Det ser ut som nordmenn blir førebudd på krig, iallfall om ein skal ta bokstavleg ein nyleg artikkel i VG skrive av kommentator Astrid Meland. Artikkelen har eit bilete av Jonas Gahr Støre med biletteksten «Vær forsiktig med hva du sier», og det er ikkje so altfor mange måtar å tolke dette på: Regimet vil at folk skal halde kjeft og rette seg etter ordrar. Det same såg vi under «pandemien», der kritisk tenking og alternative synspunkt vart bannlyst frå den offentlege debatten, og der folk kunne risikere å misse jobben om dei hadde «feil» meiningar. Ei slik tid er ikkje ønskjeleg for oss, men høgst ønskjeleg for eliten.
Deira våte draum er ei skremt befolkning som lyd alle ordrar utan å mukke.
Kjetil Tveit skriv på Steigan 11.mai 2025 om nemnde artikkel: «Bildet fra VG-artikkelen er mer enn symbolsk. Når Norges statsminister står foran ordene ‘Vær forsiktig med hva du sier’, varsles en ny æra – der krise, kontroll og stillhet går hånd i hånd.»
I totalitære samfunn er det ifølgje Tveit aldri tilfeldige detaljar, berre velregisserte signal. Han skriv:
«Statsministeren snakker om krig. Ikke diplomatisk forebygging. Ikke fred. Ikke forsoning. Bare krig, og artikkelen handler om hvordan staten skal kunne ekspropriere deg, bilen din, eiendommen din og arbeidet ditt – som om du var en del av statens lagerbeholdning.
Men før du kan kommanderes fysisk, må du formes mentalt. Derfor kommer advarselen først: vær forsiktig med hva du sier.»
Tveit skriv vidare at ingen krig oppstår i eit vakuum, og at det alltid er ein fase før ein krig der språket blir tøyla, ytringsrommet krympar, og borgarar blir sosialiserte inn i det nye regimet. Kondisjonering, med andre ord. «Pandemien» var fyrst og fremst ein generalprøve der regimet testa ut folkets lydigheit og blinde tillit til sine totalitære herskarar. Alle følgde sjølv dei mest absurde utspela frå kuppmakarane, og dei snikmelde kvarandre for brot på munnbindreglane, sosial avstand og kor mange gjester ein kunne ha på besøk. Sensur og scenenekt vart norma, og «alle» såg ut til å meine at dette var heilt greitt – dei torde nemleg ikkje anna.
Tveit oppsummerer stoda i dagens meiningssmale Noreg:
«Vi står nå i et nytt forspill. Det er ikke støvler i gatene, men skjemaer i skyen. Ikke razziaer – skjønt Tyskland og Storbritannia er allerede i gang – men algoritmer. Ikke bokbål, men faktasjekk. Og hele tiden, det samme budskapet: Pass på hva du sier.
For du vet aldri hvem som lytter. Eller rapporterer.»
Avvik frå den etter kvart so smale norma blir kalla «ekstremisme», og norma har fått namnet woke. Dette er moralens nye politi, som dikterer korleis du skal snakke, kva du skal meine og kven du får lov til å kritisere. Det har oppstått det Tveit kallar moralmonopol, og det i eit samfunn der eliten allereie har gjeve seg sjølv monopol på sanninga.
«Det nye regimet er ikke drevet av folkelig opprør, men av stiftelser og milliardærer. NGO-er som produserer skolebøker og barnehagemateriell. PR-byråer som definerer ‘hat’. Og Big Tech som bestemmer hva som er sant.
Dette er ikke grasrot. Det er ikke kjærlighet. Det er arkitektur.»
Og arkitektane fekk denne «infrastrukturen» på plass allereie under plandemien:
«Under koronakrisen ble verden stengt ned med en synkron presisjon som bare et globalt teknokratisk nettverk kan få til. De ti rikeste doblet sine formuer, mens middelklassen ble pålagt munnbind, appregistrering og konkurs.
Småbedrifter døde. Offentlige støttepakker gikk til konserner som allerede eide det meste. Vi fikk ikke solidaritet – vi fikk en massiv overføring av makt og eiendom oppover i pyramiden. Et stille ran. En omfordeling uten gevær, men med forskrift.
De kalte det ‘dugnad’.»
Det nye totalitære Noreg har vore under planlegging i lang tid, heilt frå Jens Christian Hauge og Stay Behind i etterkrigsåra til Noregs snikinnmelding i EU på 1990-talet via EØS-avtalen. Ved hjelp av kriser slik som klimakrisa, migrasjonskrisa, «pandemien» og inflasjonskrisa har folk blitt kondisjonert til å godta «mellombels» innskrenking av eigne rettar. Etterretningsregisserte terroraksjonar slik som 11.september og Utøya har kondisjonert folk til å finne seg i innsnevring av meiningsrommet med risiko for å bli stempla som «konspirasjonsteoretikarar» om dei trakkar utanfor den oppmerka stien. Heldigvis har varslarar slik som Synnøve Fjellbakk Taftø og Norulv Øvrebotten gjort oss merksame på dette skitne spelet frå skuggane i djupstaten – og betalt ein høg pris for det privat og profesjonelt.
Ved at den totalitære staten tilbyr oss «tryggleik», blir det forventa at vi skal gje frå oss all fridom. Fyrst ytringsfridommen, deretter eigedomsretten, so rettstryggleiken – og til slutt oss sjølve. Staten ser på oss som sin eigedom, som om vi har kveg. Med Tveit sine ord er totalitarismen tilbake.
Alle skal halde kjeft og følgje ordre, og nåde den som ikkje gjer det.
