Forsøk på urovekkjande endringar i Sivilbeskyttelsesloven har mislykkast

Sjå òg «Regjeringa sine ekstraordinære fullmakter til beordring av sivile: Det er på tide å seie NEI!», publisert 19.april 2025.

Det ser ut som det ikkje blir noko av Regjeringane sine planar om å innføre eit autoritært regime der alle mellom 18 og 72, uavhengig av karrierebakgrunn, kan bli tvinga til å dyrke poteter i Østfold. Steigan skriv:

«Stortinget stanser regjeringens forsøk på å gi seg selv enorm makt og påfører de to justisministrene Emilie Enger Mehl (Sp) og Astrid Aas-Hansen (Ap) et ydmykende nederlag, skriver Nettavisen.

Det var Mehl og Aas-Hansen som måtte tømme det bitre begeret, men dette er først og fremst et nederlag for Jonas Gahr Støre.

Den som anførte påskeopprøret mot regjeringa var professor Benedikte Moltumyr Høgberg ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo da hun slo alarm på Facebook.

Da brast demningen. Nettavisen ved redaktør Gunnar Stavrum tok klart avstand fra lovforslaget på redaksjonell plass, og i løpet av uvanlig kort tid var en sikker seier for regjeringa vendt til et knusende nederlag. Han fortjener et positivt nikk han også.»

I tur og orden snudde partia på Stortinget i skepsis mot dette kontroversielle lovforslaget. Fyrst Framstegspartiet, so Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Resultatet vart at Arbeidarpartiet måtte utsetje heile greia.

Dette er fyrst og fremst professor Benedikte Moltumyr Høgberg sin innsats. I påskeferien, medan nordmenn flest var på ferie (og ein god del av dei parkerte ulovleg i vegkanten på Valdresflya), skreiv ho ein sjudelt artikkelserie med tittelen «Demokrati og rettsstat i Norge». Tittelen er ein smule ironisk, sidan vi for tida har verken demokrati eller rettsstat i Noreg. Vi er eit av dei mest korrupte landa i verda, og korrupsjonen er spesielt skummel sidan folk flest anten er genuint uvetande om den, eller fornektar realiteten. Alle er jo so blide og hyggjelege, og dei som styrer påstår ustanseleg at dei gjer alt for vårt beste. Dei som har vore på feil side av maktapparatet og fått eit glimt bak sceneteppet, kan derimot skrive under på at ikkje alt er so roseraudt som makteliten påstår at det er.

Artiklane kan lesast i tur og orden her (linkoversikt henta frå nemnde Steigan-artikkel):

Demokrati og rettsstat i Norge (1)

Demokrati og rettsstat i Norge (2):

Demokrati og rettsstat i Norge (3):

Demokrati og rettsstat i Norge (4):

Demokrati og rettsstat i Norge (5):

Demokrati og rettsstat i Norge (6):

Demokrati og rettsstat i Norge (7):

Sjølv Steigan ser ut til å vere overraska over at «noen artikler på Facebook kunne snu det politiske establishmentet i ei sak som dette. Det viser at de uredigerte nettmediene kan brukes til å skape et politisk opprør». Eitt modig menneske stakk hovudet fram, og det fekk snøballen til å byrje å rulle. Fleire og fleire byrja å protestere. Regjeringa hadde blitt teken på fersken i å prøve å snikinnføre ei totalitær lov.

Det gjekk som det måtte gå. For å gjenta meg sjølv i min eigen artikkel om lovforslaget frå 19.april: Regjeringa gjekk for langt og måtte stoppast. Mange nok sa NEI, og dermed fekk dei ikkje viljen sin.

Kommenter innlegget