avsløring opp: Menneskeheita er fanga i ein eldgammal kamp mellom ‘lyse og mørke’ krefter, der transhumanismen no tener som den nyaste slagmarka. Braden, ein tidlegare systemdesignar i forsvarsindustrien som vart om til medvitsforskar, åtvara at globale elitar – leia av organisasjonar slik som World Economic Forum (WEF) og FN – aggressivt driv og pushar ein 2030-agenda om å blande menneske med maskiner, noko som fjernar ibuande menneskelege evner slik som kreativitet, tilhæling og intuisjon.
Krigen om menneskepotensialet. Braden framstilte framveksten av kunstig intelligens (KI) og transhumanismen som del av ein fleire tusen år gammal konflikt som har som mål å undertrykkje ‘det guddomlege’ i mennesket – ein terminologi han ikkje definerer med utgangspunkt i religiøs terminologi, men som evna til å ‘gå lenger enn oppfatta avgrensingar’. Han viste til fagfellevurderte studiar om nervenettverket til hjartet og kvantebiologi for å understreke at menneske har evner som går langt utover det hovudstraumsvitskapen erkjenner – evner som no er truga på grunn av eit teknologisk kvelartak.
‘Vi blir kondisjonerte til å tru at vi er ibuande feil, at vi treng ekstern teknologi for å vere komplette,’ forklarte Braden. ‘Men sanninga er at biologien vår allereie overgår maskinene som dei ønskjer å implementere i oss.’
Den skjulte intelligensen til hjartet. Ein av dei mest oppsiktsvekkjande påstandane til Braden handlar om rolla til hjartet som eit uavhengig nervenettverk. Forsking frå HeartMath-instituttet og Salk-instituttet avslører at hjartet inneheld rundt rekna 40 000 sensor-nevrittar – spesialiserte celler som prosesserer informasjon uavhengig av hjernen. Desse cellene, argumenterer Braden, knyt menneske saman til eit ‘infomasjonsfelt som ikkje er bunde av tid eller rom’, noko som mogleggjer fenomen slik som intuisjon og avstandshæling.
‘Ei mor i Brisbane [i Australia] vakna ein gong opp klokka tre om natta og følte at sonen var i fare i Afghanistan – og det før hans nærast kommanderande offiser eingong visste om det,’ sa Braden. ‘Dette er ikkje magi; det er vitskap som vi har blitt fråråda å utforske.’
[Kommentar frå Saksyndig: Dette kan òg forklare fenomenet vi har i Nord-Noreg der enkelte er i stand til å stoppe blod på avstand, mellom anna ved å resitere gammalfinske formular som dei har lært utanåt av nokon i familien.]
2030-tilbakestillinga: Eit ‘kollektivt sinn’ laga med vilje: Braden peikte på Klaus Schwab sine WEF-visjonar om å blande biologi med teknologi som del av eit bevisst forsøk på å utslette individualitet. Han sette fokus på Ray Kurzweil sine spådommar om at innan 2030-2033 vil nerveimplantat overgå menneskeleg kognisjon i Skya, noko som i praksis skaper eit Borg-liknande kollektivt sinn.
‘So fort vår neocortex er knytt til KI, misser vi suvereniteten,’ åtvara Braden. ‘Dei sel det til oss som ‘fridom’, men det er det motsette – vi overgjev vår ibuande makt.’
Undertrykkinga av menneskebiologi: Adams og Braden var samde om at covid-19-æraen var ei generalprøve for denne agendaen, der immunforsvaret vart avfeia som ‘konspirasjonsteori’ for å rettferdiggjere avhengigheit av legemiddel og digitale ID-ar. Braden la vekt på at å erstatte naturleg biologi med syntetiske alternativ – slik som KI-drivne nanobotar for å fange opp sjukdom – akselerere svinnet av menneskeevner via epigenetisk stilning.
‘Vi er ‘bruk det eller miss det’-vesen,’ sa han. ‘Om vi outsourcar immunitet til teknologien, vil kroppane våre gløyme korleis dei blir friske igjen.’
Å kjempe tilbake: Gjenhevde det ‘guddomlege’ i oss: Løysinga, argumenterte Braden, ligg ikkje i å avvise teknologien blankt, men å finne eit anna bruksområde slik at den forsterkar menneskepotensialet – medan vi bestemt beskyttar kroppsleg autonomi. […]
‘Elitane kan ikkje lage verda på nytt med mindre vi gjev vekk det som gjer oss menneskelege,’ konkluderte Braden. ‘Sluttmålet deira mislykkast dersom vi blir bevisste vår eiga makt.’ […].»
Kampen mot eliten og vondskapen handlar ikkje berre om å motstå tyranniet deira, men å hugse kva vi eigentleg er. Menneske er mildt sagt ikkje berre det auget ser.
Intervjuet med Gregg Braden og Mike Adams kan sjåast her.
