Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Kva som eigentleg skjedde med Coop-Malin», publisert 28.april 2025, og «Pirring på nattoget til Oslo», publisert 26.april 2025.
Vår mann Karl har fått SMS-invitasjon til å kome heim til si nyaste freisterinne, den søte konduktøren Kristine med det lange, raude håret. Klokka er tre, han har ete ein betre middag på McDonald’s på Alna senter (stor Big Tasty-meny med ein liten cheeseburger på kjøpet), og han har seks-sju timar å slå ihel med jenta før han må ta nattoget tilbake til Bergen. Ho bur i utkanten av Alnabru, so han nyttar daudtida mellom Big Tasty-måltidet og avtalen til å spasere langs gata dit. Han ser seg rundt og grøssar seg. Alnabru er ikkje den finaste delen av Oslo, og sjølve Oslo er ikkje nemneverdig fint til å byrje med.
Han kastar eit blikk på den rolege gata leilegheita hennar ligg i. Av ein eller annan grunn får han ei vag kjensle av å ha vore her før. Området verkar illevarslande kjent. Han avviser det heile, for han kjenner godt til fenomenet déjà-vu, der ein har kjensla av å ha opplevd ei hending før, sjølv om det er umogleg.
Med ein stødig puls på litt over 100 ringjer han på dørklokka. Ein hissig durelyd kjem, og den tunge, brune døra opnar seg. Han penetrerer ømt og kjærleg den gamle bygningen og trippar med raske steg opp den bratte trappa til tredje etasje. Med det same han kjem opp til døra hennar, opnar den seg.
Der står Kristine – i full konduktøruniform. Ho smiler frå øyre til øyre, frå perle til perle.
«Kom inn, Karl…!» seier ho med honningstemme. «Jeg har ventet på deg…!» Ho lokkar han inn med ein pirrande finger.
Karl entrar det som i ein kort augneblink kjennest ut som løvas hole. Han kastar eit blikk rundt i den vesle, men plasseffektive toromsleilegheita. Utsikta over området får han til å igjen overmannast av denne underlege déjà-vu-kjensla. Spesielt når han ser på visse bygningar i det fjerne. Varselslampar lengtar etter å blinke. Noko stemmer ikkje heilt, men han kan ikkje setje fingeren på det.
«Vil du ha kaffe?» spør Kristine i det ho spradar ut på det vesle kjøkkenet.
«Ja, takk,» svarer han. «Eg har nettopp ete ein stor Big Tasty-meny, og då passar kaffi som hand i hanske.»
«Hehe, du har vært på Mækker’n…!» kurrar ho frå kjøkkenet. Han høyrer lyden av ein vasskokar. Snart står ho der i døropninga med sine store, tindrande dådyrauge. «Du skal med nattoget, ikke sant?»
«Ja, klokka elleve.» Han ser på den søte tosetaren i stova, som har ein ubestemmeleg, grågrønblå farge. Han mønstrar ho frå topp til tå, og ho bit seg lett i leppene der ho står på herleg utstilling. «Sei meg, skal du snart på jobb sjølv? Du står jo der i full uniform.»
«Nei, jeg bare liker å ha den på…!» Ho vrir lett på seg medan blikket vender seg gåtefullt til sida. «Jeg har fri til i overmorgen…! Så blir det noen skift på Sørlandsbanen…!»
«Du likar å ha på konduktøruniform?» Han ser på ho nesten i vantru. Ho nikkar med eit ertent, vagt farleg smil. Vasskokaren slår seg av, ho vender seg mot den.
«Nå er kaffen snart klar…! Sett deg, Karl…! Det er lenge til klokka elleve…!»
Snart landar to koppar dampande kaffi på det vesle bordet, saman med ei skål Gjendekjeks og ein liten, oransje kartong med kremfløyte. Den vesle kroppen hennar landar mjukt ved sida av han i sofaen.
«Ah, Gjerdekjeks,» seier Karl mellom to munnfullar kaffi. «Dei er det lenge sidan eg har sett.»
«Gjerdekjeks? Ah, du mener Gjendekjeks…!» Ho tek ein slurk kaffi sjølv.
«Eg har alltid trudd det heitte Gjerdekjeks. Kva er ei ‘gjende’, liksom?»
«Hihi, jeg tror det er en sjø i Jotunheimen…!» Ho smyg seg litt nærmare han. «Har du vært i Jotunheimen?»
«Ja, eg var der på… på jobb eingong.»
«Jobb?»
Han bit seg lett i tunga. Stemninga er so koseleg og fylt av visse forventingar at han nesten forsnakka seg. Han skulle til å seie at han var på oppdrag i Jotunheimen, men greidde å omformulere seg i siste liten. «Vesle-Karl» har lett for å røpe seg, spesielt no når det er grådig lenge sidan sist han møtte frelsa i ei av kroppsopningane på ei kvinne.
«Hva jobber du med, Karl?» Ho legg armen rundt han og ser på han med sine store, tindrande, varme auge. Ho er herleg mørk i blikket, leppene verkar glansfulle og innbydande.
«Eg jobbar med sal av bilar,» svarer han. «Eg reiser rundt og utfører oppdrag for eit større selskap.»
«Åh…!» Ho trekkjer på skuldrene. Dama er visst ikkje nemneverdig interessert i bilar (men derimot særs nemneverdig interessert i han!). Ho lener seg over til han og kviskrar han i øyret. «Liker du kaffen min? Det er Nescafé Brasero…!»
