Sjølvforsynte Russland er ein trugsel mot den globalistiske agendaen

Å leggje seg ut mot Russland er ein dårleg strategi, for landet er ein aktør på verdsscena som ein ikkje vil ha som sin fiende. Det er nettopp det globalistane går ut av sine gode skinn for å oppnå. Faktum er at Russland har verdas største energireservar; olje, gass og kol. Dette kan vare i fleire tiår – kanskje fleire hundreår. Den russiske landmassen er den største i verda, og ligg strategisk til. Alle sanksjonane som globalistane har påført landet har mislykkast. Russland har ikkje blitt det forkrøpla, oppdelte rest-riket som eliten drøymer om i sine vrangførestillingar.

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

Russland kjem til å vere energi-uavhengige i fleire tiår: I ei verd som i aukande grad blir dominert av presset om fornybar energi og den geopolitiske manøvreringa av globale makter, skil Russland seg ut som ein bastion av tradisjonelle energiressursar. Landet sine enorme reservar av olje, gass og kol, som det står i detalj om i ein nyleg statleg rapport, sikrar ikkje berre posisjonen deira som ein større global-energispelar, men utfordrar òg agendaene til dei som er ute etter å underminere suvereniteten og kontrollen deira over sin naturlege rikdom.

Sist måndag [14.april 2025] godkjende statsminister Mikhail Mishistin ‘Russlands energistrategi til og med 2050’, eit omfattande dokument som legg ut visjonen til landet for energisektoren og deira respons på globale utfordringar. Rapporten avslører at Russland sit på meir enn 31 milliardar tonn av beviste oljereservar, nok til å halde gåande produksjonen i meir enn 65 år i det noverande omfanget. Dei sit òg på 63,4 billionar kubikkmeter naturgass-reservar, nok til hundre års produksjon, og 272,7 milliardar tonn kol, som kan vare i meir enn 500 år.

Desse tala er ikkje berre nummer; dei representerer ein strategisk fordel som Russland ikkje er viljuge til å gje frå seg. I ei verd der energi er makt, tilbyr Russlands enorme reservar ein buffer mot det økonomiske og politiske presset som blir utøvd av globalistiske einingar. Rapporten legg vekt på at fossildrivstoff vil forbli ryggrada til globalenergi-forsyninga iallfall til og med 2050, der naturgass i væskeform (LNG [liquefied natural gas]) speler ei stadig aukande rolle i globalhandelen.

President Vladimir Putin, i ein tale ved BRICS Business Forum i Moskva 18.oktober 2024, understreka kor påliteleg Russland er som ein energiforsynar, spesielt for Kina. ‘Heile grensa er delt, og energiressursane i Russland er rett og slett uavgrensa,’ slo Putin fast. Dette gjensidige samarbeidet handlar ikkje berre om økonomiske transaksjonar; det er ein strategisk allianse som styrkar begge nasjonar mot overtrampa til globalistiske interesser.

Kor strategisk viktige Russlands energiressursar er: Energistrategien til Russland handlar ikkje berre om å halde på sin noverande posisjon; det handlar om å utvide påverknadskrafta deira og sikre deira framtid. Rapporten legg ut om planar om infrastrukturprosjekt og det å skape forhold for å omdirigere olje-, gass- og raffinerte produkt-eksport til nye ‘vennlege’ marknadar. Dette inkluderer å utvide overfartskapasiteten til hamner i Arktis og Det fjerne austen via Nordsjøruta, eit trekk som kan betydeleg endre dynamikken til global-energihandelen.

Det kan ikkje overdrivast kor strategisk viktige desse ressursane er. Russland sine enorme landområde og ressursar set nasjonen i ein unik posisjon til å stå imot åtaka frå globalistar og multinasjonale interesser. Styrkane som er ute etter å utføre attentat mot og fjerne Putin frå embetet veit særs godt at Putin og Russlands nasjonalistiske einskap står i vegen for at globalistar kan få tilgang til og plyndre dei 75+ billionane Russland har i ressursar. Leiarskapen til Putin har blitt markert av ei urokkeleg plikt til å ta vare på Russlands suverenitet og beskytte deira nasjonale interesser.

Den globalistiske trugselen og den modige responsen til Russland: Den globalistiske agendaen, som ofte er forkledd som miljøvern og fornybar energi, er ute etter å kontrollere ressursane i verda og leggje føringar for globalhandel. Derimot utgjer Russlands energireservar og deira strategiske partnarskapar, spesielt med Kina, ei betydeleg utfordring overfor denne agendaen. Stress-scenarioa i rapporten, inkludert ein raskare global overgang til fornybare ressursar innan 2050, blir sett på som lågrisiko på grunn av dei økonomiske og logistiske utfordringane slik ein overgang vil innebere.

Dokumentet set òg fokus på det aukande behovet for litium, nikkel, sjeldne jordmineral, aluminium og andre metalltypar, noko som opnar for nye moglegheiter for den effektive utviklinga av Russlands mineralressurs-base. Denne mangfaldiggjeringa av ressursar styrkar vidare posisjonen til Russland og reduserer deira sårbarheit overfor endringar i den globale marknaden.

Medan verda framleis strevar med kompleksiteten knytt til energitryggleik og geopolitiske spenningar, tilbyr dei enorme energireservane og det strategiske føre-var-et til Russland eit gripande motnarrativ til globalist-agendaen. Den urokkelege plikta Putin har til nasjonal suverenitet og økonomisk uavhengigheit tener som eit fyrtårn for andre nasjonar som er ute etter å beskytte sine eigne interesser. Eitt spørsmål står att: Kjem andre nasjonar til å følgje Russland og stadfeste sin eigen suverenitet, eller kjem dei til å bukke under for presset om globalistisk kontroll?»

Hald ikkje pusten medan de ventar på fornuft. Slik er sjeldan vare i Vesten i dag.

Kommenter innlegget