Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Ein velfortent strekk på Alnabru», publisert 6.mai 2025, og «Pistolpanikk i djupstaten», publisert 7.mai 2025.
Snartenkte Karl greier i løpet av få sekund – og under sterkaste moglege press – å tenkje ut ein plan for å sleppe unna djupstatens klør. Dette scenarioet dreiv han og hans «klassekameratar» på spionskulen og terpa på kvar einaste dag, og no ber det endeleg frukter. Han går med bestemte steg mot den søte, vesle jentebilen i den ubestemmelege, grågrønblå fargen. Denne dieselbilen står og ventar på grønt lys i eit kryss i ei folketom gate. Han kastar eit raskt blikk på baksetet, og på den unge blondina med store puppar. Han bankar bestemt på ruta, før han opnar opp døra og set seg inn.
«Hj-hjelp, hvem er du?» spør jenta med ei lys stemme.
Karl fiskar fram ein ganske god kopi av eit politi-ID-skilt:
«Eg er politi i sivil, betjent Drægebø frå Oslo politidistrikt,» seier han. «Eg rekvirerer deg og denne bilen til eit langoppdrag.» Lyset blir grønt. «Køyr!»
«J-ja,» seier jenta med skjelven stemme, før ho gassar på.
«Du må køyre inn på E6, og so inn på E18,» seier han medan han tek på seg belte. Jenta nikkar pliktoppfyllande. Ho er ein av mange nordmenn som har blitt kondisjonert til å alltid ha tillit til politiet.
Snart glir den vesle jentebilen gjennom Oslo-trafikken.
Han sit og mønstrar jenta frå topp til tå. Ho har ein blond pasjeklipp som akkurat viser dei glitrande perlene i øyra hennar. Ho har eit sølvsmykke med ein liten «L», smykket følgjer konturane til den lekre halsen. Eit vidare sølvsmykke med eit lite hjarte dinglar på toppen av den særs djupe kløfta. Ho har på seg ei kvit, tettsitjande skjorte, og tights i den same ubestemmelege grågrønblå fargen som bilen. Rundt høgre handledd har ho eit perlearmband med ei lita gullkjede med eit gullhjarte. Det klirrar og pirrar herleg for kvar ein rørsle ho gjer. Blikket hans går uunngåeleg på det største blikkfanget på ho: dei store puppane, som eser herleg der ho engsteleg strekkjer på seg. Brystvortene er håplaust synlege på det kvite, jomfruelege stoffet.
«Hvor skal vi?» spør ho.
«Vi skal sørover på vestsida av Oslofjorden,» svarer Karl. Han ser på drivstoffmålaren at tanken nesten er full. «Torp lufthavn Sandefjord.»
«Helt ned der?» Ho krympar seg. «Det er jo langt!»
«Du vil få kompensasjon for drivstoff frå Oslo politidistrikt,» lyg Karl på ein særs overbevisande måte. «Vi må til Torp raskast mogleg. Du kan gjerne gasse litt på. Det er greitt å bryte fartsgrensa når ein politimann sit i bilen.»
«Er det? Okei.»
Den vesle jentebilen skyt fart. Perlearmbandet klirrar herleg.
Karl vrir på seg i setet. Møtet med Konduktør-Kristine gjorde han temmeleg pungsprengt, og no er han plaga av det som i moderne sjargong blir kalla «blå ballar». Synet av denne smellvakre, vesle blomen (og ikkje minst dei store puppane og det pirrande armbandet!) gjer ikkje akkurat tilstanden hans noko betre. Han prøver å få tankane over på andre ting enn ballar – og det faktum at livet hans er i stor fare.
«Kva heiter du?» spør han.
«Lotte.» Ho bit seg ømt i leppene. Dei vakre, sjøgrøne auga kviler på vegen. Dei køyrer inn i ein tunnel.
«Fint namn.» Han tjuknar i halsen. Faen, kor kåt han er!
«T-takk.»
«Kor gammal er du?»
«Jeg fyller 22 i august. Vil du se leggen min?»
