I kjellaren til den skriveglade bestemora

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Karl og den skriveglade bestemora», publisert 20.april 2025.

Karl har gøymt bilen sin i eit skogholt om lag ein halv kilometer frå einebustaden til den skriveglade bestemora. Sjølv har han installert seg i eit buskas like over eigedommen, der han er godt skjult for sjølv dei skarpaste ørneblikk. Dama med det raudbrune håret og den magre kroppen kjem ut av huset med bilnøkkel i den eine neven og ei stor, brun veske i den andre. Katten Ingolf kjem trippande ut med halen i vêret. Den tilårskomne helsesektor-slaven gjer seg klar til å reise på jobb, truleg på eit lite, dårleg bemanna omsorgssenter i den husklynga som passerer for sentrum i den vesle utkantkommunen. Ho set seg bak rattet. Den hauggamle drivstoffbilen startar med eit trufast brøl som får ein flokk skjorer i eit tre til å flakse til himmels. Norskspråkleg countrymusikk dunkar i høgtalarane. Doningen rullar nedover bakken, ut på hovudvegen og køyrer mot aust. Ingolf tuslar inn i nokre prydbusker i den vesle hagen.

So fort bilen forsvinn bak fyrste sving, sprett Karl med raske, lette steg nedover bratthenget. Han snik seg over den gruslagde plassen utanfor huset. Han kik inn kjellarvindauga. Der er ikkje livsteikn. Om «nordfjordingen» verkeleg bur her, er han ikkje her no. Her er jo ingen bil, og på ein slik stad som dette ein ha bil.

Her gjeld det å hugse det han lærte på «spionskulen». Ut av eit av hylstera rundt beltet sitt fiskar han ein ståltråd som han bruker til å dirke opp ytterdøra. Det går ikkje lange tida før den billege låsen sprett opp i underkasting. Han opnar døra og passar på å låse den frå innsida so fort han er inne i mørket.

Ein rask gjennomgang av den vesle toroms-kjellarleilegheita bekreftar hans mistankar. Her er ikkje ei levande sjel. Det mystiske apparatet er derimot heller ikkje å finne nokon stad. Han endevender det som finst av skap og kott. Det einaste apparatet han finn, er ein støvsugar som truleg er frå tidleg 1990-tal.

Det luktar gammal mat på kjøkkenet. På badet luktar det sopp og verre. Størkna bæsjflekkar pyntar botnen av doskåla. Her har ikkje nokon vaska på æver. Igjen får Karl kjensla av at noko ikkje stemmer. Kanskje «nordfjordingen» sjølv kan gje han nokon oppklarande svar når – og viss – han kjem heim. Pistolen ligg tung og klar i det største hylsteret i beltet. Dette kan definitivt bli farleg og stygt.

Brått høyrest lyden av eit køyretøy som nærmar seg. Hjul rullar over grusen. Det er ein kassebil, Karl ser tydeleg omrisset av den gjennom dei mørke gardinene. «Nordfjordingar» har ein forkjærleik for store kassebilar, kan det verke som. Slike bilar kan romme det som finst av hemmelegheiter, inkludert visse skumle djupstatsapparat. Han gøymer seg i det største klesskapet inne på soverommet med pistolen i neven.

Kjellardøra blir låst opp. Inn kjem ikkje berre éin mannsperson, men to. Dei snakkar saman på noko som høyrest akkurat ut som dialekten dei snakkar her i Ytre Sogn. Karl får forvirra rynker i panna. Dette høyrest ikkje på nokon måte ut som «nordfjordsk». Ingen spor av aksent. Ein liten gløtt ut gjennom skapdøra bekreftar mistankane til vår mann.

Dei to mennene er like kvite og norske som han sjølv. Faktisk ber dei ein viss likskap til den skriveglade bestemora i andre etasje. Kan det vere sønene hennar? Begge har på seg arbeidsbukser og fleece-jakker.

«Greitt, vi får berre byrje,» seier den eine. «Vi har mykje å gjere i dag. Fyrst av alt må vi rydde ut etter leigebuaren.»

«Ja, han hadde det so travelt med å stikke av at han ikkje rydda og vaska etter seg,» seier den andre. «Her ligg til og med matrestar på kjøkkenet.»

Karl sukkar stille for seg sjølv. «Nordfjordingen» må ha blitt tipsa av ein utru tenar at Karl var på sporet. Fienden er truleg i eit anna fylke akkurat no – og sameleis blendingsapparatet. Oppdraget er essensielt over, og nå må han kome seg vekk herifrå. Han er sprek og sterk, men to kraftige mannfolk blir ei utfordring sjølv for han.

«Fyrst må vi støvsuge,» seier den eine karen. «Her er hybelkaninar på storleik med Ingolf. Hugsar du kor mamma har støvsugaren?»

«Eg veit ikkje, eg har knapt vore i kjellaren sidan pappa flytta ut,» svarer den andre. «Kanskje på soverommet i eit av klesskapa…?»

Nei! Støvsugaren er ikkje her! Karl ber i sitt stille sinn.

«I klesskapet?» spør den andre. «Kvifor skulle den vere der? Her er jo eit eige kott til alt vaske- og… og sugerelatert

Sugerelatert… Trass alvoret i situasjonen, tek Karl seg sjølv i å trekkje på smilebandet. Han vil ikkje eingong vete kva den skriveglade bestemora gjer når ho skal kose seg litt. Kanskje bruker ho støvsugaren – han er ikkje den som dømmer folk.

«Ah, her er støvsugaren!» seier den andre. «Den var faktisk i kottet. Lett å få auge på, sidan alle dører står på vidt gap her.»

Karl trekkjer eit sukk av lette. Ein slik gammal støvsugar må då bråke som eit ilt helvete, og i alt ståket kan han lett snike seg ut eit eller anna vindauge.

Støvsugaren byrjar å ule for full guffe – her er ikkje mannemål.

Etter ein rask titt gjennom glipa i skapdøra, snik Karl seg ut av skapet. Han listar seg langs veggen og kik gjennom den halvopne soveromsdøra. Ein av sønene står med ryggen til og støvsug inne på kjøkkenet. Kor er den andre? Truleg inne på badet for å ta det verste skitarbeidet. Badet er å rekne som ein biologisk katastrofe – det ville forundre han om «nordfjordingar» veit korleis ein bruker moderne vassklosett!  

Det er for farleg å gå ut ytterdøra. I staden vender han blikket mot soveromsvindauget. Det er stort til å vere eit kjellarvindauge, og av den gamle typen som var vanleg på 1970-talet, då dette huset openbert vart bygt. Raskt snik han seg over golvet, opnar vindauget på vidt gap og klatrar elegant ut. Vindauget blir sirleg lukka frå utsida etter beste evne.

Karl smiler i triumf i det han reiser seg opp.

Der stirar han brått rett inn i dei store, isblå auga på den eine sonen, som står der med ein verktøykasse i neven. Dei to mannfolka frys til og mønstrar kvarandre frå topp til tå.

«Javel, ja?» spør fyren lettare perpleks. «Og kven er so du

Den kraftige ulinga frå 1990-talsstøvsugaren er einaste lydkjelde i denne spende situasjonen. Korleis løyste han liknande situasjonar på «spionskulen»?

Kommenter innlegget