Afghansk innvandrar knivdrap joggar på grunn av «frustrasjon» – fjerna tolken sin i retten fordi ho er kvinne

Realiteten i Europa på grunn av årevis med «mangfald» og uvørden masseinnvandring har kravd nok eit offer. Remix News melder at ein afghansk asylsøkjar knivstakk til døde ein fransk dataprogram-utviklar i Tyskland i eit fullstendig tilfeldig åtak. Franskmannen var ute på joggetur då han ut av det blå vart angripen av «Ramin F.» og stukken i brystet fire gonger med ein 17 centimeter lang kniv. Då han måtte møte i retten for drapet, fekk han advokaten sin til å fjerne tolken fordi han ikkje kjenner seg komfortabel med å sitje ved sida av ei kvinne.

Og kvifor knivdrap han den joggande franskmannen? På grunn av «frustrasjon».

Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Den afghanske mannen, Ramin F., er no i retten i regionaldomstolen i Stuttgart, der den offentlege påtalemakta har sikta han for mordet på den 56 år gamle franske statsborgaren Fabrice D., som var på joggetur og totalt ukjent for afghanaren. Ramin F. stakk han tilfeldig i brystet fire gonger med ein 17 centimeter lang kniv, der eit av stikka gjekk gjennom hjartet til offeret. Fabrice D. blødde deretter ihel på fortauet.

Afghanaren rømde frå åstaden og sprang inn i skogen, men politiet arresterte han ein time seinare på asylmottaket han budde på i Wernau, ifølgje avisa Bild.

Ramin F. kom inn i Tyskland i 2022 og vart innkvartert i eit asylmottak i Hochdorf, men var visstnok stadig i slåsskampar med andre bebuarar i mottaket. Han vart overført til Wernau like før knivåtaket.

På same dag som brotsverket reiste han tilbake til Hochdorf, der han slost med ein omsorgsassistent medan han sa ‘Eg skal drepe deg’.

Påtalemakta indikerer at den afghanske mannen valde seg ut Fabrice D. som mål ‘på grunn av generell frustrasjon’. Mordet hadde som mål å sleppe ut ‘oppsamla aggresjon’.

Forsvararen hans har enno ikkje vitna, men ifølgje observatørane i retten fekk han forsvarsadvokaten sin til å fjerne ein kvinneleg tolk fordi han nekta å sitje ved sida av ei kvinne.

Det afghanske samfunnet er eit av dei mest patriarkalske samfunna i verda, og dette har ofte ført til diskriminering mot kvinner i Tyskland eller, i enkelte tilfelle, regelrett mord.

Eit av dei verste døma skjedde tilbake i 2021, då ein 29 år gammal mann frå Afghanistan alvorleg skadde ein gartnar som hadde jobba med buskvekstane i ein av parkane i Berlin. Ifølgje politiet likte åtaksmannen ikkje at gartnaren, som var kvinne, arbeidde. Han påførde òg alvorleg skade på ein eldre mann som kom springande for å hjelpe den angripne kvinna.

Ifølgje nyheitsbyrået DPA, tok afghanaren fyrst kontakt med den 58 år gamle gartnaren i ein park i Wilmersdorf-distriktet i Berlin, for so å plutseleg stikke ho i halsen fleire gonger. Kvinna vart kritisk skadd og var døden nær.»

Kommenter innlegget