«Ja, det kjenner eg på smaken…!» Karl strekkjer sakte på seg i sofaen. Ein viss kroppsdel vaknar opp og lagar speidartelt mellom beina hans. «Det er min favoritt—»
Meir rekk han ikkje å seie før Kristine gaper over kjeften hans og byrjar å kline med han. Den korte, langhåra jenta smyg seg ned på golvet mellom beina på han og står der på kne og omfamnar han. Snart løftar han ho elegant opp, til hennar knisande vellyst, og ber ho i retning soverommet. Ho landar tomatraud i senga – framleis i full uniform – og Karl skrevar over ho medan han hiv av seg genser og skjorte. Ho ligg der storøygd og med eit smil som nesten går i sirkel.
Brått bankar det hardt og brutalt på døra. Begge to frys til og ser med ville blikk på døra – Karl med ein perpleks grimase i fjeset.
«Lukk opp, dette er politiet!!» nærast skrik ei kraftig mannsstemme på austlandsdialekt.
«Politiet…??» spør sprengkåte, forvirra Kristine der ho ligg vakker og raud og vrir på seg. «Har du stjælt en bil…??»
«Dei har truleg feil adresse…!!» seier like sprengkåte Karl og bykser ut av senga. Han er fullt påkledd før konduktøren får summa seg.
«Karl Heldal, vi vet du er der inne!!» lyd den kraftige mannsstemma igjen. «Spillet er over!!»
«Hva faen har du egentlig gjort…??» spør Kristine i det ho ser Karl opne soveromsvindauget. Auga hennar blir store som tinntallerkenar då ho ser han forsvinne ut.
Like etter går døra opp med eit brak. Ti væpna mannfolk som ser ut som opprørspoliti penetrerer den vesle leilegheita med stor kraft og brutalitet. Desse maskerte personane omringar senga til livredde Kristine, før ein av dei går bort til vindauget. Der ser han ein viss agent springe nedover gata som om han har fanden i hælane. Han snur seg mot Kristine, som krympar seg der ho ligg skjelven og på gråten.
«Hvilket forhold har du til agent Heldal?» spør han.
«J-jeg kjenner han knapt!» utbryt den stakkars jenta. «Jeg møtte ham på nattoget, og inviterte ham hjem til meg! Hva har han gjort?»
Mannen ber ho nærast snerrande om å identifisere seg. Ho må gje dei fullt namn, yrkestittel og nummeret til næraste leiar, som må gå god for ho.
Ein av mennene finn på det tidspunktet Karl sin gjengløymde svarte sekk (kjøpt på XXL Lagunen hjå ei viss Julie), og tek opp blendingsapparatet. Eit gisp går gjennom soverommet.
Den fyrste mannen ser med oppsperra auge av sinne og forakt på Kristine. Eit sekund seinare blir ho til si store gru lagt i jarn og ført ut av leilegheita – ho skal visstnok til «avhøyr», og av det riktig langdryge slaget òg. Den øydelagde døra blir ståande på vidt gap, slik at kven som helst kan penetrere den og forsyne seg med det som måtte finnast av verdisaker. Det tomatraude, tårefylte ansiktet forsvinn inn i ein svart kassebil med blålys på taket. Like etter forsvinn kortesjen med svarte køyretøy like raskt som dei kom.
Karl er omtrent i ein annan bydel før han omsider stoppar. Han registrerer at ingen følgjer etter han. Han tek fram telefonen sin og ringjer Inger-Lise. Det ringjer vel og lenge før nokon omsider tek telefonen.
«Hallo,» seier den milde, dempa damestemma, som no høyrest ukarakteristisk stressa ut.
«Eg er eksponert,» seier Karl medan hjartet hamrar. Pulsen er godt over 100. «Politiet banka på døra. Dei visste kven eg var. Nokon har røpa meg, sannsynlegvis ein av våre eigne.»
«På døra? Kor var du hen?»
«Eg var… i ei leilegheit aust på Alnabru.»
Ein liten pause kjem i den andre enden. So seier damestemma, no ganske so bisk:
«Var du heime hjå ei dame?»
«Øh, ja.»
«Og sa du Alnabru? Kva er adressa du var på?»
Karl seier adressa. No er damestemma verken mild eller dempa:
«Karl, din kåte tosk! Du var jo i nabolaget til hovudkvarteret til E-tjenesten! Du veit, same gjengen som har overvaka deg sidan 2021! Og no dukkar du opp omtrent i nabogata deira!»
«Hmm, faen, eg visste det var noko kjent med dette strøket! Det forklarer kvifor politiet dukka opp so raskt. Eller, mest sannsynleg Delta-troppen, sidan dei var væpna som om dei skulle rykkje ut til ei storming av Stortinget. Vi må eliminere den som har snikmeldt meg, dette er landssvik!»
«Det… det får vi ta seinare! No brenn bakken under deg! Du er avslørt! Dei kjem til å arrestere deg, om ikkje skyte deg, so fort dei ser deg!»
«Nettopp, difor trur eg vi kan avskrive nattoget…» Han ser seg over skuldra. «Eg gløymde forresten blendingsapparatet heime hjå den jenta…»
«Ja, du måtte vel flykte raskaste veg ut av leilegheita!» Eit oppgjeve stønn lyd i andre enden. «Du må nok klare deg sjølv. Samtalen vår blir høgst sannsynleg avlytta. Eg må leggje på!»
«Kva med…» Sambandet blir brote. «Kva med diettutlegg…? Eg har kvittering på stor Big Tasty-meny…»
Vår mann har vore uklok og tenkt med kuken, og det må han no betale prisen for. Med desperasjon i blikket, og med pistolen i beltet, ser han ein søt, liten jentebil kome køyrande mot eit raudt lys i næraste lyskryss. Det er ingen andre rundt dei, verken bilar eller fotgjengarar. Bilen har ein ubestemmeleg, grågrønblå farge.
Ein idiotisk god plan dukkar opp i det største hovudet hans.

Brenn or føtene te han Karl nu, er det ikkje det dekk sier….
LikarLikt av 1 person