«Medan vi køyrer?» Karl held nesten på å gulpe opp restar av den store Big Tasty-menyen han åt for fleire timar sidan.
«Den ligger i veska mi i baksetet.»
«Åh, du meiner legitimasjon…!» Karl ristar på hovudet. Ho kastar han eit raskt sideblikk. «Nei, det er ikkje naudsynt…! Eg stoler på deg…!»
Truskuldige Lotte er like indoktrinert som dei fleste på hennar alder og oppover – men i ein slik situasjon er den særnorske tilliten for éin gongs skuld på Karl si side. Ferda held fram gjennom den lange tunnelen.
«Kommer du fra Vestlandet et sted, betjent Drægebø?» lyd den søte jentestemma. «Du er ikke fra Oslo.»
«Eg kjem frå Førde.» Magen hans vrengjer seg berre ved tanken på den stygge skitbyen, men det er iallfall ei truverdig dekkhistorie. Då slepp han å snakke ein annan dialekt, for det er so altfor lett å gløyme seg når ein tek på seg ei slik unaturleg rolle. «Og du?»
«Jeg kommer fra Jessheim.»
I gamle dagar kom «alle» midtsidedamer i Vi Menn frå Jessheim. Anten hadde staden ein overrepresentasjon av unge damer som ville vise fram dei nakne kroppane sine, eller so var Jessheim staden dei valde å kome frå for å skjule opphavet sitt. Akkurat som visse folkeslag i 2024 plutseleg byrja å kome frå «Nordfjord» etter den særs stygge gjengvaldtekta som fann stad der.
«Kva jobbar du med?» spør Karl medan ballane verkjer i all si sprengjeferdige prakt.
«Jeg jobber i klesbutikk,» svarer ho. Det vesle hjartet klirrar og pirrar. Tunnellysa glir over bilen og leikar med det blonde håret og dei glitrande smykka. «Men i august skal jeg begynne å studere juss på Blindern.»
Akkurat som ti tusen andre norske, overambisiøse jenter. No for tida verkar det som om «alle» jenter anten vil bli anten advokat eller sjukepleiar. Ingen av dei ser ut til å ha nemneverdig peiling på kva dei går til, og vil før eller seinare erfare at systemet ikkje er det dei har blitt lurt til å tru at det er. Rettssystemet er gjennomkorrupt, og helsesektoren… Vel, berre spør Saksyndig-redaktøren!
Lotte vrir sakte på seg i setet i det bilen kjem ut av den lange, lange tunnelen. Eit svakt stønn slepper ut av ho, noko som formeleg piner dei blå ballane til vår mann.
«Går det bra med deg?» spør han, temmeleg tung i pusten. Han er ikkje berre noko so inni helvete pungsprengt, han er òg sprutesjuk.
«Ja, jeg må bare sånn på do,» svarer ho. «Jeg kommer rett fra jobb, og har ikke fått tisset i hele dag.» Puppane eser herleg i det ho pustar inn. Dei lekre, grågrønblåe låra pressar lett saman det svulmande underlivet. Ho kastar han eit raskt sideblikk. «Kunne… kunne vi stoppet et sted?»
«Du…!» Karl kjennest ut som han skal eksplodere. «Du må nok halde deg…! Vi har ikkje tid…! Men det er toalett på flyplassen…!»
«Javel,» svarer ho og bit seg ømt i leppene.
Det er noko utruleg opphissande over ansiktsuttrykket til den pissetrengte jenta, og ikkje minst at Karl bestemmer når (og om) ho skal få tømme blæra. Det å kunne bestemme over «vaksne» menneske på denne måten er alle politikarar og maktpersonar sin store draum, for dersom ein er av ein narsissistisk og psykopatisk natur, er dette tilstanden dei alle prøver å oppnå.
