«Krefthandbok» avslører kva slags behandlingar som faktisk fungerer

Kreft er, som andre vestlege sjukdommar som diabetes, høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar, ei mjølkeku for Big Pharma. Det fører til at alternative behandlingsformer blir forsøkt motarbeidd med alle kunstens reglar. Her er ingen triks for skitne: legar som tilrår alternativterapi risikerer å misse autorisasjonen; pasientar som tek i bruk alternative behandlingsmetodar kan bli nekta vidare oppfølging frå helsevesenet; betalte nettroll svertar alternativterapeutar og «annleistenkjande», hengjer dei ut og i grove tilfelle doxxar dei. Big Pharma skal tene pengar på sjukdom, og det kostar bokstavleg tala folk livet.

Konvensjonell kreftbehandling, slik som cellegift, viser generelt tvilsame fordelar for dei fleste kreftformer. I og med at cellegifta òg går til åtak på friske celler, har behandlinga betydeleg risiko. Pasientar blir kvalme, misser håret og kan vere ekstra utsett for sekundær kreft, slik som leukemi (blodkreft). Å unngå eller bli frisk av kreft handlar fyrst og fremst om ein kropp i balanse. Her speler kosthaldet og livsstilen sentrale roller. Både fysisk og psykisk helse bør vere so god som mogleg – den psykosomatiske effekten er ikkje ein konspirasjonsteori.

Lynne McTaggart si bok The Cancer Handbook: What’s Really Working, («Krefthandboka: Kva som faktisk fungerer»), dukkar ned i dette komplekse og kontroversielle temaet. Kreft råkar ein av tre i den vestlege verda, men trass at milliardar (om ikkje billionar) har blitt investert i forsking og behandling, har ein berre sett marginale forbetringar når det gjeld kor mange som overlever kreft. Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing; utdrag):

«Narrativet som omgjev kreftbehandling legg ofte vekt på framsteg innan cellegiftbehandling, nye legemiddel og innovative behandlingskombinasjonar. Ein grundigare gjennomgang avslører derimot ein meir edrueleg røyndom. Terminologien som blir brukt innan onkologi [læra om kreftsjukdommar; oms.an.], slik som «reddande» terapiformer og «bergings»-operasjonar, antydar ein viss desperasjon.

Medan visse krefttypar, slik som Hodgkins sjukdom og visse former for barnekreft, har vist lovande respons på cellegift, forblir effektiviteten av desse behandlinga på dei fleste krefttypar tvilsam. Enkelte studiar antydar til og med at ubehandla pasientar kan oppleve liknande, om ikkje betre utfall samanlikna med dei som gjennomgår cellegiftbehandling.

Cellegift, trass dei potensielle fordelane, er ikkje utan betydelege bakdelar. Biverknadene – som inkluderer kvalme, oppkast, hårtap og auka risiko for sekundære kreftformer, spesielt leukemi – er veldokumenterte. Langtidsbiverknadene av desse giftige legemiddela er framleis ikkje fullstendig forstått, noko som vidare kompliserer risiko-nytte-analysen for pasientar.

Eit av dei mest intrigerande aspekta ved boka til McTaggart, er at den utforskar sambandet mellom kropp og sinn i kreftbehandling. Dr. Bernie Siegel, ein prominent kreftspesialist, argumenterer at tru speler ei livsviktig rolle i lækjeprosessen.

Pasientar som har tru på behandlinga si, om den er konvensjonell eller alternativ, har tendens til å få betre utfall. Dette konseptet blir støtta av talrike kasus-studiar og anekdotisk evidens, noko som antydar at påverknaden sinnet har på lækjeprosessane til kroppen er ein kraftig, men diverre ofte undervurdert, faktor.

Boka kastar òg lys på alternative behandlingsmetodar som ofte blir oversett eller avfeia av det hovudstraumsmedisinske samfunnet. Ei slik tilnærming er immunforsterkande terapi [i originalartikkelen immuno-augmentative therapy], utvikla av dr. Lawrence Burton. Immunforsterkande terapi involverer å injisere blodprotein for å forsterke immunforsvaret og krympe svulstar.

Peptid-terapi er ein annan innovativ metode for å adressere kreft. Metoden, som dr. Stanislaw Burzynski har vore pioner for, bruker peptid for å reprogrammere kreftceller og setje i gang remisjon [tilbakegang av kreften].

Arbeidet til dr. Valentin Govallo, som dreiar seg om å undertrykkje svulstimmunitet via VG-1000-maskiner, er ei anna utvikling som er verdt å merkje seg. Tilnærminga hans er basert på ideen om at svulstar skaper eit «immunologisk skjold» for å beskytte seg sjølve frå immunforsvaret. Ved å undertrykkje dette skjoldet, kan det naturlege forsvaret til kroppen bli mobilisert for å gå til åtak på kreften.

Kosthald og ernæring blir òg trekt fram som kritiske komponentar, både når det gjeld å unngå og behandle kreft. Boka legg vekt på kor viktig det er med eit kosthald som er rikt på antioksidantar, vitamin og mineral. Studiar har vist at kosttilskot slik som betakaroten, vitamin E og selen kan redusere kreftdødelegheita. Spesielt vitamin C har vist seg å forsterke kroppen sin naturlege drapscelle-aktivitet og hindre veksten av kreftceller.

Andre næringsstoff, slik som essensielle feittsyrer, er livsviktige for å halde ved like eit sunt immunforsvar. Matvarer som inneheld mykje sulforafan, slik som brokkoli og rosenkål, blir òg tilrådde på grunn av sine anti-kreft-eigenskapar.

Enkelte alternative behandlingsmåtar slik som haibrusk, germanium og laetril er meir kontroversielle. Medan dei framstår som lovande i visse studiar, herskar der framleis bekymring når det gjeld kor effektive dei er, og når det gjeld potensielle biverknader. Urter og homøopati, inkludert grøn te og misteltein-ekstrakt, tilbyr intrigerande moglegheiter – medan enkelte laboratoriestudiar demonstrerer deira anti-kreft-effektar.

(Sjå òg «Vitamin B17: Ei ernæringsbasert tilnærming som kan forhindre og kurere kreft», publisert 4.mai 2025.)

Boka legg vekt på kor viktig det er med ei holistisk [heilskapleg] tilnærming til kreftbehandling, og handlar om ikkje berre medisinske intervensjonar, men òg livsstilsendringar, stresshandtering og emosjonell støtte. […]

Vegen mot læking er djupt personleg, og den mest effektive tilnærminga kan variere frå person til person. Ved å halde seg informert og utforske alle tilgjengelege alternativ, kan pasientar gjere myndiggjorte val om helsa og velværa si.»

Sjå òg «Kreft er ikkje ein sjukdom, men kroppens desperate rop om hjelp», publisert 9.mai 2025.

Kommenter innlegget