Saksyndig tek ein titt på Mandela-effekten

At den menneskelege hukommelsen ikkje alltid er til å stole på, har nok dei fleste opplevd frå tid til anna. Det ein hugsar er ikkje alltid det som skjedde, og ofte er det store avvik mellom korleis fleire personar hugsar same hendinga. Dette gjeld både hendingar i privatliva til folk og historiske hendingar. Til dømes hugsar fleire feilaktig at Nelson Mandela døydde i fengsel på 1980-talet, endå han døydde fyrst i 2013 etter å ha vore fri mann i mange år – i tillegg til å ha vore president i Sør-Afrika.

At folk hugsar ting feil, finst det mange døme på. Til dømes var yndlingskjeksa mine då eg var liten ein type kjeks som eg trudde heitte Gjerdekjeks. Dei var ein fast gjest på bordet når det var gjester på besøk, saman med boksis og brus. Ein dag då vi var på ferie og eg sat bak i bilen med ein pakke, såg eg brått noko som fekk det til å gå eit gips gjennom meg. Kjekstypen som eg hadde ete heile barndommen heitte ikkje Gjerdekjeks – dei heitte Gjendekjeks! Hadde dei alltid heitt det, eller hadde dei skifta namn, slik som sjokoladen Big Cat, som vart omdøypt til Lion?

Det var i ettertid lett å «debunke» dette dømet. Eg hadde rett og slett lese logoen feil. Eg hadde forveksla «R» og «N» med kvarandre. Det heitte altso Gjendekjeks, ikkje Gjerdekjeks, kor enn so ulogisk det høyrdest ut.

På Barne-TV gjekk det mange bra teiknefilmseriar på 1990-talet. Ein av dei hadde på norsk tittelen Bamseby-bjørnene i Bjørneland. Originaltittelen var The Berenstain Bears. Av ein eller annan grunn har mange engelskspråklege fått det føre seg at serien heiter The Berenstein Bears, med «E», ikkje «A». Bereinstein er eit meir logisk etternamn enn Berenstain, akkurat som Gjerdekjeks er meir logisk enn Gjendekjeks (ordet «gjende» er nok ukjent for folk flest, men er henta frå ein sjø i Jotunheimen).

Eit anna døme på noko som «alle» hugsar feil, er logoen til bilmerket Ford. Har det alltid vore ein liten krusedull på F-en, eller er dette noko som plutseleg har oppstått? For å ta eit meir lokalt døme på Mandela-effekten, hugsar mange at Jahn Teigen i 1975 fekk tilbodet om å bli vokalist i Genesis etter at Peter Gabriel slutta – men at han overraska alle ved å takke nei. Genesis sjølv har derimot aldri nemnt Teigen med eit ord, og han var på 70-talet ganske kjent i progrock-miljøet i Europa på grunn av tilhøyrselen til bandet Popol Ace. Om dette faktisk skjedde, og om alle bortsett frå nordmenn hugsar det annleis, får bli opp til lesaren å reflektere over; Jahn Teigen var fyrst og fremst kjendis i Noreg, og kunne leve relativt anonymt i nabolandet Sverige. Faktum er at Genesis hadde fleire hundre vokalistar til audition, og til slutt valde Phil Collins, som allereie spelte trommer i bandet.

Mandela-effekten er nært knytt til konspirasjonsteoriar. Dei meir søkte forklaringane på fenomenet går ut på at nokon eller noko har gjort visse endringar i historia, og at det folk hugsar feil, var det som eigentleg skjedde før desse «redigeringane» fann stad. Kanskje døydde eigentleg Nelson Mandela i fengsel på Robben Island. Kanskje heitte det eigentleg Gjerdekjeks. Kanskje heitte Bamseby-bjørnane Berenstein med «E». Og kanskje ville Genesis ha Jahn Teigen som vokalist, men måtte nøye seg med Phil Collins då Teigen heller ville spele i Prima Vera og delta i Melodi Grand Prix.

Ei endå meir alternativ forklaring er fenomenet multivers. Der finst eit uendeleg tal parallellunivers og alternative tidslinjer. Villfaring med omsyn til hendingar kan dermed kome av at hendingar slik mange hugsar dei, faktisk fann stad i parallellunivers eller i alternative tidslinjer. Om denne teorien stemmer, er alle minne like sanne, for dei har jo faktisk skjedd – berre ikkje i dette universet eller denne tidslinja.

Stundom går det an å bekrefte om ei «endring» har funne stad, til dømes om ein har tilgang til fysiske kopiar av til dømes gamle VHS-kassettar, CD-ar og liknande «tidslommer» frå fortida. Om du har gamle videoar med Bamseby-bjørnane liggjande i øskjer på loftet, kan du jo ta deg bryet med å sjekke om namnet er skrive med «E» eller «A». Og kanskje du granskar logoen på ein Ford ekstra nøye neste gong du ser den – spesielt om den er av den gamle typen. Kanskje får du ditt livs overrasking.

I våre dagar, der snikredigering, historieforfalsking og gaslighting har blitt ein del av den digitale kvardagen, er Mandela-effekten kanskje det vesle lysglimtet som er igjen etter at heile menneskeheita har blitt leia inn i mørket av eliten.

Kommenter innlegget