Sanninga om kreft – vegen frå fortviling til håp

Den farmasøytiske industrien har med sitt enorme, velsmurde propagandaapparat i årevis fremja legemiddel og kirurgi i staden for naturlege remediar når det gjeld kampen mot kreft. Flexner-rapporten frå 1910 skubba holistiske (heilskaplege) behandlingsmetodar ut på sidelinja, medan farmasøytiske behandlingar vart løfta fram som «einaste» alternativ. Resultatet vart aukande førekomst av kreft i den vestlege verda. Vesentleg kunnskap har blitt gøymt vekk og/eller stempla som kvakksalveri, og saman med kreftdiagnosen får ein pasient i Vesten beskjed om at «berre vår behandling fungerer! Ikkje gjer eigne undersøkingar eller prøv alternative metodar, elles nektar vi å hjelpe deg!» Når pasienten misser autonomien og evna til informert samtykke, vil han før eller seinare òg misse livet.

Denne tematikken blir teken opp i Ty M. Bollinger si bok The Truth About Cancer: What You Need to Know About Cancer’s History, Treatment, and Prevention («Sanninga om kreft: Kva du treng å vete om krefthistorie, behandling og korleis unngå den»). Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Oppdraget til Bollinger er djupt personleg, og drive av tapet av begge foreldra hans til kreft og dei ofte ineffektive behandlingsmetodane. Reisa hans er ikkje berre ei av sorg, men av forvandling og ustoppeleg jakt på forståing av den sanne naturen til denne sjukdommen.

Foreldra hans, Jerry Jean Bollinger-Taylor og Charles Graham Bollinger, var heltane hans, og bortgangen deira etterlét eit usletteleg merke på livet hans. I staden for å late seg fortape i fortviling, kanaliserte Bollinger likevel sorga si til ei jakt på kunnskap og håp.

Oldefaren hans Max, ein tannteknikar, utvikla magekreft etter å i årevis ha pusta inn støv frå å slipe falske tenner og drikke for mykje brus. Men Max fann eit vendepunkt då han oppsøkte behandling av ein tysk lege, Max Gerson. Det ukonvensjonelle diettprogrammet ordinert av Gerson førde til at Max mirakuløst friskna til og vart kreftfri.

Dette narrativet er eit mikrokosmos av ei større rørsle på veg mot naturlege helseprinsipp. Bollingers oldefar vart tannlege, og faren hans ein naturopatisk lege og kiropraktor, noko som fekk han til å setje stor pris på holistiske tilnærmingar til helse.

Derimot var det hans eigen «ukurerbare» diagnose med Crohns sjukdom og at han deretter mislykkast i å finne lindring frå 69 konvensjonelle og naturmedisinske ekspertar som gav han kallet hans: å rettleie andre til å vinne over sjukdom. Korstoget til Bollinger tok ei dramatisk vending då han vart diagnostisert med aggressiv metastatisk kreft [kreft med spreiing; oms.an.].

Då han stod overfor det som såg ut som ein dødsdom, gjekk han over til ein potent kombinasjon av gudstru og eit aggressivt ernærings- og avgiftingsprogram. I dag har åtte år gått sidan den diagnosen, og han held fram sitt oppdrag med å tilføre verda helse og håp.

Historia til medisin og politikken til kreftbehandling avslører eit komplekst og ofte kontroversielt landskap. For eit hundreår sidan vart berre ein av 80 amerikanarar diagnostiserte med kreft. I dag, ifølgje Verdas helseorganisasjon, vil ein av to menn og ein av tre kvinner stå overfor ein kreftdiagnose.

Denne alarmerande auken kan tilskrivast utviklinga av medisinsk praksis og framveksten av den farmasøytiske industrien. Før Flexner-rapporten i 1910 var det som no blir kalla «alternativ» medisin rett og slett medisin. Legar brukte rutinemessig homøopati, urtemedisin og andre naturlege behandlingsmetodar.

Flexner-rapporten, sponsa av påverknadskraftige figurar slik som Rockefeller- og Carnegi-familiane, flytta paradigmet ved å fremje eit meir einsretta, toppstyrt, kontrollert system i medisinutdanninga. Denne endringa skubba ut på sidelinja mange legitime former for medisin, og la grunnlaget for at den farmasøytiske industrien kunne dominere.

Undertrykkinga av naturlege behandlingsmetodar er eit tema som stadig dukkar opp i dette narrativet. Pionerar som Royal Raymond Rife, som oppdaga at sjukdomsmikrobar har unike elektroniske signaturar som kan bli nøytraliserte, og Harry Hoxsey, som med sine urteoppskrifter hjelpte hundrevis av kreftpasientar, stod overfor nådelaus motstand frå det medisinske etablissementet. Den amerikanske medisinforeininga [American Medical Association] sin kampanje mot Hoxsey var so intens at det førde til at klinikkane hans vart stengde.

Historia om kiropraktisk medisin illustrerer vidare kor stor motstand det medisinske etablissementet gjorde mot endring. Trass fleire tiår med opposisjon, har kiropraktikk halde ut og er no eit respektert yrke. Derimot var kampen for anerkjenning tung, og involverte kampar i retten og eit iherdig forsvar av legitimiteten til yrket.

Framveksten av Big Pharma og undertrykkinga av naturlege behandlingsmetodar er knytt tett saman med korleis folket oppfattar medisin. Den farmasøytiske industrien har meistra til fingertuppane propagandakunsten, og brukt psykologisk manipulasjon til å overtyde massane om at legemiddel er dei einaste legitime remediane mot sjukdommen. Edward Bernays, «medievinklingas far» [Father of Spin i originalartikkelen], spelte ei sentral rolle i denne overgangen, der han brukte propagandisert overtaling til å selje publikum ideen om «moderne» medisin.

Resultatet er eit samfunn som ofte ser på naturlege remediar som «uvitskaplege» og «kvakksalveri». Derimot har mange farmasøytiske legemiddel sine røter i kjemiske våpen, og dei fyrste cellegift-legemiddela kom frå sennepsgassen som vart brukt i Fyrste verdskrig. Besettelsen det medisinske etablissementet har med å kontrollere medisin har ført til eit system som vel vekk naturlege remediar i favør av patenterte legemiddel, noko som er til fordel for nokre få til kostnad for mange.

Nøkkelen til endring ligg i utdanning og myndiggjering. Ved å lære folk opp om den sanne naturen til kreft og alternativa til konvensjonelle behandlingsmetodar, kan dei ta informerte val om helsa og velværa si. Kunnskap er makt; dess fleire som veit dette, desse betre utstyrte er dei til å ta kontroll over helsa si og kjempe mot kreften med sjølvtillit og håp.»

Ein video om boka kan sjåast her. Sjølve boka kan bestillast her. Lesaren blir som vanleg oppfordra til å gjere eigne undersøkingar.

Kommenter innlegget