Grunn til feiring: Ingeborg Senneset er vekke frå mediebiletet

Etter heile 12 år som «skribent» i Aftenposten, har «sjukepleiar» og eks-pasient Ingeborg Senneset etter eiga utsegn slutta i avisa. Dette skriv ho sjølv i eit Facebook-innlegg som har fått merksemd av blant andre TV2 og Sol.no. I innlegget som vart publisert sundag 4.mai 2025, skriv ho:

«Natt til 9. mars, et kvarter før fristen gikk ut, trykket jeg send. Så gikk jeg og la meg, gråt ned i puta og våknet med en følelse av at jeg kan ha tatt det dummeste valget på lenge.

Aftenposten var i en tøff nedbemanningsrunde. Minst 26 av oss måtte gå, det var lyst ut frivillige sluttpakker og alle ble oppfordret til å tenke seg om.

Jeg ville jo ikke slutte i debattredaksjonen. Den jobben vi gjør der, uten byline, tett på nyhetene og tett på mennesker, med faktasjekk, etikk, å lete etter hva som ikke snakkes nok om, eller hvem vi ikke hører fra

Når byrja dei eigentleg med faktasjekk og etikk? Og å kalle det ein «debattredaksjon» er vel å ta litt i, for ein debatt føreset jo at begge sider slepp til.

Sjå òg «Kjetil Tveit nemner Saksyndig-artikkel i populært Facebook-innlegg – har blitt artikkel i Nyhetsspeilet», publisert 11.desember 2023.

For å sitere meg sjølv frå nemnde artikkel:

«Ingeborg Senneset var ei av dei ivrigaste talskvinnene for mRNA-injeksjonane, for ‘[d]et var hun som stod for mesteparten av landets diabolske og giftige klima for ikke-vaksinerte, og for løgnene som hun med sitt effektive medieapparat distribuerte ut til avdelingsledere som på denne måten ble ‘groomet’ inn i den psykososiale toksisiteten’.»

Og eit anna velpassande sitat frå same artikkel:

«Ingeborg Senneset, j’accuse! Du har med forsett spreidd desinformasjon med det føremål å få flest mogleg til å ta dei livsfarlege mRNA-injeksjonane!»

Ingeborg Senneset takka ja til sluttpakke, og er no ute av mediebiletet. 1.august er hennar siste dag i Aftenposten. Ho har ingen plan for vegen vidare. Dette er særs gode nyheiter for oss alle – ho har faktisk greidd det kunststykket å fjerne seg sjølv frå mediebiletet, nøyaktig slik vi har ønskt i lang tid.

Sjå òg «Ingeborg Senneset må vekk frå mediebiletet», publisert 24.februar 2024.

Hadde ho fjerna seg sjølv tilbake i 2020-2021 hadde vi kanskje unngått rekordhøg, covid-vaksine-relatert overdødelegheit i Noreg, den sokalla Senneset-massakren. Vi ho nokon gong be om orsaking for at hennar løgner førde til at so mange følte seg pressa til å ta mRNA-injeksjonane vart skadde for livet (om dei var so heldige å overleve)? Eg ville ikkje ha halde pusten medan eg ventar.

Sjå òg «Kjetil Tveit: Vil Ingeborg Senneset nokon gong be om orsaking?», publisert 25.januar 2024.

Det er forresten lenge sidan Saksyndig har hatt besøk av nettrollet «HT». Har hans arbeidsgjevar gjeve han andre oppdrag, skal tru?

Sjå òg «Senneset og Rashidi lyg om covid-‘vaksinar’ – og ein hær av nettroll beskyttar dei», publisert 12.april 2024.

Kommenter innlegget