Ei smidigare løysing

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Ein velfortent strekk på Alnabru», publisert 6.mai 2025, og «Pirring på nattoget til Oslo», publisert 26.april 2025.

Med hendene lagt i jarn bak ryggen, og ei svart hette over hovudet, blir Konduktør-Kristine køyrt gjennom dei mistenkjeleg lite trafikkerte Oslo-gatene. Dei skal til Delta-troppen sitt hemmelege avhøyrsrom, ein av dei sokalla svarte stadene som djupstaten ofte bruker. Kortesjen av svarte køyretøy med blålys på taket stoppar utanfor ein anonym bygning eit godt stykke utanfor Oslo. Kristine, blinda og armlaus, blir brutalt geleida ut av bilen.

Hetta blir fjerna. Ho sit på ein stol med hendene på ryggen, framleis i full uniform. Det grelle lysrøyret i taket badar det vesle, klaustrofobiske rommet i eit nifst lys. Alt ser sjukt og unaturleg ut, akkurat som heile denne situasjonen. Jenta er bleik og redd der ho sit. Hjartet hamrar og ho hiv etter pusten.

Til slutt, etter noko som kjennest ut som ei æve, går døra opp. Inn kjem ein mann og ei dame i sivilkle. Begge ser temmeleg nordiske ut, men noko ved dei gjer at ho føler djup uhyggje. Eit aller anna i ho veit at dei ikkje er menneske slik som ho sjølv er. Dei to set seg ved bordet. Dama landar ei tjukk mappe mellom dei tre. Ei vag summing kan høyrast – kanskje er det ventilasjonsanlegget.

«God dag,» byrjar dama på Oslo-dialekt (eller standard bokmål, som det eigentleg er). Ho seier det fulle namnet til den redde jenta med det lange, raude håret og dei vakre perleøyredobbane. «Vi veit alt om deg.»

Hjartet hennar sluttar å hamre. Blodet frys til is i årene. Ho blir påfallande roleg, som om det ikkje er nokon vits i å få panikk. Ho føler seg som eit byttedyr som er fanga i eit hjørne, og det er ingen måte å sleppe unna. Ho godtek situasjonen.

«Hva vil dere meg?» spør ho med ei skjelven stemme. Ho høyrest meir ut som ei lita jente enn ein lettare pervertert konduktør.

«Du er mistenkt for togsabotasje,» seier mannen, som òg snakkar bokmål. «Det har funnet sted en rekke mistenkelige togstanser på Østlandet den siste tida. En konduktør har allerede blitt avskjediget og det har blitt opprettet politisak på ham. Vy har anmeldt ham. Det er hevet over enhver tvil at alle togproblemene på det sentrale Østlandet ikke utelukkende skyldes tekniske feil. Det har funnet sted gjentatte stopp med tog, uten naturlig forklaring.»

«Hv-hva har dette med meg å gjøre? Hvorfor er jeg mistenkt?»

«Den mistenkte har utpekt deg som medskyldig, Kristine,» seier dama. Ho har eit underleg halvsmil i det bleike, altfor nordiske ansiktet. «Vi mistenker at du har vært med på å sabotere Vys tog under instrukser fra selveste agent Karl Heldal. Han og resten av det som de selv kaller ‘den norske motstandsbevegelsen’ har utført flere terrorhandlinger på norsk jord de siste årene.»

«Mener dere Utøya og Pride-terroren?»

«Nei.» Dama ristar avvisande på hovudet, og det gjer mannen òg. «Vi snakker om aksjoner som har som mål å forstyrre den norske infrastrukturen og Den norske stats oppgaveutførelse. Sabotasje, mellom annet av våre aktører, og – i ditt tilfelle – forstyrrelse av den sikre drift av jernbane og buss. Forholdet har en strafferamme på seks års fengsel.»

Kristine gispar forskrekka medan tårene sprett fram i auga.

«I ditt tilfelle, derimot…» byrjar mannen medan både han og dama smiler. «… snakker vi 21 års fengsel.»

Kristine gispar forskrekka ein gong til. Dei store brysta hennar eser medan ho hiv etter pusten. Mannen held fram:

«Vi vurderer Karls handlinger som grovt angrep på de høyeste statsorganenes virksomhet, jamfør §116 i Straffeloven. Dette er i tråd med §112 i samme lov, grov krenkelse av Norges selvstendighet og fred. Han er også mistenkt for overtredelsene av §114, grov krenkelse av Norges statsforfatning. Vi kan også legge til §120, grovt landssvik, og §121 b., grovt angrep på norske og allierte styrker. Og for ikke å forglemme §122, grov etterretningsvirksomhet mot statshemmeligheter, og §124, grov avsløring av statshemmeligheter. Mannen er meget, meget farlig og vet så altfor, altfor mye.»

