Det norske arbeidslivet er ikkje berre plaga av høgt sjukefråvær som det er logisk å knyte til ordninga med full lønn under sjukefråvær. Eit problem som Fri Fagbevegelse har sett søkjelyset på den siste tida, har vore tilfelle der arbeidsgjevar avviser (bokmål bestrider) sjukemeldingar hjå tilsette som er reelt sjuke. Dette har skapt store problem for dei tilsette, fordi dei ikkje får noko som helst utbetalt før Nav har avklart saka – og Nav si notorisk langdryge saksbehandlingstid er eit kapittel for seg.
Sjå òg «Striden om sjukelønna: Nordmenn utnyttar systemet, men risikerer samstundes å bli straffa ved REELL sjukdom», publisert 15.desember 2024, og «Elefanten i rommet: Full sjukelønn skaper det særnorske, skyhøge sjukefråværet», publisert 10.januar 2025.
Dan Christian Torres Legaspi, regiontllitsvalt i Securitas, tok nyleg opp dette i ein artikkel på Fri Fagbevegelse, henta frå Arbeidsmanden. Innleiingsvis skriv journalist Camilla Yndestad:
«Se det for deg: Du er syk. Legen sykmelder deg. Kroppen sier stopp. Men arbeidsgiveren din sier: ‘Vi tror ikke på deg.’ Og Nav sier: ‘Vi må undersøke.’ I mellomtiden – ingen lønn.»
Med Legaspi sine ord:
«Betale husleia, eller kjøpe mat? Du tar opp forbrukslån, bruker kredittkort, ringer familie for hjelp – og skammer deg. Ikke fordi du har gjort noe galt, men fordi systemet svikter deg når du er svakest […].»
Fri Fagbevegelse har gjort ei omfattande dekning av tilfelle der arbeidsgjevarar avviser legitime sjukemeldingar, på same måte som eg på Saksyndig har dekt tilfelle av grov urett på arbeidsplassen. Få andre skriv om slike situasjonar, og då kan kanskje enkelte sitje med inntrykk av at nettstadene prøver å framstille det som om sjeldne situasjonar skjer oftare enn dei gjer. Få har høyrt gjete at arbeidsgjevarar nektar å godkjenne sjukmeldingar. Det er derimot snakk om ein reell auke av sjukemeldingsavvisingar, og dette kjem frå nettopp dei som har med sjukemeldingar å gjere. Som det står vidare i artikkelen:
«At arbeidsgiver bestrider sykmeldinger, er en økende trend i Norge.
Ifølge Nav viser en manuell gjennomgang at det har vært en økning i antall bestridelser fra om lag 1300 saker i 2022 til om lag 1900 saker i 2024.
Det er en økning på 46 prosent.»
46% auke på to år er bekymringsfullt. Tydar det at vi er på veg vekk frå tillitssamfunnet òg i arbeidslivet? Å bli for sjuk til å jobbe er ein alvorleg situasjon. Og den blir endå verre når ein ikkje blir trudd av arbeidsgjevar og dermed ikkje får sjukepengar.
Styrke har lagt fram eit forslag om å avgrense retten arbeidsgjevar har til å avvise sjukemeldingar. I tillegg må arbeidstakar ha rett på lønn fram til saka er avklart. Men dette er ikkje nok, for problemet er at visse arbeidsgjevarar ikkje stoler på tilsette i fyrste omgang – då må dei straffast for det:
«Under en samling i regi av Norsk Arbeidsmandsforbund tidligere i år, tok Legaspi til orde for å bøtelegge de bedriftene som ikke har godkjent en sykmelding, men der Nav i ettertid godkjenner den samme sykmeldingen.
Den tillitsvalgte legger ikke skjul på at han mener det må på plass en lovendring som gjør at Nav kan gjøre nettopp dette.
– Kanskje det da vil bli vanskeligere for bedriftene å forsøke seg på bestridelser.»
I Noreg er økonomiske sanksjonar hovud-modus operandi frå staten for å straffe lovbrot og andre avvik. Om ein tilsett får alvorlege økonomiske problem fordi ein arbeidsgjevar på usakleg grunnlag avviser ei sjukemelding, må arbeidsgjevar òg påførast økonomiske problem i form av ei bot. Slike «vanskelege» arbeidsgjevarar må lære på den harde måten at dei ikkje kan sleppe unna med å påføre tilsette grov urett.
