Ein potensiell kur mot kreft blir systematisk UNDERTRYKT av grådige Big Pharma

G. Edward Griffin hevdar i boka World Without Cancer: The Story of Vitamin B17, Part 2 [«Ei verd utan kreft: Historia om vitamin B17, del 2»] at kreftindustrien er ein farse, og at den prioriterer profitt i staden for kurar gjennom dyre konvensjonelle behandlingar medan dei undertrykkjer naturlege alternativ. Big Pharma, reguleringsorgan og medisinske institusjonar undertrykkjer ifølgje Griffin behandling med vitamin B17, fordi denne alternative behandlinga trugar den særs lukrative kreftbehandlingsindustrien. Han argumenterer for at kreftceller oppstår ut av ukontrollerte trofoblast-celler, og at desse han kontrollerast ved hjelp av nemnde vitamin, som ein finn i aprikoskjernar og bitre mandlar. I motsetnad til cellegift drep dei berre vondarta celler. Hovudstraumsmedia, det godt betalte talerøyret til Big Pharma, avviser dette som uprova og farleg.

Innan alternativmedisin blir kreft sett på som ein livsstilssjukdom, i likskap med diabetes, overvekt, hjarte- og karsjukdommar og demens (der sistnemnde av somme blir kalla «diabetes type 3»). Kreft er mindre eit resultat av dårlege genar, og meir eit resultat av miljø og kosthald. Til dømes er det ukontroversielt å påpeike at røyking gjev ein langt høgare risiko for å utvikle lungekreft, og at å ete søppelmat kan gje høgare risiko for kreft i mage og tarm. Kreftindustrien hevdar dermed bastant at berre deira eigne behandlingsmåtar fungerer når kreften fyrst har oppstått. Då tener dei nemleg mykje pengar.

Ein kan diskutere kor «effektiv» deira behandling er, som stort sett dreiar seg om cellegift, kirurgi eller lindrande behandling når ingen av dei fungerer. Enkelte kreftformer har låg dødelegheit, som testikkelkreft, medan andre, slik som kreft i bukspyttkjertelen sjølv i dag nesten utan unntak er ein dødsdom. Kreft med spreiing blir rekna som særs vanskeleg å kurere – med konvensjonell behandling.

For dei som ønskjer å gjere eigne undersøkingar om kreftceller og ein mogleg kur, vil eg tilråde å lese dykk opp på Warburg-hypotesen. Kort og særs enkelt fortalt lever kreftceller av sukker, og ved å eliminere sukker/karbohydrat frå kosthaldet skal kreftcellene i prinsippet døy. Det skal her leggjast til at folkeslag som ikkje lever på vestleg kosthald, har langt mindre førekomst av kreft enn vi i Vesten. Eit kosthald med høgt nivå av karbohydrat er uvanleg utanfor den vestlege sfæren.

Når det gjeld boka av Griffin, skriv Kevin Hughes i Natural News (Saksyndig si omsetjing):

«I tiår har kreftindustrien vore ei slagmark av konkurrerande medisinske teoriar, finansielle interesser og politisk påverknad. Men, ifølgje G. Edward Griffin, forfattar av World Without Cancer: The Story of Vitamin B17, Part 2, handlar den ekte skandalen ikkje om ineffektive behandlingsmåtar. Det handlar om ei orkestrert undertrykking av ein potensiell kur.

Griffin, som lenge har vore ein kritikar av hovudstraumsmedisin, har brukt nesten 60 år på å utfordre konvensjonelle kreftparadigme. I eit nyleg intervju på InfoWars, dobla han innsatsen på sin kontroversielle ståstad, og kalla kreftindustrien ein «farse» dominert av konsern-grådigheit.

Boka hans, som fyrst vart publisert for meir enn 30 år sidan, er framleis ei fyrlykt i alternativhelse-krinsar. Den presenterer ein teori om at kreft i stor grad kan unngåast – eller til og med kurerast – gjennom ernæring, spesielt det naturleg førekomande vitaminet B17 (òg kjent som amygdalin eller laetril).

Saka til Griffin byrjar med eit ukonvensjonelt biologisk perspektiv: Kreft oppstår av ukontrollerte trofoblast-celler. Desse cellene er del av den naturlege tilhelingsresponsen til kroppen mot langvarig stress eller skade. Han argumenterer at trofoblast-celler normalt blir haldne i sjakk av enzym i bukspyttkjertelen og vitamin B17, som ein finn i visse frø slik som aprikoskjernar og bitre mandlar.

I motsetnad til konvensjonelle behandlingsmåtar slik som cellegift, slår Griffin fast at B17 selektivt går til åtak på vondarta celler medan den skånar friske. Derimot avviser hovudstraumskreftlæra påstandane hans som uprova og potensielt farlege.

Food and Drug Administration [det amerikanske medisin- og mattilsynet] forbaud laetril på 1980-talet etter at studiar hevda det var ineffektivt, og Den amerikanske kreftforeininga klassifiserte det som ein tvilsam behandlingsmåte. Men Griffin insisterer at denne opposisjonen har røter i politikk, ikkje vitskap.

Dei mest eksplosive påstandane i «World Without Cancer» kjem i andre halvdelen. Griffin skuldar Big Pharma, reguleringsorgan og medisinske institusjonar for å undertrykkje laetril for å beskytte profitt. Dersom kreft kunne bli kurert billeg og naturleg, argumenterer han, ville det rokke ved ein multimilliard-industri som er bygt på dyre legemiddel, stråling og sjukehusomsorg.»

Dagens medisinsk-industrielle kompleks (Big Pharma) har røter i mellom anna det tyske konglomeratet IG Farben, som hadde patent på Zyklon B som vart brukt i gasskammera i konsentrasjonsleiren Auschwitz under Andre verdskrig. På grunn av Operasjon Paperclip [«binders»] enda mange av vitskapsfolka som hadde arbeidd under Hitler i USA. Etter kvart vart desse ein del av det som seinare utvikla seg til dagens farmasøytiske kjemper, og desse sit i dag med bukta og begge endane når det gjeld patenterte legemiddel og «godkjende» behandlingsmåtar for dei vanlegaste vestlege sjukdommane. Medisinsk forsking og politikk favoriserer dyre, profitt-genererande legemiddel over naturlege remediar, noko som gjer dette til ein kamp mellom konsern-grådigheit og pasientvelferd (og vi veit alle kven som taper).

Dei som er interesserte i å finne ut meir om boka, kan sjå denne og denne videoen. Sjølve boka kan i avgrensa omfang lesast her. Del 1 (revidert utgåve) kan i sin heilskap lesast her.

Kommenter innlegget