Han tek opp mobilen sin og opnar ein spesiell app som folk flest ikkje veit om. Der ser han at ingen politipatruljar er på utrykking nokon stad i Stor-Oslo (heller ingen fartskontrollar, noko som gjer at Lotte kan råkøyre utan uro for å bli stoppa). Oslo politidistrikt sin Twitter-konto er òg tyst som grava. Dette er gode nyheiter – då blir det endå enklare å kome seg vekk. Kanskje det vanlege politiet har fått ordre om å ikkje gripe inn – omtrent som politifolka under 22.juli-terroren, som i praksis gjennomførde ein «jobb sakte-aksjon» den dagen. Karl smiler for seg medan han ser ut vindauget. Han er altfor farleg for vanleg politi!
Pungsprengte Karl snur seg mot blæresprengte Lotte. Ho er so vakker som ei gudinne der ho sit i den solbada bilen. Perlearmbandet med det pirrande, klirrande hjartet glitrar som eit heilt stjernesystem. Ein liten del av han har lyst å få ho til å stoppe på vegskuldra på E18 og gje han ein sugejobb. So minner den største delen han om at slik toskeskap ikkje høyrer heime hjå ein agent i den norske motstandsrørsla. Slike kroppslege behov kan han ta seg tid til når han er ute av faresona.
«Hva skal du egentlig på Torp?» spør Lotte medan ho vrir på seg i setet. Det klirrar og pirrar.
«Det er top secret…!» svarer Karl.
«Hvorfor må du rekvirere en privatbil? Har dere ikke tilgjengelige politibiler i Oslo?»
«Vi må spare inn, og fleire bilar står på lading…! Målet er at minst 70% av bilparken til Oslo politidistrikt skal vere elektrisk innan 2028…! Politikarane vil ha ein heile sentrum utsleppsfritt innan 2030…!»
«Hmm, det grønne skiftet. Vel, det er viktig at vi redder jorda fra de menneskeskapte klimaendringene.»
«Eg ser du køyrer dieselbil…!»
«Det stemmer.»
«Du må då vere den einaste i Oslo som køyrer dieselbil…!»
Lotte vrir på seg og bit seg i leppene.
«Akkurat nå har jeg ikke noe annet alternativ.» Puppane eser herleg. Det klirrar og pirrar.
Faen, so vakker ho er der ho sit og strekkjer og vrir på seg! «Vesle-Karl» flyttar seg meir og meir over i førarsetet, medan Karl blir delegert til det metaforiske baksetet.
«E-er du singel?» høyrer Karl seg sjølv spørje med ei lett skjelven stemme.
Lotte sender han eit storøygt blikk. Ho blir sprutraud i ansiktet.
«Det er da et høyst privat spørsmål,» svarer ho stille. «Har politiet lov å stille slike spørsmål, betjent Drægebø?»
«Øh, politiet har lov til mykje rart i våre dagar…!» Han har fullt speidartelt mellom beina – ballane verkjer meir intenst enn nokosinne. Han kryssar lett beina og dreg ned skinnjakka. «Det er berre det at det er grådig dyrt å eige bil i våre dagar…!» Han tjuknar i halsen. «Det… det trengst som regel to utgifter for å leige bil…!!»
«Hva?» Ho ser lettare forfjamsa ut.
«Eg meiner to inntekter for å eige bil…!! Med bompengar, drivstoff, forsikring og alt…!!»
«Mora mi betaler for bilen, jeg betaler kun for drivstoffet – om du absolutt må vite det.» Ho er lettare syrleg der ho sit vakker og pissetrengt. Dei held rundt 130 på motorvegen – det er lite trafikk trass at klokka nærmar seg fire om ettermiddagen. «Og du da, betjent? Er du singel?»
«Øh, ja…!!» Karl blir raud i kjakane.
«Det er… temmelig åpenbart.» Det klirrar og pirrar. Smykka glitrar. Puppane eser. Underlivet svulmar.
«Kunne du… kunne du kanskje…??» Karl ser på ho som ein tiggande hund. Det lyser av han lang veg kva han vil. «Du er so d-deilig, Lotte…!! Eg h-har so lyst på deg…!!»
«Alvorlig talt, synes du dette er passende oppførsel for en politibetjent?» spør Lotte skarpt. «Må jeg anmelde deg til Spesialenheten?»
