Sjå òg «TV og programmering øydelegg oss!», der eg avslutningsvis skriv kort om tilskodareffekten.
Ein gong i tida var nordmenn faktisk normale. No er nok stoda ganske so annleis. Vidar Helseth skriv om den sokalla tilskodareffekten i eit innlegg som vart publisert i Nettavisen 12.april 2025. Essensen i innlegget er at nordmenn vik unna når nokon treng hjelp i staden for å gjere det som er etisk og moralsk venta: å faktisk hjelpe vedkomande.
Helseth skriv om ein solfylt torsdag på Kristiansand stasjon, der han og fleire andre skal med toget til Stavanger. Ein mann fell rett ned på asfalten nokon titals meter unna dei. Helseth og fleire andre skal vidare med toget, og i tilsynelatande frykt for at toget skal gå ifrå dei, nøler dei med å gripe inn og hjelpe den falne mannen. Som han sjølv skriv (uthevingar er hans eigne):
«Vi skal straks videre, og jeg nøler av frykt for å bli forlatt av et tog som får kritikk om ikke det er i rute – men overbevist om at noen av de flere titalls menneskene nær ham vil reagere.
Men nei. Ingen går bort. Ingen sier noe.»
Han trur vidare at dette er skjult kamera eller ein spøk. Fyrst då ein av konduktørane går mot mannen, spring Helseth bort for å hjelpe – men tilsynelatande berre fordi at det er konduktøren som går bort, for toget går ikkje vidare før konduktøren er om bord.
På toget – som Helseth kom med – reflekterer han over «hvor raskt folk i mange andre deler av verden reagerer når noen trenger hjelp – enten det er bilhavari, sykdom eller en konflikt. Men her hjemme, i trygge Norge, virker det som at vi ofte viker unna.»
Helseth har evig rett. Skjer dette ut av vondskap eller likesæle? Helseth trur ikkje det. Han meiner det handlar om to ting:
«1) Rådvillhet. Vi er uerfarne i å forholde oss til fremmede. Uerfarne i å gripe inn. Og vi er blitt lært opp til å overlate alt til profesjonelle: ‘Ambulansefolk tar seg av skader, politiet tar seg av konflikter. Ikke bland deg.’
2) Frykt. Ikke nødvendigvis bare for å bli skadet, men like mye frykt for å gjøre noe feil. For å bli misforstått. Eller i verste fall – som nyhetsoppslag noen ganger tilsier– havne i fare selv.»
Tilskodareffekten går ut på følgjande: Dess fleire som er vitne til noko kritisk, desto mindre sannsynleg er det for at nokon faktisk gjer noko. Alle tenkjer at det sikkert er nokon andre som vil gripe inn. For å vise til artikkelen eg skreiv om TV-programmering: Folk reagerer ikkje om ein verkeleg fare trugar. Og når gjerningspersonar veit at ingen kjem til å reagere, då vil dei halde fram med å forårsake skade, død og urett blant sine medmenneske. Dette gjeld både på individnivå og samfunnsnivå. Når korrupte politikarar veit at dei kan sleppe unna med kva som helst, vil dei bokstavleg tala gjere kva som helst.
Helseth påpeiker riktig nok at det i følgje Straffelova §287 er straffbart å late vere å «etter evne» hjelpe nokon som er i openberr fare. Ein kan risikere bot eller fengsel inntil seks månader. Det er til dømes straffbart å stikke av frå ei trafikkulykke som ein sjølv er del i. Men kva om ein berre observerer ulykka? Helseth vedgår at han kjenner til særs få tilfelle der nokon har blitt dømt etter denne paragrafen.
Burde det vere straffbart å berre stå å sjå på? Utan tvil. Men ei slik ny lov burde òg gjelde andre situasjonar enn fall og ulykker. Den burde i aller høgste grad òg gjelde når vi ser at «våre» politikarar er i ferd med å utføre alvorleg straffbare handlingar mot både enkeltindivid og kollektivet. Nordmenn har valt å vere uansvarlege, og Staten har dermed konkludert at dei må handsamast deretter.
Sjå òg «Det er typisk norsk å vere FEIG», publisert 21.mars 2025.

Tiltredes fullt og helt, sammen med artikkelen «Det er typisk Norsk å være FEIG»!Skal ikke påstå at jeg er særlig bedre selv, men det er lagt opp til at det kun er «Myndighetene» som har inngripelsesmonopol.Andre kan faktisk ende med å bli straffet.
Selvforsvar er i praksis straffbart.
Feminiseringen i samfunnet ødelegger all trygghet man hadde da menn hadde lov til å være det, og agere deretter.
Griper man inn ovenfor «nordfjordinger, løper man stor risiko for å bli stemplet «rasiast, f.eks.»
LikarLikt av 1 person
Takk for kommentar, og du har heilt rett.
LikarLikar
Går an å prøve Straffeloven §§17 og 18, henholdsvis nødrett og nødverge.
LikarLikar