«Og du har valgt å hjelpe ham,» legg dama til.

«Jeg… jeg trenger en advokat!» klynkar livredde Kristine der ho sit og vrir og strekkjer på seg. Uniforma kjennest so altfor, altfor trong. «Jeg visste ikke at Karl var den han var! Jeg ville bare ha sex!» Tårene trillar nedover ansiktet.

Dama og mannen lener seg tilbake på stolane og smiler fornøgde til kvarandre.

«Sex med Karl?» spør dama. «Kanskje vi kan få til en forvaringsdom. Her burde da lov om psykisk helsevern helt klart gjelde…»

Kristine sit der og grin som ei lita jente. På eit tidspunkt klynkar ho til og med «mamma». Trass denne emosjonelle scena, sit dei to bleike «nordmennene» der med fullstendig uttrykkslause ansikt – bortsett frå desse underlege smila. Til slutt reiser dei seg, tek med seg mappa og forlèt rommet.

Etter nok ei æve opnar døra seg. Inn kjem ei biletvakker dame med svart, bølgete hår og briller med svart innfatning. Ho er kledd i ei kvit, heilt tilknappa skjorte, ei svart dressjakke og eit svart, kort skjørt. Ho har med seg ei brun lærveske som ho landar lett og leikent på bordet.

«Kristine,» seier ho på Oslo-dialekt.

«E-er du min advokat?» spør den redde, redde jenta.

«Ja,» svarer ho. «Jeg skal hjelpe deg, siden du er mistenkt for meget alvorlige forbrytelser. I fellesskap skal vi få til en smidigere løsning, til alles beste.»

«K-kan de låse opp håndjernene mine?» spør ho tynt. «Jeg må sånn på do.»

«Beklager, det kan de ikke,» svarer ho. «Men snart vil du bli overført til en celle, der du skal tilbringe natten.»

«Hvor er jeg? Er jeg på en politistasjon?» Ho ser seg rundt i rommet, som ser ut som det ikkje har fått eit målingsstrøk eller blitt vaska på mange Herrens år.

«Dette er nok ikke en politistasjon. Og de som pågrep deg var ikke politi.» Ho får eit gåtefullt uttrykk i det vakre ansiktet. Dei nøttebrune auga er fokuserte, men utstrålar elles ikkje nemneverdig menneskelegheit. «I morgen skal jeg ha et møte med… ledelsen her, og senest klokken tolv skal du bli informert om veien videre.»

Kristine nikkar. Advokaten reiser seg og trippar lett og leikent ut av rommet.

Etter nok ei æve opnar døra seg. Inn kjem tre barske menn i militæruniform og tek Kristine med seg. Ho blir frakta nedover den lange korridoren til ei tung metalldør som verken har namn eller nummer. Handjarna blir mellombels låste opp, men berre for å bli festa til hovudenden på ei seng – det einaste møblementet i det vesle, vindaugslause rommet.

Framleis i full konduktøruniform blir Kristine forlaten, lenka til senga. Lyset blir slukka og mørket seinkar seg. Blæra forblir full – uniforma stoppar alle uverdige utslepp.

Etter ein æra som kjennest like lang ut som heile universets levetid fram til no, blir døra opna og lyset tent. Mannen og dama frå gårsdagen, pluss ei blondine med tre gullsmykke og ein kvit, tettsitjande kjole, openberrar seg i rommet. Den særs pissetrengte jenta myser på dei tre.

«God dag, Kristine…!» seier blondina på ein dialekt som ikkje er Oslo-dialekt. «Eg er din nye eigar…! Mektige Erika er mitt namn…!»

«Vi har i samråd med din advokat kommet frem til en smidigere løsning enn livsvarig fengsel,» seier dama.

«Å kjøre en slik sak i rettssystemet ville føre til unødvendig eksponering, og ikke minst implisering av for mange parter,» seier mannen. «Selv om alle norske dommere er eid av oss, kan vi ikke stole 100% på dem. Men Erika, derimot, vil aldri fortelle noe.»

«Munnen min er lukka med sju segl…!» seier ho, der ho trippar bort til senga. Ho bøyer seg sakte over Kristine og stryk ei hand nedover kinnet. «Perfekt…! Og du har allereie hol i øyra…! Du vil få nye perler under operasjonen…!»

«Hv-hvilken operasjon?» spør den forvirra jenta. «Hvor skal jeg?»

Erika strekkjer sakte på seg so dei store struttepuppane står endå meir ut. Med eit smil i det skamsminka trynet seier ho:

«Håkonsvern med Å…!»

Dama og mannen smiler frå øyre til øyre. Kristine ligg der med hovudet på skakke og ein perpleks grimase i det bleike, tårefylde ansiktet.

One comment

Kommenter innlegget