Karl vurderer eit lite, redselsfullt sekund å trekkje fram pistolen og tvinge til seg ei seksuell handling. So greier heldigvis det største hovudet å snakke han til fornuft. Han tek på seg eit steinansikt og seier ikkje eit steinsens ord meir. Vakre, herleg uoppnåelege Lotte sit der og vrir og strekkjer på seg, tomatraud i ansiktet. Det klirrar og pirrar, klirrar og pirrar – utan stans, utan nåde.
Den vesle, grågrønblåe jentebilen køyrer omsider inn på parkeringsplassen til Torp lufthavn Sandefjord, nøyaktig 90 minutt etter at Karl «rekvirerte» bilen på Alnabru. Bilen står der på tomgang, og desperate, patetiske Karl vrir på seg i setet – samstundes som desperat pissetrengte Lotte vrir på seg.
«Ja, nå er vi fremme, betjent,» seier ho sarkastisk. «Jeg regner med at Oslo politidistrikt sponser diesel på meg.»
«Ja, det skal gå greitt…!!» svarer Karl, på randa av eksplosjon. Ballane kjennest ut som dei er dobbelt so store som vanleg. Han må kome seg vekk frå ho før det skjer ei valdtekt! «Takk for turen, Lotte…!!»
Han er på veg ut bilen, då Lotte brått seier:
«Til neste gang bør du lære deg litt bedre sjekketriks. Patetisk er bare fornavnet. Du har mye å lære, ‘politibetjent’. Har du i det hele tatt vært med ei jente før?» Ho fnyser i forakt og himlar med dei vakre auga. «Facebook kommer til å le seg i hjel når jeg forteller dette.»
Karl står eit par sekund og tenkjer seg om. Han trekkjer so fram pistolen sin frå beltet. Puppe-esing, armband-klirring og eit forskrekka gisp finn stad.
Eit minutt seinare sit Lotte i den solbada, varme bilen og vrir på seg med to par handjarn. Venstrehanda er lenka til dørhandtaket til bakdøra på førarsida, medan høgrehanda er lenka til framdøra på passasjersida. Dei søte jentearmane får verkeleg strekt seg no. Nøkkelen til bilen har Karl teke med seg, i likskap med veska hennar med telefon, lommebok og «legg». Slike frekke ungjenter som trur dei er verdsmeistrar må setjast på plass – og ein kjem lenger med kloke ord og ein pistol enn berre kloke ord. Den dritforbanna, ufatteleg pissetrengte blondina ser han forsvinne frå der ho sit hjelpelaust fanga. Ho har ein vag mistanke om at han ikkje var politi likevel.
Karl finn ein sykkel, klipper lett av den sokalla sykkellåsen og syklar det raskaste han kan nedover vegen. Ballane eser uuthaldeleg på det harde, smale sykkelsetet.
Etter ein 15 kilometers sykkeltur kjem han til ei båthamn. Han tjuvkoplar ein av båtane, som har tak og kalesje, og snart køyrer han gjennom den vakre, solbada skjergarden. Kor han skal no, veit berre han sjølv – og knapt nok det. Vår mann og hans blå ballar siglar einsamt inn i den metaforiske solnedgangen.
Midt ute på fjorden stoppar han opp, omtrent like langt frå norskekysten som svenskekysten. Her må han ta ein pause og leggje planar for vegen vidare. Han tek frå beltet fram ei rekkje falske pass og ID-kort. Dansk, svensk eller kanskje tysk? Han snakkar alle språka flytande og med god overbevisning.
Akkurat i det han sit og tenkjer, bryt eit vesen brått overflata. Han kvekk til der han sit. To jentehender grip rekkja på båten. Der, i vassflata, flyt det plutseleg ei blond jente med ei svart, glinsande våtdrakt og ei vakker perlekjede. Ho ser på han med mørke rovdyrauge og eit nifst halvsmil.
«Kven faen er du…??» spør sprengkåte Karl.
Den like sprengkåte jenta inviterer seg sjølv om bord i båten. Med eit flirande snerr overfell ho Karl, og dei to byrjar vegen til frelse medan mørke skyer lurer i horisonten.
